Nordahl Grieg og teatret - ein bibliografisk
studie
Innledning
[Han tilhører legenden på et underlig vis;
menneskekjær, stridende og ensom, varm og stormende
på samme tid - en vestlandsk vår! Dessuten
var han påfallende av utseende: meget høy,
noe slengete, med et usedvanlig varmt blikk i et edelt,
buet ansikt. Nordahl Grieg var pågående heftig
og øm, overbevisende, meget talende og slagferdig.
(Johan Borgen 1945)]
Nordahl Grieg (1902–1943) var ei uroleg sjel.
Bergen og Norge blei for smått, derfor måtte
han ut i verda. Riktig nok hadde han lese mykje om
verda utafor, men han måtte sjølv oppleve
henne, og han ville dele opplevingane med andre. Nordahl
Grieg var ei skrivande sjel som utfalda seg innan eit
mangfald av sjangrar, både faglitteratur (brev,
essay, journalistikk) og skjønnlitteratur (epikk,
lyrikk og dramatikk). Her er det teatermennesket Nordahl
Grieg som skal trekkjast fram, både hans skjønnlitterære
og faglitterære produksjon, det vil seie Nordahl
Griegs aktivitet som dramatikar – ein av dei
viktigaste i norsk litteratur etter Ibsen – og
som teaterkritikar, altså både som utøvande
kunstnar og som kritisk observatør. Det Nordahl
Grieg skreiv om teater før han sjølv
blei dramatikar, har tidlegare ikkje vore tillagt særleg
vekt. Men her kan vi følgje hans eiga utvikling
innan teatret, vurdere overgangen frå teori til
praksis, frå kritisk publikummar til kreativ
sceneutøvar.
Når det gjeld dramatikaren Nordahl Grieg, er
det ikkje først og fremst skodespela som skriven
tekst som er interessant, men deira lagnad på teaterscenen.
Dette var sjølvsagt noko som også Nordahl
Grieg var sterkt oppteken av, særleg etter at
hans første to skodespel, En ung mands kjærlighet
og Barrabas, blei oppførte i 1927. Sjølv
om En ung mands kjærlighet blei skrive først,
er det Barrabas som med eit nødskrik markerer
Nordahl Grieg scenedebut, med sin urpremiere på Nationaltheatret
26. oktober, to dagar før Den Nationale Scenes
urpremiere på En ung mands kjærlighet.
Frå og med Atlanterhavet (skrive i 1931, oppført
i 1932) blir det teatrale aspektet enda meir synleg,
og scenetilvisingane meir utførlege og detaljerte.
Like før jul i 1931 var Nordahl Grieg i London
og såg Noel Cowards Cavalcade, og blei svært
begeistra for framsyninga: "(D)et var som en gudstjeneste
i teatret [...] jeg er overbevist om at teatret har
en stor ny fremtid, som den nu bare står på terskelen
til." (Intervju i Morgenbladet 23.1.1932) Etter
dette blei NG meir bestemt og meir sikker på kva
effektar han ville oppnå på scenen, noko
som ikkje minst viser seg i den dramatiske oppbygginga
av Vår ære og vår makt (1935). Men
det er stor forskjell på å skrive dramatikk
og å vere regissør. I februar 1933 hadde
NG sjølv regien for Atlanterhavet på Den
nationale Scene, ei iscenesetjing som tydeleg viste
at han mangla den nødvendige erfaringa og innsikta
til å setje dei sceniske ideane sine om i praksis.
I periodar av sitt liv gjekk Nordahl Grieg i teatret
så å seie kvar dag, ikkje minst under opphaldet
i Moskva 1933–34. All denne erfaringa kom vel
til nytte i hans to mest kjende skodespel: Vår ære
og vår makt (1935) og Nederlaget (1937), og i
mellomspelet Men imorgen – (1936). Med desse
seks skodespela markerte Nordahl Grieg seg sterkt som
dramatikar i mellomkrigstida, og blant dei viktigaste
aktørane i dette hundreårets norske dramatiske
litteratur og teaterhistorie.
Men allereie i sine første skodespel var det
tydeleg at Nordahl Griegs dramatiske ideal låg
nærmare opp til Shakespeare og Bjørnson
enn til til dømes Ibsen – med meir miljøskildring
og handling enn med analytisk og psyklogiserande menneskeskildring.
I staden for eit stramt og fortetta handlingsforløp
tok Nordahl Grieg i bruk ein modernistisk dramateknikk:
realistiske tendensstykke med stadig vekslande scenebilete
og massescener, samt eksperimentering med lys, dekorasjonar
og dramatiske effektar, inspirert av mellom anna filmen.
Oppsetjingane av skodespela hans stilte følgjeleg
også store krav til teatra, samtidig som dei
utfordra (og engasjerte) regissør og scenograf
til stadig å finne nye sceniske løysingar.
Men det var nok ikkje dei moderne scenepåfunna
som hadde sterkast verknad, det var nok den tydelege
tendensen. Derfor stilte også den konservative
Aftenposten seg svært kritisk til Nordahl Griegs
skodespel, særleg politiseringa, men det har
endra seg. Etter den vellykka urpremieren på Nederlaget på Nationaltheatret i 1937 samanlikna Aftenposten
(Anders Stiloff) stykket med eit tre timars langt og
trøyttande diskusjonsmøte, medan den
same avisa 30 år seinare let seg gripe av Fjernsynsteatrets
vakre og fengslande versjon (Anton Rønneberg).
"Det er ingen tvil om at Nordahl Griegs sosiale
drama kommer til å stå som et avgjørende
vendepunkt i norsk litteratur. Det peker fremover mot
en blomstring av den dramatikken som vi altfor lenge
har ventet på." Dette
skreiv Olav Storstein i 1937 (Det 20de Århundre.
Mot Dag nr 4), men blomstringa let vente på seg.
Kan hende med unntak av Jens Bjørneboe har ikkje
Norge hatt nokon dramatikar og teatermann av same format
som Nordahl Grieg – i dette hundreåret.
"- Har De tenkt å bli teaterchef i Bergen?
- Nei. Jeg håper jeg kan gjøre mere nytte
ved å skrive for teatret enn ved å lede
det. Teatret har sin chanse ved å operere med
hurtig mobile forestillinger som er beregnet på et
meget begrenset publikum. Teatrets opgave er jo å gi
nøiaktig hvad dette publikum trenger" (NG
intervjua i Arbeidet 6.12.1938)
Ikkje berre blei Nordahl Grieg fleire gonger intervjua
om sitt syn på teater, men han skreiv sjølv
fleire artiklar, held foredrag og var i ein tidleg
periode av karrieren fast tilsett i Oslo Aftenavis
som teatermeldar. Alt dette har eg freista å gje
eit oversyn over i kapitlet om kritikaren, underforstått
teaterkritikaren, Nordahl Grieg.
Til slutt følgjer eit bio-bibliografi over
Nordahl Griegs liv og virke.
Dramatikaren
Skriv Nordahl – og skriv for teatret, der har
du mere å utrette enn noen annen i vårt
land. (Hans Jakob Nilsen 1937)
|