Religion og
globalisering
-Eit
blikk på religion i verda, i dag
Religionar er
alltid knytte til stad. Dette gir utslag i mange variantar.
I det kulturar møtast dannar det seg nye kulturelle uttrykk. Ein etablert
religion tar opp i seg nye element, og vi har i dag konglomerat av religionar
som blir forma av menneske som rører seg både på religiøse og ikkje-religiøse
arenaar.
Vi finn i dag ein milliard kristne i verda, men det kristne uttrykket er ikkje eitt og same overalt. Kristendomen blir farga av det geografiske område han finst i. Syngande og dansande gospelkristne skil seg markant ut frå dei som deltar i søndagsgudstenestene i dei protestantiske kyrkjene. Det er likevel Jesus Kristus dei knyttar seg til, men ytringa blir farga av samfunnet dei kristne finn seg i.
Religion og det
moderne menneske
På sekstitalet trudde ein at religionen ville tape terreng for det ”moderne”.
Men trua på at aukande modernisering og sekularisering av verdssamfunnet ville
føre til at religionane trakk seg attende frå den offentlege arenaen viste seg å
slå feil. I dag ser det ut til at verda gjennom den siste halvdelen av det 20.
århundre har opplevd ein religiøs renessanse. Ein finn i dag mange stader i
verda ei religiøs revitalisering.
Etableringa av ein islamsk stat styrt av lovene i Koranen i Iran etter
revolusjonen i 1979, har blitt eit ideal for mange grupperingar i muslimske
land.
I opposisjon til moderniseringsprosessar og sekulariseringsprosessar har delar
av den muslimske verda vendt attende til grunnleggjande muslimske verdiar og
normer.
I India har
hinduismen blitt meir synleg i den offentlege sfæra gjennom ei aukande
oppslutning til hindupartiet Bharata Janartha Party, som blei stifta i 1980 og
som fekk regjeringsmakt i 1996. Ortodokse jødar i Israel har stadig vore framme
i biletet som motstandarar av moderne og sekulære idear.
I USA har ekspansjonen frå konservative kristne miljø som Christian Coalition
vore sterk, og påverknaden deira nådde langt inn i det politiske systemet under
republikanske presidentar som Ronald Reagan; Og no ser vi det enno ein gong
under regimet til George W. Bush.
Utstillinga på
UBBHF
Denne utstillinga viser det rike spekteret religionen tilbyr menneske. Her
får sjåarane presentert religionar slik dei kjem til uttrykk mellom anna i
Noreg, i USA, i Nigeria og på Cuba. Religionen er med på å forme menneske og
menneske formar religionen. Menneske bruker religion for å legitimere makt og
han kan inspirere til opprør i visse politiske situasjonar, men religion brukast
også i kunst, i dans og for å vidareformidle og fornye kulturell arv.
Alle hovudoppgåver vi presenterer er oppgåver frå Institutt for religionsvitskap
ved Universitetet i Bergen.
Bøkene er bøker utgitt ved Institutt for Religionsvitskap.
Bilete og
illustrasjonar er lånt frå tidligare hovudfagsstudentar og tilsette ved same
institutt.
-Takk til
Richard Natvig og Einar Thomassen for utlån av religiøse rekvisittar og bilete.
Takk til Liv Ingeborg Lied og Håkan Rydving for faglig konsultasjon.
Utstillinga er arrangert og satt saman av Solveig M. L. Kavli
Ho vil stå fram til midten av august 2003