Frederik Ludvig Konow Lund (1889-1970)
Etter ei tid som assistent hos arkitekten Ole Landmark starta Frederik Konow Lund eige arkitektkontor i Bergen i 1919. Han er først og fremst kjend for
sine mange einebustader i og rundt Bergen, for sin moderne arkitektur med lokalt
særpreg og nær samanheng mellom bygning og terreng. Mange av husa har ei fri og
utradisjonell romdisponering, gjerne med utvendig skorstein og bruk av gråstein.
Blant dei mest kjende er Villa Blaauw i Årstadveien 19 og ein villa i
Storetveitveien 33, begge frå 1926-1927, samt fleire villaer på Kråkenes, som
til dømes Villa Konow frå 1936 (sjå bileta under henta frå boka Villa : 21 arkitekttegnede eneboliger
av Niels Marius Askim med fotografi av Morten Brun. - Oslo : Gyldendal fakta, 2001).
Konow Lund har også utført mange restaureringsarbeid, til dømes
Rosenkrantztårnet, Kommandantbustaden på Bergenhus, Nonneseter kloster som
minnehall, Fana kirke, Nykirken og Hamre kyrkje. Her finn du
meir informasjon om
arkitekturen i mellomkrigstida og fleire bilete.
|