Universitetsbiblioteket i Bergen : Utstillinger : Arkitektar i Bergen

Leif Grung (1894-1945)

Etter utdanning og opphald i utlandet slo Leif Grung seg ned i heimbyen Bergen i 1923, og fekk straks tildelt store utbyggingsprosjekt. Det første var rundt 180 småhus på Nymark, oppførte i perioden 1923-29 med klart nyklassisistiske stiltrekk. Deretter følgde 17 funksjonalistiske einetasjars einebustader på Årstad (1927-30) og Langhaugens Egne hjem der husa stilmessig blir hevda å vere i ”norditaliensk villastil”. Nemnast skal også 40 dobbelthus på Blekenberg nedanfor Løvstakken, samt Jægers Minde, nærmare 80 bustader i området Hegreneset - Jægersmyren, dei fleste i funksjonalistisk stil med flatt tak, store vindauge etc. Leif Grung står også bak eit trettitals villaer i Tveiteråsskogen, fleire villaer på Starefossen/Fjellveien (t.d. Villa Lau-Eide), og bungalowar i Fridalen.
        Av større forretnings- og næringsbygg kan vi nemne Kalmarhuset i Jon Smørsgate, Blaauw-gården i C. Sundtsgate, Statens kornsilo på Vaksdal og Janus-fabrikken på Espeland. Her finn du meir informasjon om arkitekturen i mellomkrigstida i Bergen, om Leif Grung og fleire bilete.


Kalmarhuset. (Henta frå boka Norsk modernistisk arkitektur : om funksjonalismen 
av Wenche Findal. Oslo: Cappelen, 1996.)


Langhaugens Egne hjem. (Henta frå Arkitektur i Norge. Årbok 1993 utgjeven av Norsk
arkitekturmuseum.)


Nymark


strekOffisiell side
Sist oppdatert 07.04.06 av jog.
til denne siden.