Universitetsbiblioteket i Bergen : Utstillinger : Arkitektar i Bergen

Per Grieg (1897-1962)

I 1923 opna Per Grieg eige arkitektkontor i Bergen, og blei ein av dei mest brukte arkitektane i heimbyen. Han var både allsidig og særprega. For han var det bygningens plassering og funksjon som bestemte val av form og materiale, ofte med ein rektangulær bygningskropp i sentrum. Utviklinga hans kan vi følgje frå nyklassisistisk stil i dei første arbeida, til dømes telefonsentralen i Ibsengate i 1928 og Handelstandes aldershjem på Årstad i 1929, og til det som skulle bli hans varemerke: funksjonalismen, med Sundt Varemagasin på Torgallmenningen i 1937 som det mest kjende.
        Andre Per Grieg-bygg i byen er Haraldsplass sykehus frå 1940, melsiloane på Hegreneset frå 1946, Bontelabo frå 1946, Bergens Trygdekasse frå 1948 (i dag: Det psykologiske fakultet), BDSs adminstrasjonsbygg med hotell Orion frå 1958 og Bergens Sjøfartmuseum frå 1962. I tillegg teikna han ei rekkje villaer. Her finn du meir informasjon om arkitekturen i mellomkrigstida i Bergen, om Per Grieg og fleire bilete.
         Bileta av Sundt-bygget og Sjøfartsmuseet er henta frå boka Arkitekt Per Grieg : stor kunstner, stort menneske, redigert av Truls Grung. - Bergen : Halfdan Grieg, 1997. Biletet av aldersheimen på Årstad er henta frå Arkitektur i Norge. Årbok 1996 utgjeven av Norsk arkitekturmuseum. Dei andre bileta er frå K. Knudsens nyare samling, Billedsamlingen, UBB.

 
Sundt Varemagasin: modell og det ferdige resultat.

   


Handelstandens aldershjem på Årstad  

   

Bergens Sjøfartsmuseum sett frå ulike vinklar

 


strekOffisiell side
Sist oppdatert 07.04.06 av jog.
til denne siden.