Universitetet i Bergen : Universitetsbiblioteket i Bergen
Utstilling i forhallen I
samband med at Nobelprisen er 100 år i år syner UBBHF utstillinga Nobelprisen 100 år
Nobelprisen i litteratur 1901 – 2000Liste over alle prisvinnarane. Ifølgje Nobels testamente skulle litteraturprisen gå til ”den som innanfor litteraturen har produsert det mest utmerka i idealistisk retning”. Svenska Akademien har heilt frå starten av måtta tola ein knusande kritikk for sine etter måten svært omdiskuterte tildelingar. Dei første åra greidde akademiet å la vere å dele ut prisen til nokre av dei mest klare kandidatane, som dermed aldri fekk prisen, m.a. Leo Tolstoj, Stefan George, Rainer Maria Rilke, Mark Twain, Thomas Hardy, James Joyce, Henry James, Paul Valéry, Emile Zola, Paul Claudel, August Strindberg og Henrik Ibsen. Det har blitt hevda som ein av dei alvorlegaste urettane i Nobelprisens historie at ikkje Ibsen fekk prisen, eller at prisen blei delt mellom han og Bjørnson. Begge blei foreslått både i 1902 og 1903. Historia fortel at Ibsen skal til og med ha fått beskjed om at han ville få utmerkinga, men at Bjørnson trua med å avslå dersom han måtte dele prisen med ein annan. Svenska
Akademien har blitt kritisert for å ha gjeve prisen til ikkje skjønnlitterære
forfattarar, til filosofar som Rudolf Eucken i 1908, Henri Bergson i 1927 og
Bertrand Russell i 1950, til historikaren Theodor Mommsen i 1902 og til
statsmannen Winston Churchill i 1953. Det har også blitt lagt merke til at
utdelingslandet har gjeve prisen til heile seks av sine eigne forfattarar. Til
samanlikning har prisen gått til tre danske og tre norske forfattarar. Vi vil
her trekkje fram dei tre norske: Bjørnson, Undset og Hamsun, samt nokre få
enkeltnamn som ikkje alle er like kjende i Noreg: Patrick White (Australia),
Wole Soyinka (Nigeria), Derek Walcott (Antillene), Kenzaburo Oe (Japan) og
Wislawa Szymborska (Polen).
fekk
Nobelprisen i 1903 "as a tribute to his noble, magnificent and versatile
poetry, which has always been distinguished by both the freshness of its
inspiration and the rare purity of its spirit". Bjørnson vekte
oppsikt då han året etter dediserte sitt nye skodespel Daglannet til
“Det Svenske Academie i taknemlighed” – visstnok som den einaste i
litteraturprisens historie. Les Bjørnsons
tale ved tildelinga (= Nobelforedrag).
fekk
Nobelprisen i 1928 "principially for her powerful descriptions of Northern
life during the Middle Ages". Kristin Lavransdatter er omsett
til mange språk, m.a. engelsk, fransk og polsk. Les Undsets
tale/Nobelforedrag.
fekk
Nobelprisen i 1920 "for his monumental work, Growth of the Soil", Markens
Grøde. Den blir her presentert i ei fransk utgåve, saman med ei
tysk utgåve av Sult, ei engelsk utgåve av Landstrykerne og ei
spansk utgåve av Mysterier. Les Hamsuns
Nobelforedrag.
frå
Australia fekk Nobelprisen i 1973 "for an epic and psychological narrative
art which has introduced a new continent into literature". Les
heile grunngjevinga.
frå Nigeria fekk Nobelprisen i 1986. Grunngjeving: “who in a wide
cultural perspective and with poetic overtones fashions the drama of
existence". Les W. Soyinkas Nobelforedrag.
frå
Saint Lucia på Antillene fekk Nobelprisen i 1992 “for a poetic oeuvre of
great luminosity, sustained by a historical vision, the outcome of a
multicultural commitment". Les D. Walcotts Nobelforedrag. frå Japan fekk Nobelprisen i 1994. Grunngjeving: ”who with poetic force creates an imagined world, where
life and myth condense to form a disconcerting picture of the human predicament
today". Les K. Oes Nobelforedrag.
frå
Polen fekk Nobelprisen i 1996 "for poetry that with ironic precision allows
the historical and biological context to come to light in fragments of human reality".
Les W. Szymborskas Nobelforedrag.
|
|
|