- Universitetsbiblioteket
i Bergen (UB) låner ut bøker og anna materiale, og gjev tilgang til informasjon i
elektronisk form til studie- og forskingsbruk.
-
Lån av bøker og andre dokument
krev lånekort ved universitetsbiblioteket. Lånekortet gjeld ved alle
avdelingsbiblioteka. Lånekortet er personleg. Tap av kort må snarast meldast
til biblioteket. Lånar pliktar å sjå til at opplysningane om adresse,
telefon, e-post m.m., er korrekte. Ein får lånekort mot framvising av gyldig
legitimasjon med bilete. Studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen
brukar eige studie-/id-kort som lånekort.
-
Universitetsbiblioteket brukar
e-post til å senda melding til lånarane.
-
Normal lånetid er 4
veker. Lånetida må haldast. Ved reserveringslister kan lånetida kortast
ned. For pensumlitteratur gjeld eigne reglar. Noko materiale er pålagd
spesielle lånerestriksjonar. Bøker som blir kalla inn til bruk for andre,
må leverast straks. Andre lån kan normalt fornyast. Ved lengre fråver skal
utlånt materiale leverast inn. Det er ikkje tillate å ta lånt materiale ut
av landet. Vidarelån til andre er ikkje tillate.
-
Når utlånt
materiale ikkje er innlevert etter to purringar, vil lånar ved utsending
av innkalling tredje gong bli nekta vidare lån. For å få oppheva
lånestopp, må lånar levera inn det utlånte materialet, og betala eit gebyr.
-
Lånar som ønskjer
det, kan få kvittering for innlevert materiale.
-
Lånar må erstatta
tapt eller skadd materiale. Understreking eller notering i bøker blir
rekna som skadeverk. Tapsmeldt materiale som seinare kjem til rette, er
framleis biblioteket sin eigedom. Erstatningssum, minus gebyr og kostnader
som biblioteket har hatt, kan refunderast mot framvising av kvittering for
betalt erstatning.
-
Tidsskrift er
normalt ikkje til heimlån. Det er høve til å kopiera frå tidsskrift. I
alle utlånsavdelingane har lånar tilgang til kopimaskin for kopiering ved
hjelp av ansattkort/studentkort eller ved
kjøp av kopikort. Elektroniske tidsskrift og andre elektroniske dokument
kan lesast på alle PC-ar knytte til Universitetet sitt nettverk.
-
Reglar for Biletsamlinga, sjå:
http://www.ub.uib.no/knudsenbilder/knudsen/om_bruk.asp
Reglar for andre spesialsamlingar, sjå:
http://www.ub.uib.no/avdeling/spes/
-
Utanbys lånar skal
normalt låna via næraste bibliotek. Fjernstudent registrert ved
Universitetet i Bergen kan ta kontakt direkte med Universitetsbiblioteket.
-
UB kan låna inn
studie- og forskingsrelevant litteratur frå andre bibliotek for tilsette
og studentar ved UiB.
-
For nokre tenester krev
biblioteket gebyr frå brukar. Meir informasjon om dette finst
her.
-
Brot på lånereglane
kan føra til tap av rett til lån og andre tenester.
-
Det kan i særskilte
høve bli gitt dispensasjon frå lånereglane.
April 2003.