Universitetsbiblioteket i Bergen

 

MØTE I UNIVERSITETSBIBLIOTEKETS STYRE 13.09. 2007
SAK S 18/2007

 

Arkivkode 212.1

Sak nr. 07/12473

 

 

UNIVERSITETSBIBLIOTEKAR VED SPESIALSAMLINGANE. UTLYSING.

Til spesialsamlingane er det i dag knytt ein halv stilling som fagreferent med norrøn filologi som spesiale i fagkrinsen. Samlingane har tidlegare også hatt ein fagreferent med historie i fagkrinsen. Etter at Knut Espelid gjekk av med pensjon har det til samlingane ikkje vore knytt ein stilling med kompetanse på bergensk historie.

Det er no behov for å gjera eit stort bergensk forskingsmateriale tilgjengeleg. Det gjeld  handelsarkiva, manuskriptsamlingane og diploma som mellom anna omhandlar grunnforholda i Bergen der bybrannar har øydelagt anna relevant materiale for einskilde periodar. Bibliotekdirektøren foreslår derfor at det vert lyst ut ein stilling som universitetsbibliotekar med vekt på bergensk historie knytt til spesialsamlingane. Det er ikkje rom for å auka stillingsramma. Det er derfor ein føresetnad at stillinga vert lyst ut internt på Universitetsbiblioteket.

Bibliotekdirektøren fremjar ut frå dette følgjande

forslag til vedtak:

Det vert lyst ut ei stilling som universitetsbibliotekar innan bergensk historie knytt til spesialsamlingane. Det er ein føresetnad at stillingsramma ikkje aukar. Stillinga vert derfor å lysa ut internt på Universitetsbiblioteket. Bibliotekdirektøren får fullmakt til å utforma utlysingstekst for stillinga.

 

06.09.07

KG/MM

strekOffisiell side
Sist oppdatert 06.09.07 av jer.
til denne siden.