10. juni 2005
MANDAT OG SAMANSETJING
Hausten 2003 og
våren 2004 vart det gjennomført eit leiarutviklingsprogram for
bibliotekdirektøren, avdelingsleiarane, dei tillitsvalde og hovudverneombodet
ved Universitetsbiblioteket. Under
gjennomgang av temaet ”Avklaring av roller/funksjonar ved UB i Bergen”
konkluderte deltakarane med at det er behov for å sjå nærare på korleis UB er
organisert. Det vart presisert at for å få ein fleksibel, dynamisk og effektiv
organisasjon bør direktøren ha ei lita leiargruppe. Det vart tilrådd ei
leiargruppe på maksimum 5-6 personar. Bibliotekdirektøren la saka fram for UB sitt
styre i møte
Styret gjorde følgjande vedtak:
Det oppnevnes en arbeidsgruppe som får følgende
mandat:
Det utarbeides et forslag til en
organisering av Universitetsbiblioteket i lys av følgende:
·
Vurdere avdelingenes størrelse i forhold til fleksibilitet for å
- kunne videreutvikle og utnytte
bibliotekpersonalets kompetanse best mulig
- tilby best mulig bibliotek- og informasjonstjenester
til fagmiljøene.
·
Vurdere spørsmålene omkring faglige enheter
ved UiB i forhold til UBs
avdelingsstruktur
·
Vurdere
avdelingsstruktur i forhold til behovet for en
effektiv ledergruppe
ved UB
Arbeidsgruppen
skal bestå av bibliotekdirektøren og ett
medlem fra hver av følgende grupper: fakultetsbibliotekarene, hovedbibliotekarene,
administrativt/teknisk personale og bibliotekdirektørens stab. I tillegg bør det være ett medlem fra Personal- og
økonomiavdelingen. Følgende medlemmer oppnevnes i arbeidsgruppen:
Bibliotekdirektør
Kari Garnes
Hovedbibliotekar Brita Hekland
Fakultetsbibliotekar
Ane Landøy
Konsulent
Kari Songstad
Kontorsjef
Avdelingsleder Ole Gunnar Evensen
Seniorrådgiver Øystein L. Iversen, Personal- og
økonomiavdelingen
Arbeidsgruppa fekk frist til
Arbeidsgruppa har hatt 5 møte og medlemene har
også kome med innspel på e-post.
RAMMER OG FØRESETNADER FOR
ENDRINGAR
Ut frå dei signal universitetsdirektøren har gjeve er det ein
føresetnad at bibliotektenestene ved UiB
skal vera organisert i ein eigen eining, slik som i dag. Det er heller ikkje
aktuelt å føreslå endringar som inneber flytting av heile avdelingar til andre
bygningar. Ei slik endring må innarbeidast i Universitetet sine arealplanar.
Vidare er det ein føresetnad at tilvisingsmynde og økonomiforvalting framleis
skal vera hjå bibliotekdirektøren. Utgangspunktet er dessutan at tal årsverk
ikkje skal utvidast totalt. Ein eventuell reduksjon i samla tal årsverk skal
skje ved naturleg avgang.
ORGANISERINGA I DAG
Bakgrunn
På 1990-talet vart arbeidet med
desentralisering av UB sine tenester i organisatoriske einingar knytt til kvart
fakultet (fakultetsbibliotek) fullført. Den nye organiseringa av
fakultetsbibliotek var både ei sentralisering av instituttbibliotek og ei
desentralisering av sentrale samlingar og tenester. Føremålet med
fakultetsbiblioteka var å gje tilbod så nær brukarane som mogleg i form av
opne, direkte tilgjengelege samlingar. Inndelinga
etter fakultet var naturleg også av omsyn til
samlingsutvikling og fordeling av innkjøpsbudsjett. Det vart også gjort
ei vurdering av om oppgåver som katalogisering og tilvekst skulle utførast
sentralt eller desentralt. Desse tenestene var organisert i eigne sentrale avdelingar.
Katalogisering vart flytta ut til fakultetsbiblioteka medan tilvekst framleis
skulle utførast i ein sentral avdeling. Besøk og utlån auka markant dei første
åra etter at desentraliseringa vart gjennomført.
Organisering i
dag/fullmakter
UB si organisering går fram av
organisasjonskartet i vedlegg 1. Slik avdelingane er organiserte i dag, er alle
som er knytt til avdelinga samlokaliserte med unntak av Det medisinske og det odontologiske
fakultetsbibliotek der to tilsette har arbeidsplass på Årstadvollen medan dei
andre har arbeidsplass på Bygg for biologiske basalfag. Det
historisk-filosofiske fakultetsbiblioteket har lokale både i eigen bygning på
Haakon Sheteligs plass og i bygninga til HF-fakultetet, med tenester til
brukarane i begge bygningane. Men desse lokala heng saman med gjennomgang i
underetasjen og vert derfor gjerne sett på som ei samla fysisk lokalisering.
Avdelingsleiarane har ansvar for drift av brukartenester med vekt på
samlingsutvikling, utlån og bibliotek- og informasjonsverksemd. Dei har også
personalansvar. Budsjettfullmakta ligg hjå bibliotekdirektøren, der fakultetsbiblioteka
får disposisjon av litteraturmidlar innan tildelte rammer.
Følgjande oversikt viser
personalressursar (årsverk) fordelt på avdelingane:
Pers./Avd. |
HF |
MN |
MED |
SV |
PS |
JUR |
BS |
Tilv |
IT |
Adm |
sum |
Avd.l/Fak.bibl./ Førstebibl./univ.bibl. |
8 |
5 |
2 |
3,5 |
3 |
1,8 |
1 |
1 |
1 |
1 |
27,3 |
Bibliotekarer |
11,5 |
5 |
5,5 |
2,5 |
2 |
3 |
|
3,5 |
|
|
33 |
Kontor/sakshands./ andre |
9,7 |
2,9 |
3,4 |
2,4 |
1,4 |
2,2 |
4 |
3,5 |
2 |
5,6 |
38,2 |
Sum |
30,2 |
12,9 |
10,9 |
8,4 |
6,4 |
7 |
5 |
8 |
3 |
6,6 |
98,5 |
HF - Det
historisk-filosofiske fakultetsbibliotek
MN - Det
matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek
MED - Det
medisinske og det odontologiske fakultetsbibliotek
SV - Det
samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek
PS - Det
psykologiske fakultetsbibliotek
JUR - Det
juridiske fakultetsbibliotek
BS - Biletsamlinga
Tilv - Tilvekstavdelinga
IT - IT-avdelinga
Adm - Administrasjonen
Bibliotekdirektøren er ikkje
inkludert i tala i tabellen.
Spesialsamlingane er organisert
under HF og har 5,5 årsverk fordelt med
førstebibl.: 0,5 årsverk og kontor/sakshands.: 5 årsverk.
Hovudoppgåver:
- Bibliotekfunksjonar retta mot:
- Forsking
- Utdanning
- Kunnskapsforvaltning og formidling
- Kulturhistoriske oppgåver som gjeld bevaring, tilgjengeleggjering
og formidling av kulturhistorisk materiale i trykt og fotografisk form
- Nasjonalt og internasjonalt samarbeid
VIKTIGE ENDRINGAR OG
FRAMTIDIGE UTFORDRINGAR
- Oppbygging av det digitale
biblioteket med aukande elektronisk dokumentlevering til brukarane. Handsaming
av dokumenta er dermed meir uavhengig av geografisk plassering.
- Utbygging av læringssentra
ved alle fakultetsbibliotek med krav til auka kompetanse for alle tilsette,
både pedagogisk og innan data
- Større krav
til arbeidsgjevar- og leiarfunksjonen
- Overføring av
ansvar og mynde for oppgåver innan personalfeltet til UB frå
sentraladministrasjonen ved UiB
- Overføring av
it-tenester frå UB si IT-avdeling til den sentrale IT-avdelinga ved UiB
- Stort fokus
på effektivisering av personalressursar
- Å ta ut
gevinst ved overgang frå papir til elektroniske dokument
- Å forvalta
eigne digitale samlingar
På grunn av aukande elektronisk
dokumentlevering har brukarane eit stadig mindre behov for å oppsøkja
biblioteket fysisk. Informasjonen er tilgjengeleg på brukaren sin
arbeidsplass. Samstundes opplever vi at kvalitetsreforma
stiller krav til ein kontinuerlig arbeidsinnsats frå studentane på ein annan
måte enn før. M.a. må studentar på lågare grad bruka annan litteratur enn
pensum aktivt i læringsprosessen. Læringssentra på biblioteka med god tilgang
på informasjon, tilbod om opplæring i informasjonskompetanse, pc-arbeidsplassar
og kollokvierom er derfor ein naturleg arbeidsplass for stadig fleire studentar. Sjølv
om det i aukande grad er elektronisk dokumentlevering, har studentane likevel
behov for arbeidsplass i biblioteket med tilgang til dei fysiske samlingane og kvalifisert
rettleiing. Dette er erfaringar andre bibliotek og har gjort.
DRØFTING I HØVE TIL MANDATET
Definisjonar
Med ei avdeling sin storleik er her meint ei
organisatorisk eining som kan ha underliggjande einingar som er lokaliserte
anten ein eller fleire stader. Leiar for ei organisatorisk eining skal i kraft
av sin styringsrett organisera,
leia og fordela arbeidet.
Med ei effektiv leiargruppe er her meint ei
gruppe som har vilje til å styra mot vedtekne mål, har evne til å sjå overordna
problemstillingar og sameinast om strategiske val, er lojal mot dei vedtak som
er fatta, er handlekraftig og kreativ, tek arbeidsgjevarrolla på alvor og kan
møtast ofte.
Vurdera
avdelingane sin storleik i høve til fleksibilitet for å
-
kunna vidareutvikla og utnytta bibliotekpersonalet sin kompetanse best mogleg
-
tilby best mogleg bibliotek- og informasjonstenester til fagmiljøa
Etter komiteen si vurdering
er det særleg fleksibilitet ved fråvær, undervisingstilbod for studentar på
alle nivå, støttefunksjonar mot brukarane, mengd personalressursar og personalet
sin kompetanse som bør drøftast under dette punktet.
Planlagt
fråvær
Planlagt
fråvær er t.d. deltaking i kurs, konferansar, prosjekt o.l. som det kontinuerleg
er behov for. Store avdelingar vil gje meir rom for å avsetja tid til
oppdatering av kunnskap for medarbeidarane og likevel kunne halda avdelinga i
normal drift. Store avdelingar gjev også større fleksibilitet med omsyn til å fordela arbeidet slik at ein kan nytta fullt ut den
kompetansen personalet til ei kvar tid har. Då vil ein også sikra at kvar
avdeling held vedlike og vidareutviklar meir spesialisert kompetanse og kan gje
fullstendige tenester lokalt. På ei lita avdeling vil det vera større behov for
at alle tilsette må gjera ein stor del rutineoppgåver og at ein såleis ikkje
får nytta meir spesialisert kompetanse godt nok. På den eine sida kan det vera
sløsing å bruka folk med god kompetanse på meir avanserte oppgåver til enklare
oppgåver dersom dette utgjer ein stor del av arbeidstida. Men på den andre sida
kan ei lita avdeling føra til at alle dei tilsette får meir varierte oppgåver.
Det kan heva kompetansen generelt på avdelinga og gjera arbeidsdagen meir
interessant for alle. Dette reiser sjølvsagt også spørsmålet om kva for
oppgåver som treng gjerast på kvar avdeling og kva for oppgåver som bør gjerast
sentralt ut frå både effektivitets- og kompetanseomsyn. Me vil her peika på nokre
tenester i biblioteket som i dag er desentraliserte, som t.d. katalogisering og
fjernlån av elektroniske dokument. Det bør vurderast om spesialiserte oppgåver som ikkje vert utførte direkte i samhandling
med brukaren kan utførast i eit større fagmiljø uavhengig av lokal tilknyting. Det
kan t.d. skje som rotasjon, der ein delvis er medlem i ei sentral gruppe som
utfører arbeid etter behov og delvis er plassert på eit fakultetsbibliotek med
andre oppgåver, eller at det vert oppretta ei eining under ei avdeling som
utfører desse tenestene for heile UB.
Uplanlagt fråvær
Uplanlagt
fråvær er sjukefråvær. Store avdelingar vil vera meir fleksible ved sjukefråvær
i høve til å oppretthalda normal drift. For å få fleksibilitet på små
avdelingar kan ei løysing vera å oppretta ein vikarbank med tilsette frå alle
avdelingane ved UB. Ved behov låner ei avdeling ein arbeidstakar frå ei anna
avdeling. Tilsette i deltidsstilling kan også få auka stillinga si for å
arbeida ved ei anna avdeling for ein periode. Spørsmålet her er korleis dette skal administrerast og av kven. Då
desse vikarane inngår i dei daglege oppgåvene på si avdeling, er det vanskeleg
å tenkja seg bruk av desse uavhengig av samtykke frå avdelingsleiaren. Det mest
rasjonelle er derfor direkte samhandling mellom avdelingsleiarane utan
mellomperson i Administrasjonen. Ordninga føreset at avdelingsleiarane i kvart
tilfelle må verta samde om kven som kan lånast ut og kor mykje. Men når det
gjeld deltidstilsette som får auka stillinga si, har dette ei økonomisk side
som i alle tilfelle må avklarast med administrasjonen.
Fagtilpassa undervising
UB
har som følgje av kvalitetsreforma innført nye fagtilpassa undervisingstilbod
for studentar på alle nivå. Bibliotektilsette må dermed undervisa meir/driva
meir systematisk opplæring enn tidlegare, og dette er ressurskrevjande. Store
avdelingar vil vera mykje meir fleksible enn små avdelingar i høve til å gje
eit godt tilbod då det er eit spesialisert personale som normalt utfører denne tenesta.
Generell undervising
Generell undervising i
informasjonskompetanse for oppgåveskriving er uavhengig av fagområde og kan
gjerast på tvers av avdelingane. Nokre personar kan t.d. ha dette som særleg
oppgåve. Små avdelingar kan såleis oppretthalda fleksibilitet
ved at det vert oppretta undervisingsgrupper med bibliotektilsette som
underviser på generelt nivå på tvers av avdelingsgrensene.
Støttetenester
Kvalitetsreforma stiller nye krav til biblioteket si totale tenesteyting medan ny teknologi opnar for nye måtar å yta tenestene på.
Stikkorda er informasjonskompetanse og elektroniske publikasjonar. Informasjonen er ikkje lenger stadbunden. Studentane treng meir enn før
læra å henta fram og bruka informasjon.
UB organiserte seg frå slutten av 80-talet med
fakultetsbibliotek lokalisert til kvart fakultet. Dette har hatt føremoner i
høve til brukarane ved geografisk nærleik. I tillegg har også dei ulike
fakultetsbiblioteka, særleg gjennom fakultetsbibliotekaren og fagreferentane,
hatt ein fagleg nærleik til tilsette og studentar ved ”sitt” fakultet. Kvart
fakultet skal i høve til reglar for Universitetsbiblioteket oppnemna eit
bibliotekutval som skal vera kontaktorgan
for bibliotekfaglige spørsmål mellom institutt, fakultet og UB. Fakultetsbiblioteket
har eit fast medlem som normalt er fakultetsbibliotekaren. Ikkje alle
bibliotekutvala fungerer etter intensjonen i reglementet.
Det har dei siste åra vore stort press på den
tradisjonelle organisasjonsstrukturen ved UiB med omsyn til tverrfagleg og
tverrfakultær forskingsaktivitet og studiar og endringar i fagleg organisering
ved oppretting av programstyre og etablering av forskingsgrupper. Kvalitetsreforma
legg til rette for at studentane i aukande grad kan vera knytt til fleire
fakultet/fagområde. Fakulteta har også fått færre og større institutt, m.a. for
å profesjonalisera og styrka leiarrolla med tilsette instituttstyrarar. Det vert
i 2005 vurdert eit nytt helsefakultet som inneber ei samanslåing av medisinske,
odontologiske og psykologiske fagområde.
Omorganisering av dei faglege einingane ved
UiB vil truleg vera ein kontinuerleg prosess. UB bør derfor få ein organisasjonsstruktur
som anten er heilt uavhengig av organisering av dei faglege miljøa ved UiB
eller lett kan tilpassast ulike organiseringar av desse. Det er komiteen si
vurdering at UB si organisering ikkje treng spegla UiB si faglege organisering
slik det er i dag. Det kan t.d. vera like rasjonelt å organisera etter ulike funksjonar.
Ei leiargruppe kan sjåast på det som i teorien
vert omtala som team. Ein definisjon inkluderar m.a. desse elementa:
- forpliktar seg til å nå eit felles mål
- møtast med jamne mellomrom
- samarbeider effektivt og påverkar kvarandre
positivt
- produserer dei resultata som organisasjonen
har bruk for
Nokre føresetnader for eit godt samarbeid:
- avklarte normer/reglar for samspel
- semje om mål
- kjensle av ansvar både for prosess og
resultat
- vilje til å yta noko for fellesskapet, ikkje
berre hausta eigne fordelar
Medlemene i leiargruppa bør ha
instruksjonsmynde nedover i organisasjonen for å kunna forankra vedtak. Alle
avdelingsleiarar bør derfor vera med i leiargruppa. Med instruksjonsmynde
følgjer også informasjonsansvar.
Avdelingsleiarane si hovudoppgåve er å
organisera arbeidet innanfor eiga avdeling. Leiaren skal fremja ei god personalforvalting
og gode faglege vedtaksprosessar. Leiaren skal vera ein kunnskapsleiar og skal
ha fagleg forståing, men gjera nytte av fagleg spesialkompetanse hjå sine
medarbeidarar.
Ei effektiv leiargruppe i høve til
organisasjonsstruktur kan vurderast i lys av følgjande spørsmål:
- Kor mange
medlemer bør ei leiargruppe ha for å vera mest mogleg effektiv?
- Brukar færre
leiarar samla mindre ressursar på administrasjon enn leiarane ved UB i dag gjer
totalt?
- Må
avdelingsleiaren vera fysisk plassert i same bygning som sine medarbeidarar ut
frå eit behov om synleg leiing?
- Er inndeling
i fagområde knytt til kvart fakultet ei nødvendig avgrensing for ei avdeling
eller er det like føremålstenleg å organisera einingar etter funksjonar?
- Skal administrative
og faglege oppgåver som vert utført sentralt vera organisert i ei avdeling?
Storleik
Dersom ei leiargruppe skal vera effektiv meiner
komiteen at semje om overordna mål og strategiske
val er det mest sentrale. Det er lettare å ha fokus på overordna mål i ei lita
gruppe enn i ei stor gruppe. Røynsle frå store leiargrupper ved UB viser at det
kan vera vanskeleg for alle i gruppa å halda fokus på overordna
problemstillingar. Ut frå dette vil det vera føremålstenleg at gruppa er liten.
På den andre sida kan ein hevda at ei større gruppe sikrar meir mangfald i
kompetanse som er nødvendig for å handtera faglege og administrative
utfordringar. I dag har UB ei leiargruppe på 12 personar. Det er etter komiteen
si vurdering for mange i høve til å vera effektiv.
Ressursar
Det
er rimeleg grunn til å tru at ei lita leiargruppe vil arbeida meir effektivt
enn ei stor gruppe, t.d evna til å arbeida konstruktivt med strategiske saker
for UB og i høve til tidsbruk på møte. Tidsbruk på saker mot administrasjonen
som t.d. budsjett- og årsmeldingsarbeid vil vera om lag det same anten
avdelinga er stor eller liten. Arbeid med personalsaker vil sannsynlegvis vera
det same pr. årsverk uavhengig av tal leiarar. Færre avdelingar, og dermed
færre leiarar, vil dermed føra til at det samla blir brukt mindre tid på slike
saker. Men store avdelingar, og eventuelt avdelingar som har einingar i fleire
bygningar, kan føra til meir tidsbruk for avdelingsleiarar i høve til
koordinerings- og informasjonsarbeid. Denne tidsbruken må vurderast opp mot den
samla tidsbruken som fleire leiarar medfører. Det er vanskeleg å vurdera
effekten av dette.
Synleg
leiing
Dersom ei avdeling har fleire einingar i ulike
bygningar er det vanskeleg for avdelingsleiaren å vera synleg for
medarbeidarane sine i det daglege. Men i praksis er avdelingsleiaren ofte
opptatt med møte, reiser og liknande og det er ikkje sikkert at leiaren er meir
synleg på ei lita avdeling enn på ei stor avdeling. Ansvaret for den daglege
drifta ved ei eining kan leggjast til andre enn avdelingsleiaren. UB har i dag
ei avdeling som er fysisk plassert i to bygningar, Det medisinske og det
odontologiske fakultetsbibliotek.
Avdelingsstruktur
– fagleg organisering
I dag er avdelingane ved UB oppretta ut frå
fagområde som avspeglar UiB si organisering. Under punktet om å vurdera faglege
einingar ved UiB i høve til UB sin avdelingsstruktur konkluderte komiteen med
at UB si organisering ikkje treng spegla UiB si faglege organisering. Ut frå
utviklinga med meir tverrfagleg organisering som utfordrar den
fakultetsinndelinga UiB har i dag kan det vera like rasjonelt å organisera
avdelingar ved UB etter andre prinsipp. Då kan det vera naturleg å vurdera kva
type faglege problemstillingar og utfordringar dei ulike avdelingane har og om
det er felles trekk.
Sentrale
oppgåver – ei avdeling?
Dei oppgåvene som i dag vert utførte sentralt
kan grupperast i to hovudfunksjonar: administrative teneste- og
utviklingsfunksjonar og faglege teneste-, samordnings- og utviklingsfunksjonar.
Desse hovudgruppene er spesialiserte oppgåver som krev høg kompetanse på heilt
ulike felt. Det er derfor lite sannsynleg at det gjev nokon gevinst å
organisera desse funksjonane i ei avdeling. Desse to hovudfunksjonane skil seg
dessutan frå kvarandre ved at dei faglege samordnings- og utviklingsfunksjonane
har oppgåver både mot brukarar og avdelingane ved UB, medan dei administrative
funksjonane har oppgåver mot UB sine avdelingar og tilsette.
OPPSUMMERING
Komiteen har fått i
oppgåve å vurdera forslag til organisering av UB i høve til fleksibilitet, den
faglege strukturen ved UiB og behov for ei effektiv leiargruppe. Slik komiteen
ser det, peikar dei fleste momenta i retning av at ein viss storleik på
avdelingane er mest tenleg.
Fleksibilitet
Når det gjeld fleksibilitet meiner komiteen at
dette vert betre ivareteke ved store avdelingar. Med dei utfordringar som ligg
på oss med omsyn til effektivisering og helst reduksjon i personalressursar er
det lite rasjonelt for UB med små avdelingar. Dei er for lite fleksible i høve
til sjukefråvær, deltaking i kompetansehevande tiltak og prosjektdeltaking. Det
har vore fleire eksempel på at små avdelingar har hatt det vanskeleg. Det er
uheldig dersom små avdelingar er årsak til at personalet vert hindra i å få
heva kompetansen sin eller delta i prosjekt m.m. Det kan også føra til eit
dårlegare tilbod til brukarane. Dette gjeld særleg publikumsavdelingar.
Avdelingsstruktur
i høve til faglege einingar ved UiB
Komiteen finn ikkje at UiB sin organisering i faglege
einingar legg organisatoriske føringar på korleis UB best kan organiserast. Komiteen
meiner tvert imot at det kan vera like funksjonelt å organisera etter kva hovudfunksjonar
einingane ved UB har. Me tenkjer då særleg på:
- bokbibliotek (HF, JUR, SV)
- tidsskriftbibliotek (MED, OD, PS, MN)
- kulturhistorisk bibliotek (Biletsaml./spesialsaml.)
- faglege samordnings- og utviklingsfunksjonar
- administrative funksjonar
Med
utgangspunkt m.a. i dei fullmaktene som er gjeve av universitetsleiinga vil ei
naturleg fordeling av oppgåver vera slik:
- Biblioteka har ansvar for drift av
brukartenester med vekt på samlingsutvikling, utlån og bibliotek- og
informasjonsverksemd. Avdelingsleiarane har personalansvar.
- Faglege samordnings- og
utviklingsfunksjonar har ansvar for samordnings- og utviklingsarbeid innan tilvekst,
dokumentlevering, portalarbeid m.m. og mediemottak og registrering
- Administrative funksjonar har
ansvar for tenester, planlegging og utvikling innan administrasjon, personal,
økonomi og postlevering
Omstillingane mot digital dokumentlevering og
digitale samlingar fordrar etter kvart meir spesialkompetanse som bør samlast i ei eiga avdeling. Avdelinga bør også
ha eit ansvar for å utarbeida strategiar for tenestetilbod som er tilpassa
brukarane sine behov og innan dei rammer den teknologiske utviklinga gjer
mogleg.
Brukarstøtte til UB sine tilsette og brukarar
er i dag organisert under IT-avdelinga ved UB. IT-tenester ved heile
Universitetet er under omorganisering og det er derfor usikkert kva rolle UB
vil få i høve til desse arbeidsoppgåvene.
Avdelingsstruktur
i høve til effektiv leiargruppe
Dersom ei leiargruppe skal vera effektiv bør
den etter komiteen si meining vera så lita som mogleg. Den må kunna møtast ofte
og arbeida konstruktivt mot felles mål. Det er då naudsynt å sjå på kor mange
avdelingar UB treng ha for å ha ein effektiv organisasjon. Ei leiargruppe på 5-7
medlemer synest å vera funksjonelt og realistisk for UB. Det medfører at UB må
ha færre avdelingar enn i dag.
KONKLUSJON
Ut frå dette vil
komiteen føreslå at UB har maksimum 4-6 avdelingar. Avdelingsleiarane og
bibliotekdirektøren utgjer leiargruppa. Komiteen er samde i synet på at UB bør
ha ei mindre leiargruppe og færre avdelingar enn i dag men deler seg i synet på
kva for avdelingar det fell naturleg å slå saman.
Komiteen er samde i synet på organiseringa av
Depotmagasinet. Når Det historisk-filosofiske fakultetsbiblioteket til hausten
har fått organisert samlingane sine der
dei skal vera, får UB eit depotmagasin i kjellaren i Stein Rokkans Hus. Denne
tenesta vart i 2002 organisert under bibliotekdirektøren. Det er ikkje stort
nok grunnlag for å organisera denne tenesta som ei avdeling. Komiteen meiner at
tenesta må vera organisert som ein sentral funksjon. Det naturlege er då at den
anten er organisert direkte under bibliotekdirektøren eller under avdelinga for
faglege samordnings- og utviklingsfunksjonar. Dette spørsmålet bør utgreiast.
Fleirtalet
si innstilling
Fleirtalet i komiteen (Kari G., Marie, Ole
Gunnar og Øystein) vil leggja vekt på følgjande:
- i høve til
alle punkta i mandatet talar flest moment for store avdelingar
- ei lita
leiargruppa er meir effektiv enn ei stor
- i høve til
aukande krav til omstilling og utvikling av tenester er det viktig at UB har ei
effektiv leiargruppe
- ei samanslåing
av avdelingar bør ta omsyn til at det ikkje vert for stor ulikskap i mengd
tilsette ved avdelingane
- det er
meir fleksibelt med store organisatoriske einingar enn at kvar geografiske
eining skal vera organisert som ei organisatorisk eining
- det er
ikkje avgjerande for organisering av tenestene at avdelingsleiaren har
arbeidsplass i same bygning som alle medarbeidarane sine
Ut frå dette meiner fleirtalet at UB må slå
saman fleire einingar for å redusera tal avdelingar og få ei effektiv leiargruppe.
For å oppnå betre fleksibilitet i høve til tenester, ressursar og kompetanse må
dei minste publikumsavdelingane organiserast saman med andre avdelingar. Det vil
ikkje få innverknad på den geografiske plasseringa avdelingane har i dag.
Fleirtalet meiner at ei høveleg inndeling er å sjå på kva avdelingar som har samanfallande
problemstillingar i høve til utvikling av tenestene. Eit anna viktig moment er
at avdelingane ikkje vert for ulike i storleik når det gjeld mengd
personalressursar. Då sikrar ein både god fleksibilitet og ei høveleg stor leiargruppe.
Ut frå dette er det naturleg å skilja mellom bibliotek med hovudvekt på
boksamlingar, på tidsskriftsamlingar og på kulturhistoriske samlingar. Det er
også naturleg å samla alle faglege samordnings- og utviklingsfunksjonar i
tillegg til mediemottak og registrering i ei avdeling. Denne avdelinga vil både
ha tenester direkte mot brukarane og mot publikumsavdelingane. Den er derfor
plassert i linja saman med publikumsavdelingane. Fleirtalet finn vidare at det
er mest tenleg å organisera alle administrative funksjonar i ein stabsfunksjon.
Ut frå dette føreslår fleirtalet følgjande
organisering av UB (sjå vedlegg 2): Fire avdelingar og ein stab. Staben skal ha
ansvar for administrasjon, personalsaker, økonomi og postteneste. Avdeling for
fagleg samordning og utvikling skal ha ansvar for tilvekst, herunder
elektronisk tilvekst (lisensadministrasjon og tilgjengeleggjering) og
forvalting av UBs digitale samlingar og UiBs publiseringsarkiv.
Mindretalet
si innstilling
Mindretalet (Ane, Brita og
Kari S.) føreslår følgjande organisering av UB: sjå vedlegg 3.
Dette er ei organisering som
baserer seg på situasjonen for brukarane, om dei er på allmennfakultet eller
profesjonsfakultet, og deretter på geografisk nærleik. Her er
allmennfakultetsbiblioteka HF og SV slått saman, og
profesjonsfakultetsbiblioteka Med+Odo med Psyk.
Allmennfakultetsbiblioteket MN er korkje nært nok eller så lite at det
treng å slåast saman med HF og SV. Det juridiske fakultetsbibliotek er lokalisert
i same bygg som profesjonsfakultetet. Dette har ført med seg at biblioteket og
dei tilsette ved fakultetet har utvikla gode nettverk og samarbeidsformer.
Dette er ein kompetanse som må telje med i ei framtidig leiargruppe innanfor
kommunikasjon og samarbeid.
For å redusere talet
avdelingar er Billedsamlinga lagt inn under HF, saman med spesialsamlinga som
allereie ligg der.
Til dette framlegget til organisering er
det lagt ei ordning med vikarbank på tvers av avdelingane. Den vil vera basert på
semje mellom fleire avdelingsleiarar. Den kan derfor vera ei utfordring i det
daglege. Mindretalet meiner likevel at dette er ei ordning som bør prøvast ut.
sign. sign. sign. sign.
sign. sign. sign.