UNIVERSITETSBIBLIOTEKAR

 

 

Universitetsbiblioteket i Bergen (UB) er eit offentleg vitskapleg bibliotek, med eit overordna mål å yta informasjonstenester av høg kvalitet for all forsking, undervisning og kunnskaps­formidling ved Universitetet i Bergen. Samlingar og tenester vert også stilt til rådvelde for andre brukarar etter bibliotekets regelverk. Ved UB er det for tida om lag 105 faste stillingar, av desse er 8,4 stillingar ved Det samfunnsvitskaplege fakultetsbiblioteket. Det samfunnsvitskaplege fakultetsbiblioteket skal frå årsskiftet 2005/2006 utbyggjast til eit moderne bibliotek med læringssenter.

 

Ved Universitetsbiblioteket i Bergen er det ledig ei stilling som universitetsbibliotekar. Stillinga er for tida knytt til Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek. Den som vert tilsett i stillinga skal vera fagreferent innan fagområda medie-/informasjonsvitskap.  Universitetsbibliotekaren skal gje informasjonstenester for undervising og forsking innan dei aktuelle fagområda i samarbeid med fagmiljøa. Det  inneber m.a. rettleiing og undervising i informasjons- og referansemetodar, utvikling og tilrettelegging av nettbaserte informasjonstilbod,og IKT-basert informasjonssøking. Oppbygging og tilrettelegging av samlingane, også elektroniske, er sentrale oppgåver. Den som vert tilsett må dessutan delta i verksemda elles ved biblioteket.

 

Den som vert tilsett kan påleggjast å ta del i vaktordningar i og utanom ordinær kontorarbeidstid.

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fungerande fakultetsbibliotekar Pål Bakka, tlf. 55 58 28 00 eller til bibliotekdirektør Kari Garnes, tlf. 55 58 25 01.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga.  Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.  Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Søkjarar må ha universitetseksamen av høgare grad med hovudfag/mastergrad, helst innan mediefag, med informasjonsvitskap i fagkrinsen, eller tilsvarande utdanning. Pedagogisk basisutdanning er ønskjeleg. Det vert lagt vekt på røynsle med undervisning, utvikling av nettbaserte tenester og IKT-basert informasjonssøking. Den som vert tilsett må vera initiativrik, resultatorientert og ha god samarbeidsevne. Ved vurdering av søkjarane vil det verta lagt vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Søkjarar utan bibliotekkunnskap- og røynsle må forplikta seg til å gjennomgå eit bibliotekfagleg opplæringsprogram.

 

Løn etter lønssteg 43/55 (kode 1199/LR 25), etter tenesteansiennitet.  Etter spesiell vurdering kan ein få tilsetjing som førstebibliotekar i lønssteg 56.  Søkjarar kan ta atterhald i søknaden om slik løn.

 

Universitetet i Bergen nyttar "meroffentlighet" ved tilsetjing i slike stillingar.

 

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknad med utfylt utvida søkjarskjema over utdanning og tidlegare praksis, og eventuelle publikasjonar, og kopi av vitnemål og attestar, skal sendast i 3 eksemplar til Universitetsbiblioteket i Bergen, Haakon Sheteligs plass 1, 5007 Bergen, innan

 

Søknaden skal merkast