STYREMØTE 10.06.2005.   SAK S13/2005.

 

 

 

UNIVERSITETSBIBLIOTEKAR VED DET SAMFUNNSVITSKAPLEGE FAKULTETSBIBLIOTEK. UTLYSING.

 

Ved Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek (UBSV) har det sidan 1. september 2004 vore ledig ei 50% stilling som universitetsbibliotekar og ei 100% stilling som hovudbibliotekar. Frå  1. august vert det tilsetjing i 60% av stillinga som hovudbibliotekar ved intern overflytting. Det er dermed til saman ledig 90% stilling frå 1. august ved Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek.

 

Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek melder at dei har trong for både å styrkja fagkompetansen innan medie-/informasjonsvitskapsfeltet og IKT. Dette er eit stort og veksande fagfelt med stor auke i studenttalet. Dei ønskjer derfor å gjera om den ledige delen av hovudbibliotekarstillinga og lysa ut ei 100% stilling som universitetsbibliotekar med krav til kompetanse både innan medie-/informasjonsvitskapsfeltet og IKT. Inndraging av 40% hovudbibliotekarstilling og oppretting av 40% stilling som universitetsbibliotekar er lagt fram for Informasjons- og drøftingsutvalet ved UB. Dei støttar ei slik omgjering.

 

Bibliotekdirektøren si vurdering

Med sterk auke i studenttalet og reduserte fagreferentressursar i høve til tidlegare har UBSV trong for ressursar innan  medie-/informasjonsvitskapsfeltet og IKT. Prioriterte arbeidsoppgåver ved Universitetsbiblioteket er m.a. knytt til opplæring i informasjonskompetanse og utvikling/drift av nettbaserte tenester. Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek treng styrking av kompetanse på desse områda. Bibliotekdirektøren si vurdering er derfor at det må lysast ut ei 100% stilling som universitetsbibliotekar innan medie-/informasjonsvitskap og med krav til kompetanse også innan IKT. Ledige ressursar på UBSV utgjer 90%. Det er til ein kvar tid litt ledige ressursar, og det kan derfor  opprettast 10% stilling ekstra (som kan justerast når det seinare skal lysast ut ledige stillingar) i tillegg til ledige ressursar ved UBSV. Denne utlysinga medfører ikkje at den totale stillingsramma vert endra.

 

Bibliotekdirektøren fremjar ut frå dette følgjande

 

framlegg til vedtak:

Det vert lyst ut ei stilling som universitetsbibliotekar ved Det samfunnsvitskaplege fakultetsbiblioteket innan mediefag og informasjonsvitskap.

 

 

 

 

 

 

 

10.06.05

KG/MM