Notat:

 

Til:  Biblioteksdirektøren

Frå: Komiteen til utarbeiding av retningsliner for utskiljing frå UBB sine samlingar

 

 

Retningsliner for utskiljing av litteratur frå UBB sine samlingar

Eit bibliotek si kjerneoppgåve er å ta vare på trykt og digitalisert samtidsdokumentasjon til bruk for ettertida. Eit vitskapleg bibliotek skal både støtta samtidig forsking og undervising ved å levera naudsynt dokumentasjon til forskingsbruk og dokumentera fortidig forsking. I prinsippet skal eit bibliotek ta vare på all tilvekst til evig tid. Dette prinsippet er det umogeleg å etterleva.

Automatiseringa av norske bibliotek frå 1980-talet av, opprettinga av eit nasjonalbibliotek i 1990 og tilgjenge på vitskapleg dokumentasjon i digitalisert form frå 1995 av, har lagt heilt nye føringar på biblioteka si samlingsutvikling fordi det ikkje lenger er heilt naudsynt for det einskilde biblioteket å leva etter prinsippet om at vi skal ta vare på alt. Nye kjelder til dokumentlevering og nye måtar å levera dokument på gjer det mogeleg å skilja ut store mengder trykt skrift frå lokale samlingar utan at dette vil gå ut over kvaliteten på biblioteket sine tenester.

1. Definisjon av utskiljing:

Utskiljing av litteratur frå ei biblioteksamling er ein del av samlingsutviklinga. Plass på hyllene er ein like kritisk ressurs i biblioteket som personell og pengar.

2. Kriteria for utskiljing er dei same som for tilvekst.

Kriteria for tilvekst er: .

·        At dokumentet er etterspurd og i trykken,

·        At det vil verta etterspurd fordi det utvidar og oppdaterar samlinga innan eit kjerneområde for forsking og undervising ved UiB,

·        At det ikkje kan leverast frå eit anna norsk bibliotek.

·        Lokalhistorisk kjelde for vestlandsfylka

·        Forskingsresultat frå tilsette ved UiB.

3. Tilvekstkriteria brukt på utskiljing.

Kriteria for tilvekst brukt på utskiljing kan formulerast slik:

Litteratur som er  :

·        del av den historiske samlinga innan eit kjerneområde for forsking og undervising ved UiB, enten som kjelde for ny forsking eller som dokumentasjon av forskingsinnsats

·        etterspurt på grunn av fagleg kvalitet, innhaldsmessig interesse, kuriosaverdi, eller verdi som kjeldeskrift

·        av høg bibliografisk og/eller antikvarisk eigenverdi

·        lokalhistorisk kjelde for vestlandsfylka

·        publisert av eller ved UiB

skal IKKJE skiljast ut frå samlinga.

·        Desse kriteria, som i første rekke gjeld bøker, er også nyttige for vurdering av einskildhefte i seriar/analyttar.

Operasjonaliserte kriteria for bevaring av samling

·        Dokumentasjon av UiB som forskingsinstitusjon
UBB skal ikkje vera eit presensbibliotek. Den delen av UBB sine samlingar som kjem frå Bergens Museum må i prinsippet vera skjerma. Desse samlingane dokumenterer dei første 120 åra av UiB si verksemd. Proveniensen for desse samlingane er i stor grad byte frå andre vitskaplege institusjonar og samlinga dokumenterer difor direkte Bergens Museums internasjonale kontaktnett. Samlingane er fokuserte, med vekt på marinbiologi/oseanografi/meteorologi, nordisk arkeologi og lepra. Delar av samlingane har høg eigenverdi på grunn av kombinasjonen av alder og proveniens. Ikkje minst gjeld dette tyske og japanske seriar. Men samlinga inneheld også tidsskrift i kontinuerleg serie tilbake til 1836. Det er viktig at UBB på denne måten kan dokumentera både si eiga og Universitetet i Bergen si historie attende til 1836. Tilgjenget til digitalisert materiale over verdsveven er aukande – men ujamn. Det meste av det som vert lagt ut er amerikansk materiale på engelsk. Det er viktig å halda ved like tilgjenget til historiske forskingsresultat publisert på andre språk enn engelsk.

·        Forskingsrelevans
Tidlegare tiders forskingsresultat er både direkte relevante som grunnlag for notidig forsking og som trygging mot duplisering og umedviten plagiering – for ikkje å nemna historieløyse.

o       I naturfaga er zoologisk og botanisk taxonomi av evig verdi ettersom den første skildring av dyr og planter er ei ”oppdaging” og dermed vitskapleg retningsgivande.

o       I humaniora er det ingen ”best før dato” på forskingsresultat

o       Litteratur på språk det vert forska på ved UiB er i seg sjølv forskingsrelevant.

o       For UiB sine faglege kjerneområde er eldre litteratur å rekna som naudsynte arbeidsreiskapar.

Utskiljing av litteratur på desse fagområda må gjerast med varsemd.

·        Kjeldeverdi

UBB sit på store samlingar av samtidshistoriske kjelder i form av bøker og periodika biblioteket tok opp i den perioden det hadde rekvisisjonsrett (1945-1990). Samlingane er blanda og ufullstendige, men av høg og aukande kjeldeverdi.

·        Eigenverdi.
Vi kan rimelegvis ikkje skilja ut dokument som har antikvarisk verdi.

·        Lokalhistorisk ansvar.
UBB sitt lokalhistoriske ansvar er ikkje nedfelt i noko plandokument. Å halda vedlike  ei lokalhistorisk samling må like vel reknas som eit ansvar UiB som kulturinstitusjon burde kunna ta på seg.

·        Institusjonelt arkiv for UiB.
UBB er det sjølvsagde arkivet for alle forskingsresultat frå UiB. Det er eit mål for UBB å ta vare på alle vitskaplege publikasjonar frå Universitetet i Bergen.

5. Operasjonaliserte kriteria for utskiljing frå samlinga

·        Digitalisert materiale
Alt etter fag er mellom halvparten og fire-femdelar av UBB sine aktive tidskriftabonnement på publikasjonar i elektronisk form. I den grad arkivtilgjenge er sikra i abonnementa er det diverre ingen gode grunnar til å ta vare på papirversjonen av desse.

·        Ikkje etterspurnad på grunn av språk

Etterspurnad er eit spørsmål om språkleg tilgjenge. Svært mykje av det materialet UBB har teke i mot frå sine byteforbindingar er skrive på det nasjonale språket og er difor berre i avgrensa mon tilgjengeleg for brukarar ved UiB. Dette gjeld ikkje minst det austeuropeiske materialet som dominerte tilveksten på 1960 og 1970-talet.

·        Materiale frå andre institusjonar
UBB har store samlingar av publikasjonar frå norske universitet og høgskular. Utan å gå inn på det faglege innhaldet i desse er det grunn til å peika på at slike institusjonar har sine eigne bibliotek - og at publikasjonane dessutan finst i nasjonalbiblioteket sine samlingar. Det er ingen grunn til at UBB skal fungera som alternativt institusjonelt arkiv for andre enn UiB.

6. Kva kan skiljast ut.

Med dei faglege atterhalda som er gjorde ovanfor  tilrår komiteen at følgjande trykt materiale vert skilt ut frå UBB:

1.      Tidskrift vi har fullstendig arkivtilgjenge til i elektronisk form. Eit mogeleg unntak er komplette seriar av originaldokument.  

2.      Avslutta, ukomplette tidskift.

3.      Publikasjonar frå norske institusjonar.  

4.      Korte seriar og einskildhefte utan omsyn til proveniens.

5.      Norsk lokalhistorie frå utanfor regionen.

6.      Publikasjonar som er utilgjengelege på grunn av språk.

7.      Publikasjonar frå utanlandske forskingsinstitusjonar som fagleg har gått ut på dato.  

 

Bergen, 15/12-2004

 

Pål H. Bakka   Ane Landøy     Anne Sissel V. Tonning Olav Aas        Jostein H. Hauge

strekOffisiell side
Sist oppdatert 18.09.06 av jer.
til denne siden.