Universitetsbiblioteket i Bergen

 

MØTE I UNIVERSITETSBIBLIOTEKETS STYRE 12.02. 2004

SAK S 04/2004 

 

 

 

UNIVERSITETSBIBLIOTEKAR VED DET PSYKOLOGISKE FAKULTETSBIBLIOTEK – OMGJERING/UTLYSING

Ved Tilvekstavdelinga er det ledig ei 50% stilling som universitetsbibliotekar. Bibliotekdirektøren har i samråd med avdelingsleiaren vurdert behovet for vidareføring av stillinga på avdelinga og tilrår ut frå dette at stillinga vert lagt ned ved Tilvekstavdelinga.

Styret vedtok ved handsaming av budsjettet for 2004 at den totale stillingsramma skal vera den same som for 2003. Det er derfor mogleg å oppretta ei ny 50% stilling ved ein annan avdeling ved UB dersom det er behov for det. Ved budsjetthandsaminga for 2003 fekk 3 avdelingar auka sine stillingsressursar. Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek

fekk oppretta ein 100% stilling som universitetsbibliotekar mot reduksjon i ein stilling som sekretær. Det juridiske fakultetsbibliotek fekk utvida ein stilling som universitetsbibliotekar med 30% og har i tillegg fått samlokalisert bibliotektenesta ved EDC med miljøet på Dragefjellet, noko som ytterlegare har styrka personalressursane ved avdelinga. Biletsamlinga fekk overført ein 100% stilling som førstesekretær frå konverteringsprosjektet. Dei andre avdelingane med unntak av Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek og Det psykologiske fakultetsbibliotek fekk redusert stillingsramme. Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek fekk netto ein reduksjon på ein 20% stilling, men likevel styrkt arbeidet med spesialsamlingane. Grunnlaget for vurdering av stillingsrammene ved dei avdelingane som fekk redusert ramme har etter bibliotekdirektøren si vurdering ikkje endra seg. Ved Det psykologiske fakultetsbibliotek har imidlertid omfanget av tenestene auka mykje dei siste åra.

Det psykologiske fakultetsbibliotek har sidan det vart etablert som eigen avdeling i 1996 hatt 5,5 årsverk fordelt på 6 personar. Ca. 0,4 (på årsbasis) årsverk som ettermiddagsvakt kjem i tillegg. Stillingsressursane er fordelte slik:

Årsverk          Stillingsgruppe

1,0                   fakultetsbibliotekar

1,0                   universitetsbibliotekar

2,0                   bibliotekar

1,5                   kontor/saksbehandlar

Ei rekke faktorar viser at aktiviteten ved avdelinga har auka usedvanlig mykje dei siste åra og vil framleis auka i tida framover. Dei viktigaste faktorane er:

Besøkstal
Besøkstalet på avdelinga har auka kraftig dei siste åra: i 2001 ca. 43000, i 2002 ca. 72000, i 2003 ca. 110000.

Studenttal
Studenttalet ved fakultetet er stigande. For haustsemesteret 2003 er det registrert ca. 2700 studentar.

Nye program
Fakultetet planlegg å tilby studieprogram på lågare nivå innanfor helsefremjande arbeid, logopedi og barnevern. I tillegg vert det planlagt eit bachelorprogram for generell psykologi. I budsjettet til UiB for 2004 er eit av satsingsområda tre integrerte lærarutdanningsprogram.

Avdelinga har henta ut dei effektiviseringsgevinstane i elektroniske rutiner som Bibsys tilbyr. Effektiviseringsgevinsten kan målast ved utførte tenester registrert i Bibsys og i UBs statistikkar.

Etter omlegginga av bibliotektenestene med vekt på systematisk arbeid mot fagmiljøa trengs det styrking av ressursar til dette. Avdelinga har m.a. for liten kapasitet til å følgja opp med tilbod og tenester for dei aktive forskarane på Hemil-senteret, og har heller ikkje tilstrekkeleg kompetanse på fagområdet. Det samme gjeld for Barnevern.

Bibliotekdirektøren har i samråd med fakultetsbibliotekaren på avdelinga vurdert nøye kva  kompetanse det er størst behov for ut frå krav frå brukarane og UBs mål. Ut frå dette meiner bibliotekdirektøren at avdelinga er mest tent med å styrkja fagreferentressursane og at avdelinga samstundes vert tilført 0,5 årsverk. Med 6 årsverk er avdelinga framleis den minste avdelinga når det gjeld personalressursar. Styrkinga kan løysast slik: Det vert frigjort ein 50% stilling som førstesekretær ved Det psykologiske fakultetsbibliotek ved at mellombels innehavar av denne stillinga vert overflytta til Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek for å utføra tilsvarande ledige arbeidsoppgåver der. Den ledige stillinga som førstesekretær vert omgjort til stilling som universitetsbibliotekar og slått saman med ledig 50% stilling som universitetsbibliotekar ved Tilvekstavdelinga. Omgjering av 50% stilling som førstesekretær ved Det psykologiske fakultetsbibliotek og overføring av 50% stilling frå Tilvekstavdelinga vart handsama i Informasjons- og drøftingsutvalet i møte 4. februar d.å. Tenestemannsrepresentantane slutta seg til bibliotekdirektøren si vurdering.

forslag til vedtak:

Det vert lyst ut ei stilling som universitetsbibliotekar innan førebyggjande helse og barnevern ved Det psykologiske fakultetsbibliotek.

 

06.02.03

KG/MM

strekOffisiell side
Sist oppdatert 18.09.06 av jer.
til denne siden.