Universitetsbiblioteket i Bergen

 

                                         UNIVERSITETSBIBLIOTEKAR

 

Universitetsbiblioteket i Bergen (UB) er eit offentleg vitskapleg bibliotek, med eit overordna mål å yta informasjonstenester av høg kvalitet for all forsking, undervisning og kunnskapsformidling ved Universitetet i Bergen. Samlingar og tenester vert også stilt til rådvelde for andre brukarar etter bibliotekets regelverk. Ved UB er det for tida om lag 105 faste stillingar, av desse er 13 stillingar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek.

Ved Universitetsbiblioteket i Bergen er det ledig ei stilling som universitetsbibliotekar. Stillinga er for tida knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. Den som vert tilsett i stillinga skal delta i fagreferentarbeid innan kjemi, fysikk og teknologi. Universitetsbibliotekaren skal gje informasjonstenester for undervisning og forsking innan dei aktuelle fagområda i samarbeid med fagmiljøa. Det  inneber m.a. rettleiing og undervisning i informasjons- og referansemetodar og IKT-basert informasjonssøking. Vidare omfattar arbeidet utvikling og tilrettelegging av samlingane. Ein aukande del av desse er elektroniske. Den som vert tilsett må kunna ta aktivt del i den vidare utviklinga og tilrettelegginga av tenestene og dessutan delta i verksemda elles ved biblioteket.

Søkjarar må ha universitetseksamen av høgare grad med hovudfag/mastergrad, helst i kjemi, med støttefag i fysikk og/eller teknologi, eller tilsvarande utdanning. Pedagogisk basisutdanning er ønskjeleg. Det vert lagt vekt på erfaring med undervisning, informasjonsteknologi generelt, og IKT-basert informasjonssøking spesielt. Den som vert tilsett må vera initiativrik, resultatorientert og ha god samarbeidsevne. Ved vurdering av søkjarane vil det verta lagt vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Søkjarar utan bibliotekkunnskap- og erfaring må forplikta seg til å gjennomgå eit bibliotekfagleg opplæringsprogram.

Løn etter lønssteg 38/53 (kode 1199/LR 25), etter tenesteansiennitet. Søkjarar kan be om vurdering for tilsetjing som førstebibliotekar, løn etter lønssteg 54 (kode 1200).

Universitetet i Bergen nyttar meiroffentlegprinsippet ved tilsetjing i slike stillingar.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fakultetsbibliotekar Olav Aas, tlf. 55 58 48 19 eller til bibliotekdirektør Kari Garnes, tlf. 55 58 25 01.

Den som vert tilsett kan påleggjast å ta del i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid og må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad, som inneheld fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare verksemd og eventuelle publikasjonar, og stadfesta kopi av vitnemål og attestar, skal sendast i 3 eksemplar til Universitetsbiblioteket i Bergen, Administrasjonen, Nygårdsgt. 5, 5015 Bergen, innan

Søknaden skal merkast

strekOffisiell side
Sist oppdatert 18.09.06 av jer.
til denne siden.