Universitetsbiblioteket i Bergen

 

MØTE I UNIVERSITETSBIBLIOTEKETS STYRE 12.02. 2004

SAK S 03/2004 

 

 

 

UNIVERSITETSBIBLIOTEKAR VED DET MATEMATISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTETSBIBLIOTEK. UTLYSING.

 

Universitetsbibliotekar Dag Vaula har sagt opp si stilling med verknad frå 1. juli 2004. Han er fagreferent for kjemi, fysikk og teknologi.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek fekk oppretta ei ny stilling som universitetsbibliotekar i 2003 på grunn av at avdelinga ikkje hadde tilstrekkelege fagreferentressursar til å dekkja alle fagområda ved fakultetet. Grunnlaget for denne vurderinga har etter bibliotekdirektøren si vurdering ikkje endra seg. For å oppretthalda fagreferentressursane ved avdelinga bør den ledige stillinga som universitetsbibliotekar derfor lysast ut.

Bibliotekdirektøren fremjar ut frå dette følgjande

forslag til vedtak:

Det vert lyst ut ei stilling som universitetsbibliotekar innan kjemi, fysikk og teknologi ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek.

 

06.02.03

KG/MM

strekOffisiell side
Sist oppdatert 18.09.06 av jer.
til denne siden.