Universitetsbiblioteket i Bergen

 

MØTE I UNIVERSITETSBIBLIOTEKETS STYRE 11.04. 2002

SAK S 16/2002

 

UTLYSING AV LEDIGE STILLINGAR SOM UNIVERSITETSBIBLIOTEKAR VED DET HISTORISK-FILOSOFISKE FAKULTETSBIBLIOTEK  

Ved Det historisk-filosofisk fakultetsbibliotek (HF) er det for tida ledig 3,5 universitetsbibliotekarstillingar. Totalt er det 8,5 årsverk universitetsbibliotekarstillingar ved HF i dag. I lys av vedtak i UB’s styre i møte 21.02.02 om å skjera ned på lønsbudsjettet er det vurdert kor mange årsverk som trengs til universitetsbibliotekarstillingar på HF. Bibliotekutvalet på HF har i vedtak på møte 4. april d.å. tilrådd å lysa ut 3 årsverk (sjå vedlegg). Det inneber ei nedskjering på 0,5 årsverk. Dei tilrår samla å setja av 8 årsverk. Årsverka fordeler seg på fagområda slik: 

Fagområde

Tal stillingar

Historie

1

Arkeologi

1

Etnologi/folkloristikk/religionsvitskap

1

Språkvitskap/filologi

2

Litteraturvitskap/estetiske fag

2

Filosofi

1

Sum

8

 Bibliotekdirektøren sluttar seg i hovudsak til dei momenta som vart framførde i bibliotekutvalet, men ser likevel at det må vurderast om det skal setjast av mindre ressursar til enkelte av fagområda på HF.

I samband med at fakultetsbibliotekar Astrid Utne ba om å få gå over i ein universitetsbibliotekarstilling vart denne stillinga lyst ut for 2. gong med frist 20. mars d.å. Då denne stillinga er inkludert i dei samla fagreferentressursane er det pr. i dag ledig 2,5 stilling dersom det lukkast å få tilsetjing i fakultetsbibliotekarstillinga.

Bibliotekdirektøren si vurdering er at ei nedskjering i tal årsverk som ein følgje av redusert lønsbudsjett må vurderast for heile avdelinga i samanheng. Dei totale ressursane for HF må samstundes vurderast i lys av behovet for ressursar på dei andre avdelingane ved UB. Det er framleis litt uklart kor mange årsverk som totalt kan skjerast ned på HF til fordel for andre innsatsområde på UB, men det vil i løpet av våren skje ein del avklaringar. Det som til no er klart er at det vert vanskeleg å oppfylla vedtaket om nedskjering sett i lys av dei oppgåvene som UB skal løysa framover.

Ut frå dette tilrår bibliotekdirektøren at det samla sett vert sett av 7 årsverk til universitetsbibliotekarstillingar ved HF. Det inneber 1 årsverk mindre enn tilrådinga frå bibliotekutvalet ved HF.

Då det er uklart i dag kor mange stillingar som kan lysast ut for å sitja att med 7 årsverk tilrår bibliotekdirektøren at det vert lyst ut inntil 3 årsverk.  Dersom det vert tilsetjing i fakultetsbibliotekarstillinga og/eller det vert ledig fleire stillingar er det med ei slik formulering opna for at UB sitt styre  kan tilsetja 1-3 årsverk  for å oppfylla målsetjinga om 7 årsverk som universitetsbibliotekarstillingar ved HF. På bakgrunn av dette er det naudsynt at utlysinga dekkjer følgjande fagområde:

      -   språkvitskaplege/filologiske fag
-   historie
-   manuskript
-   filosofi
-   religionsvitskap
-   litteraturvitskaplege fag

forslag til vedtak:

Det vert sett av 7 årsverk til stillingar som universitetsbibliotekar ved Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek (HF). Utlysinga vert formulert slik at det kan tilsetjast  så mange årsverk som er naudsynt for å oppfylla denne målsetjinga. Det vert lyst ut i fagområde i samsvar med vedtaket i bibliotekutvalet for HF i møte 4. april d.å. I tillegg vert det lyst ut i litteraturvitskaplege fag.

 

09.04.2002

KG/MM

strekOffisiell side
Sist oppdatert 18.09.06 av jer.
til denne siden.