Universitetsbiblioteket i Bergen

 

UNIVERSITETSBIBLIOTEKAR

 

STILLINGSOMTALE

Universitetsbiblioteket i Bergen (UB) er eit offentleg vitskapeleg bibliotek, med eit overordna mål å yte informasjonstenester av høg kvalitet for all forsking, undervising og kunnskapsformidling ved Universitetet i Bergen. Biblioteket planlegg ei etablering av læresenter i samarbeid med læringsmiljøa. Samlingar og tenester vert også stilt til rådvelde for andre brukarar etter biblioteket sitt regelverk.

Verksemda ved UB er underlagt eit eige styringsorgan med representantar for fakulteta, studentane og UB sitt personale, etter retningsliner fastsett av Det akademiske kollegium. Bibliotekdirektøren har ansvaret for den daglege leiinga av verksemda ved biblioteket. Arbeidet ved UB sine avdelingar/fakultetsbibliotek vert leia av ein avdelingsleiar/­fakultetsbibliotekar

Ved Universitetsbiblioteket er det for tida om lag 120 faste stillingar, fordelt på 13 avdelingar, av desse 7 fakultetsbibliotek. Personalet fordeler seg på følgjande stillingsgrupper:

1)            Fakultets- og universitetsbibliotekarar

2)            Bibliotekarar

3)            Administrativt og teknisk personale

Arbeidsoppgåvene for stillingane som universitetsbibliotekar er å vere fagreferentar innan fagområde der universitetet driv forsking og undervising, og å byggje opp dei faglege samlingane og drive informasjonstenester innan desse fagområda.

Den ledige stillinga er knytt til bibliotektenesta for Det psykologiske fakultet. Den psykologiske fakultetstenesta dekkjer faga psykologi og pedagogikk, og den som vert tilsett i stillinga bør vera breiast mogleg orientert innan eit av desse faga, helst psykologi. Desse fagområda vert dekka av 2 fagreferentstillingar, der den eine stillinga er fakultetsbibliotekaren.

Det psykologiske fakultetsbibliotek disponerer for tida i alt 5,5 faste stillingar.

Biblioteket har dei seinaste åra gjennomgått ei sterk utvikling innan bruken av moderne informasjonsteknologi. UB nyttar det integrerte biblioteksystemet BIBSYS til dei fleste interne bibliotektenester og systemet Dewey Decimal Classification til systematisering og indeksering av litteratur, herunder elektroniske dokument. Ein viktig del av fagreferentarbeidet er søking i bibliotekrelevante databasar og å undervise og rettleie brukarane i slike informasjonstenester. Erfaring med bruk av informasjonsteknologi generelt, og edb-basert informasjonssøking spesielt, vil derfor vere ønskjeleg. Den som vert tilsett må også kunne ta aktivt del i den vidare utvikling og tilrettelegging av slike tenester.

Fakultetsbiblioteka er arbeidsplassar der dei bibliotektilsette kjem i nær kontakt med tilsette og studentar ved fakultetet, og der det er viktig at alle kan delta i forskjellige typar arbeidsoppgåver. Den som vert tilsett må derfor vere fleksibel og ha evne til samarbeid. Fagreferenten har eit spesielt ansvar for kontakt med det vitskapelege miljøet ved fakulteta.

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene for stillinga er:

 -   oppbygging, koordinering og vedlikehald av litteratursamlingar både i papir og elektronisk form

-       systematisering og indeksering av litteratur innan dei aktuelle fagområda i klassifikasjonssystemet Dewey Decimal Classification

 -   bruk og vedlikehald av emneregister og oppbygging av emneportalar

 -       litteratursøking og anna referansearbeid i dei faga som vert dekka av fakultetet

 -   rettleiing og opplæring i bibliotekbruk og moderne informasjonssøking for biblioteket sine brukarar

 -   vere bindeledd mellom bibliotek, lærings- og fagmiljø

Fagreferenten utfører sitt arbeid under leiing av fakultetsbibliotekaren og i nært samarbeid med fakultetet.

Søkjarar må ha universitetseksamen av høgare grad eller tilsvarande utdanning. Søkjarar må ha hovudvekt på eit av faga psykologi eller pedagogikk, helst psykologi, men lang og allsidig relevant praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning innan eit av desse faga kan i spesielle tilfelle reknast som tilsvarande faglege kvalifikasjonar. Det vil verte lagt vekt på praksis frå vitskapeleg bibliotek og bibliotekfagleg utdanning. Universitetsbiblioteket nyttar i stor og veksande grad informasjons- og kommunikasjonsteknologi i sine rutinar, og god erfaring frå dette området vil derfor vere ein føremon. Erfaring frå undervising vil telje med. Søkjarar må vere fleksible og ha evne til samarbeid.

Arbeidet som universitetsbibliotekar krev bibliotekfagleg kompetanse. Søkjarar som ikkje tilfredsstiller dette kravet, må gjennomgå eit bibliotekfagleg opplæringsprogram. Dette gjeld både generelle bibliotekfag, litteratursøking ved hjelp av edb, systematisering i Dewey og bruk av BIBSYS.

Løn etter lønssteg 38/53, etter tenesteansiennitet. Søkjarar kan be om vurdering for tilsetjing som førstebibliotekar, løn etter lønssteg 53 (kode 1200). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verta aktuelt å vurdere høgare løn.

Den som vert tilsett har etter søknad høve til å drive forskings- og utviklingsarbeid etter nærare reglar.

Universitetet i Bergen nyttar meiroffentlegprinsippet ved tilsetjing i slike stillingar.