Universitetsbiblioteket i Bergen

 

UNIVERSITETSBIBLIOTEKAR

 

Ved Universitetsbiblioteket i Bergen er det ledig ei stilling som universitetsbibliotekar. Stillinga er for tida knytt til bibliotektenesta for Det psykologiske fakultet. Den som vert tilsett i stillinga skal delta i fagreferentarbeid innanfor fagområda psykologi og pedagogikk. Det kan verte aktuelt å fungera som vikar for fakultetsbibliotekaren ved lengre fråver. Arbeidet omfattar oppbygging, systematisering og vedlikehald av litteratursamlingar og utføring av informasjonstenester innanfor dei aktuelle fagområda, dessutan deltaking i den øvrige verksemda ved biblioteket. Informasjonstenestene omfattar m.a. søking i databasar, rettleiing og undervising i aktuelle informasjons- og referansemetodar.

Søkjarar må ha universitetseksamen av høgare grad eller tilsvarande utdanning. Søkjarar må ha hovudvekt på eit av faga psykologi eller pedagogikk, helst psykologi, men lang og allsidig relevant praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning innan eit av desse faga kan i spesielle tilfelle reknast som tilsvarande faglege kvalifikasjonar. Det vil verte lagt vekt på praksis frå vitskapeleg bibliotek og bibliotekfagleg utdanning. Universi­tets­bib­lioteket nyttar i stor og veksande grad informasjons- og kommunikasjonsteknologi i sine rutinar, og god erfaring frå dette vil derfor vere ein føremon. Erfaring frå undervising vil telje med. Søkjarar må vere fleksible og ha evne til samarbeid. Søkjarar utan bibliotekkunnskap og -erfaring må forplikte seg til å gjennomgå eit bibliotekfagleg opplæ­rings­program. Ein stillingsomtale kan ein få frå Universitetsbiblioteket i Bergen.

Løn etter lønssteg 38/53 (kode 1199/LR 25), etter tenesteansiennitet. Søkjarar kan be om vurdering for tilsetjing som førstebibliotekar, løn etter lønssteg 53 (kode 1200). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verta aktuelt å vurdere høgare løn.

Universitetet i Bergen nyttar meiroffentlegprinsippet ved tilsetjing i slike stillingar.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fakultetsbibliotekar Anne Sissel Vedvik Tonning, tlf. 55 58 86 21, eller til bibliotekdirektør Kari Garnes, tlf. 55 58 25 01.

Den som vert tilsett kan påleggjast å ta del i vaktordningar i og utanom ordinær kontorarbeidstid og må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad, som inneheld fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare verksemd og eventuelle publikasjonar, og stadfesta kopi av vitnemål og attestar, skal sendast i 3 eksemplar til Universitetsbiblioteket i Bergen, Haakon Sheteligs plass 7, 5007 Bergen, innan

Søknaden skal merkast