Universitetsbiblioteket i Bergen

 

AVDELINGSLEIAR (FAKULTETSBIBLIOTEKAR) FOR DET HISTORISK-FILOSOFISKE FAKULTETSBIBLIOTEK

 

STILLINGSOMTALE

 

Universitetsbiblioteket i Bergen (UB) er eit offentleg vitskapeleg bibliotek, med eit overordna mål å yte informasjonstenester av høg kvalitet for all forsking, undervising og kunnskapsformidling ved Universitetet i Bergen. Samlingar og tenester vert også stilt til rådvelde for andre brukarar etter biblioteket sitt regelverk.

Verksemda ved UB er underlagt eit eige styringsorgan med representantar for fakulteta, studentane og UB sitt personale, etter retningsliner fastsett av Det akademiske kollegium. Bibliotekdirektøren har det overordna ansvaret for den daglege leiinga av verksemda ved biblioteket. Arbeidet ved UB sine avdelingar/fakultetsbibliotek vert leia av ein avdelingsleiar/fakultetsbibliotekar

Ved UB er det for tida om lag 120 faste stillingar, fordelt på 13 avdelingar, av desse 7 fakultetsbibliotek. Personalet fordeler seg på følgjande stillingsgrupper:

1)            Fakultets- og universitetsbibliotekarar

2)            Bibliotekarar

3)            Administrativt og teknisk personale

Ved Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek er det for tida om lag 25 faste stillingar.

Biblioteket har dei seinaste åra gjennomgått ei sterk utvikling innan bruken av moderne informasjonsteknologi. UB nyttar det integrerte biblioteksystemet BIBSYS til dei fleste  interne bibliotektenester og systemet Dewey Decimal Classification til systematisering og indeksering av litteratur.

Den som vert tilsett som fakultetsbibliotekar vil få det administrative og faglege ansvaret for Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. Avdelinga står framfor ei ombygging og det vil dei næraste åra verte ei sentral oppgåve for fakultetsbibliotekaren å leie planlegginga av og arbeidet med ei omlegging til eit meir moderne bibliotek med fokus på utvikling av organisering, tenestetilbod og servicenivå. Vedkommande kan i tillegg få fagreferentarbeid innan fagområda ved Det historisk-filosofiske fakultet. Fagreferentarbeidet omfattar m.a. oppbygging, systematisering og vedlikehald av litteratursamlingar og utføring av informasjonstenester innanfor dei aktuelle fagområda. Erfaring med bruk av informasjonsteknologi generelt, og edb-basert informasjonssøking spesielt, vil derfor vere ønskjeleg. Informasjonstenestene omfattar også rettleiing og undervising i aktuelle informasjons- og referansemetodar. Den som vert tilsett må kunne ta aktivt del i den vidare utvikling og tilrettelegging av slike tenester.

Fakultetsbibliotekaren skal delta i fakultetet sitt bibliotekutval. Det er ein føresetnad at fakultetsbibliotekaren er kontaktperson mellom fakultetet og UB og har nær kontakt med dei fagområda der Det historisk-filosofiske fakultet driv undervising og forsking.

Søkjarar må ha universitetseksamen av høgare grad innan fagområda til Det historisk-filosofiske fakultet, eller tilsvarande utdanning. Den som vert tilsett må ha gode leiareigenskapar med vekt på resultatansvar, kommunikasjon og samarbeid. Det vil verte lagt vekt på erfaring frå administrasjon og leiing, evne til planlegging og gjennomføring av tiltak og kjennskap til arbeid i vitskapeleg bibliotek. Universitetsbiblioteket nyttar i stor og veksande grad informasjons- og kommunikasjonsteknologi i sine rutinar, og god erfaring frå dette vil derfor vere ein føremon. Erfaring frå undervising vil telje med.

Søkjarar utan bibliotekkunnskap og -erfaring må forplikte seg til å gjennomgå eit bibliotekfagleg opplæringsprogram innan informasjonsinnhenting og forvalting dersom fagreferentoppgåver vert lagt til stillinga.

Løn etter lønssteg 55 (kode 1199/LR 25). Søkjarar kan be om vurdering for tilsetjing som førstebibliotekar, løn etter lønssteg 55 (kode 1200). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verta aktuelt å vurdera høgare løn.

Den som vert tilsett har etter søknad høve til å drive forskings- og utviklingsarbeid etter nærare reglar.

Universitetet i Bergen nyttar meiroffentlegprinsippet ved tilsetjing i slike stillingar.