Universitetsbiblioteket i Bergen

 

AVDELINGSLEIAR (FAKULTETSBIBLIOTEKAR)

 

Ved Universitetsbiblioteket i Bergen er det ledig ei stilling som avdelingsleiar (fakultetsbibliotekar). Den som vert tilsett som avdelingsleiar vil få det administrative og faglege ansvaret for Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. Avdelinga står framfor ei ombygging og det vil dei næraste åra verte ei sentral oppgåve for fakultetsbibliotekaren å leie planlegginga av og arbeidet med ei omlegging til eit meir moderne bibliotek med fokus på utvikling av organisering, tenestetilbod og servicenivå. Vedkommande kan i tillegg få fagreferentoppgåver innan fagområda ved Det historisk-filosofiske fakultet. Oppgåvene omfattar oppbygging, systematisering og vedlikehald av litteratursamlingar og utføring av informasjonstenester innanfor dei aktuelle fagområda med rettleiing og undervising i aktuelle informasjons- og referansemetodar. Fakultetsbibliotekaren rapporterer til bibliotekdirektøren.

Søkjarar må ha universitetseksamen av høgare grad innan fagområda til Det historisk-filosofiske fakultet, eller tilsvarande utdanning. Den som vert tilsett må ha gode leiareigenskapar med vekt på resultatansvar, kommunikasjon og samarbeid. Det vil verte lagt vekt på erfaring frå administrasjon og leiing, evne til planlegging og gjennomføring av tiltak og kjennskap til arbeid i vitskapeleg bibliotek. Universitetsbiblioteket nyttar i stor og veksande grad informasjons- og kommunikasjonsteknologi i sine rutinar, og god erfaring frå dette vil derfor vere ein føremon. Erfaring frå undervising vil telje med. Søkjarar utan bibliotekkunnskap og -erfaring må forplikte seg til å gjennomgå eit bibliotekfagleg opplæringsprogram dersom fagreferentoppgåver vert lagt til stillinga. Ein stillingsomtale kan ein få frå Universitetsbiblioteket i Bergen.

Løn etter lønssteg 55 (kode 1199/LR 25). Søkjarar kan be om vurdering for tilsetjing som førstebibliotekar, løn etter lønssteg 55 (kode 1200). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verta aktuelt å vurdera høgare løn.

Universitetet i Bergen nyttar meiroffentlegprinsippet ved tilsetjing i slike stillingar.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til bibliotekdirektør Kari Garnes, tlf. 55 58 25 01.

Den som vert tilsett kan påleggjast å ta del i vaktordningar i og utanom ordinær kontorarbeidstid og må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad, som inneheld fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare verksemd og eventuelle publikasjonar, og stadfesta kopi av vitnemål og attestar, skal sendast i 3 eksemplar til Universitetsbiblioteket i Bergen, Haakon Sheteligs plass 7, 5007 Bergen, innan

Søknaden skal merkast