Universitetsbiblioteket i Bergen

 

AVDELINGSLEIAR (FAKULTETSBIBLIOTEKAR) FOR DET PSYKOLOGISKE FAKULTETSBIBLIOTEK

 

STILLINGSOMTALE

 

Universitetsbiblioteket i Bergen (UB) er eit offentleg vitskapeleg bibliotek, med eit overordna mål å yte informasjonstenester av høg kvalitet for all forsking, undervising og kunnskapsformidling ved Universitetet i Bergen. Samlingar og tenester vert også stilt til rådvelde for andre brukarar etter biblioteket sitt regelverk.

Verksemda ved UB er underlagt eit eige styringsorgan med representantar for fakulteta, studentane og UBs personale, etter retningsliner fastsett av Det akademiske kollegium. Bibliotekdirektøren har ansvaret for den daglege leiinga av verksemda ved biblioteket. Arbeidet ved UB sine avdelingar/fakultetsbibliotek vert leia av ein avdelingsleiar/fakultetsbibliotekar.

Ved UB er det for tida om lag 120 faste stillingar, fordelt på 13 avdelingar, av desse 7 fakultetsbibliotek. Personalet fordeler seg på følgjande stillingsgrupper:

1) Fakultets- og universitetsbibliotekarar

2) Bibliotekarar

3) Administrativt og teknisk personale

Det psykologiske fakultetsbibliotek disponerer for tida i alt 5,5 faste stillingar.

Biblioteket har dei seinaste åra gjennomgått ei sterk utvikling innan bruken av moderne informasjonsteknologi. UB nyttar det integrerte biblioteksystemet BIBSYS til dei fleste interne tradisjonelle bibliotektenester og systemet Dewey Decimal Classification til systematisering og indeksering av litteratur.

Den som vert tilsett som fakultetsbibliotekar vil få det administrative og faglege ansvaret for Det psykologiske fakultetsbibliotek. Vedkommande må i tillegg delta i fagreferentarbeid innan fagområda ved Det psykologiske fakultet, og i den øvrige verksemda ved biblioteket. Fagreferentarbeidet omfattar m.a. oppbygging, systematisering og vedlikehald av litteratursamlingar og utføring av informasjonstenester innanfor dei aktuelle fagområda. Erfaring med bruk av informasjonsteknologi generelt, og edb-basert informasjonssøking spesielt, vil derfor vere ønskjeleg. Informasjonstenestene omfattar også rettleiing og undervising i aktuelle informasjons- og referansemetodar for biblioteket sine brukarar. Den som vert tilsett må også kunne ta aktivt del i den vidare utvikling og tilrettelegging av slike tenester.

Fakultetsbibliotekaren skal delta i fakultetet sitt bibliotekutval. Det er ein føresetnad at fakultetsbibliotekaren er kontaktperson mellom fakultetet og UB og har nær kontakt med dei fagområda der Det psykologiske fakultet driv undervising og forsking.

Søkjarar må ha universitetseksamen av høgare grad eller tilsvarande utdanning. Søkjarar må ha hovudvekt på eit av faga psykologi eller pedagogikk, men lang og allsidig relevant praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning innan eit av desse faga kan i spesielle tilfelle reknast som tilsvarande faglege kvalifikasjonar. Det vil verte lagt vekt på erfaring frå administrasjon og leiing, bibliotekfagleg utdanning og praksis frå vitskapeleg bibliotek. Universitetsbiblioteket nyttar i stor og veksande grad informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i sine rutinar, og erfaring frå dette området vil derfor vere ein føremon. Erfaring frå undervising vil også telje med.

Fakultetsbiblioteka er arbeidsplassar der dei bibliotektilsette kjem i nær kontakt med tilsette og studentar ved fakultetet, og der det er viktig at alle kan delta i forskjellige typar arbeidsoppgåver. Evne til samarbeid, fleksibilitet og ei positiv haldning i møte med brukarane er derfor ein føresetnad for arbeidet.

Arbeidet som fakultetsbibliotekar krev bibliotekfagleg kompetanse. Søkjarar som ikkje tilfredsstiller dette kravet, må gjennomgå eit bibliotekfagleg opplæringsprogram innan informasjonsinnhenting og –forvalting, systematisering i Dewey og bruk av BIBSYS.

Stillinga som fakultetsbibliotekar er løna i lønssteg 52. Etter spesiell vurdering kan ein få løn som førstebibliotekar i lønssteg 53. Søkjarar kan ta atterhald i søknaden om slik løn. Høgre lønsplassering kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar.

Den som vert tilsett har etter søknad høve til å drive forskings- og utviklingsarbeid etter nærare reglar.

Universitetet i Bergen nyttar meiroffentlegprinsippet ved tilsetjing i slike stillingar.