Universitetsbiblioteket i Bergen

 

AVDELINGSLEIAR (FAKULTETSBIBLIOTEKAR)

 

Ved Universitetsbiblioteket i Bergen er det ledig ei stilling som avdelingsleiar (fakultetsbibliotekar). Den som vert tilsett vil få det administrative og faglege ansvaret for Det psykologiske fakultetsbibliotek. Vedkommande må i tillegg delta i fagreferentarbeid innan fagområda ved Det psykologiske fakultet som m.a. omfattar oppbygging, systematisering og vedlikehald av litteratursamlingar, og utføring av informasjonstenester innanfor dei aktuelle fagområda, dessutan deltaking i den øvrige verksemda ved biblioteket. Informasjonstenestene omfattar også rettleiing og undervising i aktuelle informasjons- og referansemetodar for biblioteket sine brukarar.

Søkjarar må ha universitetseksamen av høgare grad eller tilsvarande utdanning. Søkjarar må ha hovudvekt på eit av faga psykologi eller pedagogikk, men lang og allsidig relevant praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning innan eit av desse faga kan i spesielle tilfelle reknast som tilsvarande faglege kvalifikasjonar. Det vil verte lagt vekt på erfaring frå administrasjon og leiing, bibliotekfagleg utdanning og praksis frå vitskapeleg bibliotek. Universitetsbiblioteket nyttar i stor og veksande grad informasjons- og kommunikasjonsteknologi i sine rutinar, og god erfaring frå dette vil derfor vere ein føremon. Erfaring frå undervising vil også telje med. Søkjarar må ha evne til samarbeid, fleksibilitet og ei positiv haldning i møte med brukarane. Søkjarar utan bibliotekkunnskap og -erfaring må forplikte seg til å gjennomgå eit bibliotekfagleg opplæringsprogram. Ein stillingsomtale kan ein få frå Universitetsbiblioteket i Bergen.

Løn etter ltr 52 (kode 1199/LR 25). Etter spesiell vurdering kan ein få løn som førstebibliotekar i ltr. 53 (kode 1200). Søkjarar kan ta atterhald i søknaden om slik løn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

Universitetet i Bergen nyttar meiroffentlegprinsippet ved tilsetjing i slike stillingar.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til bibliotekdirektør Kari Garnes, tlf. 55 58 25 01.

Den som vert tilsett kan påleggjast å ta del i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid og må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søknad, som inneheld fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare verksemd og eventuelle publikasjonar, og stadfesta kopi av vitnemål og attestar, skal sendast i 3 eksemplar til Universitetsbiblioteket i Bergen, Administrasjonen, Haakon Sheteligs plass 7, 5007 Bergen, innan

 

Søknaden skal merkast