Universitetsbiblioteket i Bergen

 

MØTE I UBs RÅD 25.09.2000. SAK R26/2000.

 

 

FAKULTETSBIBLIOTEKAR VED DET PSYKOLOGISKE FAKULTETSBIBLIOTEK. UTLYSING.

 

Inger Johnsen sa opp stillinga si som avdelingsleiar (fakultetsbibliotekar) ved Det psykologiske fakultetsbibliotek, med verknad frå 17. august 2000.

Universitetsbibliotekar Anne Sissel Vedvik Tonning fungerer som fakultetsbibliotekar til tilsetjing i stillinga skjer.

Bibliotekdirektøren finn ikkje at det er grunnlag for å halda leiarstillinga ved Det psykologiske fakultetsbibliotek ledig og fremjar derfor følgjande

 

forslag til vedtak:

Det vert lyst ut ei stilling som avdelingsleiar (fakultetsbibliotekar) ved Det psykologiske fakultetsbibliotek i samsvar med vedlagte forslag til utlysingstekst og stillingsomtale.

 

 

19.09.00

KG/MM