UNIVERSITETSBIBLIOTEKET I BERGEN

BERGEN UNIVERSITY LIBRARY

 

 

ÅRSPLAN 2000

 

 

1. OVERORDNA MÅL OG HOVUDMÅL

 

Universitetsbiblioteket sitt råd vedtok på møte 12.11. 1996 ein strategisk plan for Universitetsbiblioteket i Bergen for femårsperioden 1997-2001. I denne planen vart det på bakgrunn av Universitetet sitt overordna mål sett opp følgjande overordna mål og hovudmål for verksemda ved Universitetsbiblioteket:

Universitetsbiblioteket har som overordnet mål å yte informasjonstjenester av høy kvalitet, ved å skaffe rask og enkel tilgang til relevant informasjon for den forskning, undervisning og kunnskapsformidling som drives ved Universitetet i Bergen. Samlinger og tjenester stilles også til rådighet for andre brukere så langt dette er mulig.

Dette skjer ved at biblioteket:

    1. Opprettholder og utvikler egne samlinger av bøker, tidsskrifter, elektroniske dokumenter og annet materiale som stilles til lånernes rådighet etter behov, samt etablerer avtaler som sikrer ansatte og studenter ved Universitetet i Bergen tilgang til eksterne informasjonsressurser.
    2. Etablerer og videreutvikler brukervennlige elektroniske bibliotektjenester som en integrert del av UiBs informasjonssystem, med direkte tilgang fra de ansattes arbeidsstasjoner og fra bibliotekets publikumsterminaler.
    3. Yter referansetjenester og gir opplæring og veiledning i bruk av biblioteket og dets tjenester, for at brukerne skal kunne utnytte bibliotekets tjenester best mulig.

 

Hovedmål:

    1. Biblioteket vil legge hovedvekten på brukerne og deres behov for informasjonstjenester.
    2. Biblioteket skal yte god service.
    3. Brukerne skal sikres god tilgang til samlinger og tjenester i funksjonelle og tidsmessige lokaler.
    4. Biblioteket vil tilstrebe en best mulig kunnskapsorganisering, og vil benytte moderne informasjonsteknologi for å kunne tilby forbedrede informasjonstjenester.
    5. Biblioteket skal drive en aktiv samlingspolitikk med sikte på en optimal utnyttelse av samlingene.
    6. Biblioteket skal utnytte disponible ressurser best mulig og ha effektive interne rutiner.
    7. Biblioteket vil føre en aktiv personalpolitikk og vil legge vekt på å skape et best mulig arbeidsmiljø for de ansatte.

 

 

2. BUDSJETTSITUASJONEN I 2000

Universitetsbiblioteket har på grunnlag av Kollegievedtak 09.12.1999 og seinare justeringar m.a. i samband med ny ordning for refundering av sjukepengar, fått eit totalbudsjett på kr. 57.647.800 i 2000. Det er gitt kompensasjon for den generelle pris- og lønnsauken med 3 % av driftsbudsjettet. I tillegg har UB fått ei omfordelingstildeling på 2 mill. kr., fyrst og fremst for å dekke høg prisauke på utanlandske tidsskrift. Frå og med 2000 er utgifter til internhusleige overførte til einingane, medan desse tidlegare vart dekte sentralt. For å få ei reell samanlikning mellom budsjettala for 1999 og 2000 er denne overføringa ikkje tatt med i oversynet nedanfor. Etter at internhusleiga er trekt frå, er det ein nominell auke i UB sitt totalbudsjett frå 1999 til 2000 på om lag 2,24 mill. kr., dvs. om lag 4,3 %. Pga. den spesielt høge prisauken på litteratur (rekna til vel 9 % i 2000), vil samla prisauke for heile UB sitt budsjett i 2000 truleg bli om lag 4,8 %. På dette grunnlaget vil UB få ein nedgang i realverdien av budsjettet i 2000 på om lag 0,5 %, eller om lag 260.000 kr.

UB sitt råd vedtok på møte 14.12.1999 å styrke løyvingane til litteratur slik at realverdien av litteraturtildelingane vert halde oppe på om lag same nivå som i 1999. Dermed er det håp om å unngå oppseiingar av tidsskriftabonnement i 2000 i så stort omfang som i 1998 og 1999. Den vedtekne nøkkelen for fordeling av UB sine litteraturmidlar fører til ei viss forskyving av litteraturmidlar mellom fagområda. Ein reknar difor med å måtte seie opp nokre tidsskriftabonnement, særleg innan realfag og medisin, medan nokre fagområde vil få i viss styrking i 2000. Til løn vart det fordelt om lag same nominelle sum som i 1999. I 1999 måtte det sparast 800.000 kr. på lønsbudsjettet. For å oppnå budsjettbalanse i 2000 må det sparast inn same sum på lønsbudsjettet i 2000, og i tillegg må ein spara inn tilsvarande til nedgangen i realverdien av budsjettet i 2000 på 260.000 kr. Litt av dette kan sparast på vanleg drift, men storparten må takast av lønsbudsjettet, slik at samla innsparing på lønsbudsjettet blir om lag 1 mill. kr. i 2000. Innsparinga på lønsbudsjettet svarer til om lag 4 heile stillingar på årsbasis, og vil føre til at tenestetilbodet til brukarane ikkje kan forbetrast i høve til i 1999.

UB har lenge hatt mykje for låge utstyrsbudsjett. Utstyrsløyvingane er kraftig reduserte frå 1993 til 2000. Det har lenge vore stor trong til å skifte ut og oppgradere dårleg og gamalt edb-utstyr og anna utstyr ved UB. Denne trongen er blitt forsterka dei siste åra ved at BIBSYS no er i ferd med å gå over til Windows-plattform. Utstyrsløyvinga til UB i 2000 er mykje for låg til å dekkje dei reelle behova.

I utgangspunktet er det naudsynt med ein realvekst i budsjettet for å kunne tilby betre bibliotektenester til brukarane. Det gjeld både litteraturbudsjettet, driftsbudsjettet og utstyrsbudsjettet. Gjennom mange år har det vore ein sterk aktivitetsauke ved UB, fyrst og fremst når det gjeld låneaktiviteten, som er den viktigaste indikatoren på aktivitetsnivået ved eit bibliotek. I løpet av 10-årsperioden 1990-99 er låneaktiviteten meir enn tredobla, medan auken i tilgjengelege personalressursar i same periode har vore på under 30 %. Desse tala syner at det i løpet av perioden har skjedd ei solid effektivisering av bibliotekdrifta, m.a. ved at stadig fleire bibliotekrutinar er automatiserte og ved auka arbeidsinnsats frå dei tilsette.

På grunnlag av desse momenta har UB sitt råd vedteke følgjande fordeling av hovudpostane på UB sitt totalbudsjett i 2000:

 

UB TOTALBUDSJETT

Utgift

Rekneskap 1999

Budsjett 2000

Løn

29 550 000

29 430 000

BIBSYS-drift

2 094 000

2 378 000

Bokkonto

19 120 000

19 300 000

Øvrig drift (annuum)

2 738 000

3 000 000

Sum drift ekskl. løn

23 952 000

24 678 000

Sum drift inkl. løn

53 502 000

54 108 000

Vit. utstyr

552 500

650 000

SUM TOTALT

54 054 500

54 758 000

 

Tilskot frå fakultet og Haukeland sjukehus på om lag 1,3 mill. kr. i 1999 er ikkje tatt med i dette oversynet, medan overføring av ubrukte midlar frå 1998 til 1999 på vel 1,1 mill. kr. er inkludert i tala for 1999. Forbruket på bokkonto var høgare enn budsjettert i 1999, av di UB mot slutten av året hadde igjen om lag 1,5 mill. kr. på totalbudsjettet, som vart brukte til litteraturføremål, jamvel om dei eigentleg var disponerte til andre føremål.

Utgifter til internhusleige på kr. 2.890.000 er ikkje tatt med i budsjettet for 2000 i dette oversynet.

 

 

3. ÅRSPLAN 2000

På grunnlag av dei overordna måla og hovudmåla som er gjevne att ovanfor, og på grunnlag av dei disponible ressursane, har UB sett opp følgjande delmål og tiltak for verksemda i 2000. Det er ikkje prioritert mellom delmåla.

 

Delmål 1: Arbeide for å skaffe funksjonelle og tidsmessige lokale til verksemda ved UB, slik at brukarane får god tilgang til samlingar og tenester

Tiltak:

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/magasinsjef/fakultetsbibliotekarane

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/fakultetsbibliotekar

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/ avdelingsleiarane

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/fakultetsbibliotekar

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/fakultetsbibliotekar

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/fakultetsbibliotekar

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/fakultetsbibliotekar

Ansvarleg: Fakultetsbibliotekar/magasinsjef

 

Delmål 2: Halde oppe nivået på litteratursamlingane ved UB, inkl. dei elektroniske samlingane, så godt som mogleg

UB har som eitt av sine overordna mål å oppnå ein klar realauke i tildelingane til litteratur, både i papirform og i elektronisk (fulltekst)format. Med dei budsjettildelingane UB har fått i 2000, reknar ein med at realverdien av dei disponible litteraturmidlane blir om lag den same som i 1999.

Tiltak:

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/fakultetsbibliotekarane/fagreferentane

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/fakultetsbibliotekarane/fagreferentane

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/fakultetsbibliotekarane

Ansvarleg: Fakultetsbibliotekarane/fagreferentane

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren

Ansvarleg: Fakultetsbibliotekarane/Bibliotekdirektøren

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren

Ansvarleg: Fakultetsbibliotekarane/fagreferentane

Ansvarleg: Leiar for IT-avdelinga

  1. Installere detektorsystem i utlånsavdelingane for å hindre/redusere svinn/tjuveri.
  2. Ansvarleg: Bibliotekdirektøren

  3. Utføre naudsynt konserverings- og restaureringsarbeid, særleg på eldre verdfulle samlingar.
  4. Ansvarleg: Leiar for spesialsamlingane

  5. Digitalisere eldre samlingar (manuskript, bøker, bilete, mv.) for å unngå slitasje på verdfullt originalmateriale

Ansvarleg: Leiar for spesialsamlingane/UB si IT-avdeling/Avdeling for forskingsdokumentasjon

 

Delmål 3: Føre vidare arbeidet med å byggje ut elektroniske bibliotektenester og styrke informasjonstenestene/brukaropplæringa

Tiltak:

  1. Utvide tilbodet på og tilgangen til nasjonale og internasjonale informasjonstenester og fulltekstdatabaser online via nettet.
  2. Sikre best mogleg online tilgang til dei maskinlesbare katalogane (i BIBSYS) via Internett, m.a. slik at forskarane så langt råd kan nå dei frå sine eigne arbeidsplassar.
  3. Hjelpe brukarane til å finne fram til relevant informasjon med tilfredsstillande kvalitet, m.a. ved å lage faglege emneportalar for forskingskjelder på Internett, lokalt og i eit nasjonalt samarbeid, slik at det blir enklare for brukarane å få oversikt over samlingane, også i digital form.
  4. Oppdatere informasjons- og rettleiingsmateriell i bruk av biblioteket både i papirform og i elektronisk form, og vidareutvikle UB sine websider for publikum, slik at dei bli mest mogleg brukarvenlege.
  5. Arrangere informasjonsdagar/brukaropplæring for nye lånarar ved alle utlånsavdelingar ei veke i byrjinga av haustsemesteret og/eller på faste dagar/tider i løpet av semesteret.
  6. Styrke kontakten/samarbeidet med institutta/fagmiljøa ved UiB med sikte på å gje betre bibliotektenester og forbetre brukaropplæring.
  7. Styrke det interne arbeidet med å kvalitetssikre bibliotektenestene.

Ansvarleg: Avdelingsleiarane/opplæringsansvarleg

Ansvarleg: Leiar for IT-avdelinga

Ansvarleg: Leiar for avdeling for forskingsdokumentasjon/konverteringsprosjektet

Ansvarleg: Leiar for biletsamlinga

  1. Gjere ferdig arbeid med ny versjon av databasen for forskingsdokumentasjon våren 2000, slik at den kan takast i allmenn bruk i forskingsmiljøa ved UiB frå sommaren.
  2. Setje i drift ei web-basert teneste for formidling av samandrag (abstracts) til alle dr.gradsavhandlingar og hovudfagsoppgåver ved UiB
  3. Halde fram planarbeid for ei støtteteneste for elektronisk publisering ved UiB, basert på dei tilrådingane som kjem frå det utvalet under det sentrale IT-organet som arbeider med denne saka
  4. Skaffe betre kompetanse om dei opphavsrettslege spørsmål som bruk av ny teknologi i bibliotek fører med seg

Ansvarleg: Leiar for avdeling for forskingsdokumentasjon

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren

 

Delmål 4: Skaffe det utstyret, særleg edb-utstyr, som er naudsynt for at UB skal kunne utføre tilfredsstillande tenester

Det er stor trong for utskifting/oppgradering av eldre edb-utstyr og for innkjøp av nytt edb-utstyr ved UB, spesielt i samband med at BIBSYS langt på veg har gått over til web-grensesnitt. Dette gjeld både utstyr for UBs eigne tilsette og for publikum. Mange av PC-ane ved UB er for svake til å kunne bruke Windows og/eller Internett.

Tiltak:

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/leiar for IT-avdelinga

Ansvarleg: Leiar for IT-avdelinga

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren

 

Delmål 5: Utnytte disponible ressursar best mogleg og ha effektive interne rutinar

UB må tilpasse tenestetilbodet sitt til budsjettrammene i 2000. For å klare den naudsynte innsparinga på lønsbudsjettet må om lag 4 stillingar haldast ledige på årsbasis. UB reknar med å kunne halde oppe tenestetilbodet for brukarane på om lag same nivå som i 1999. Opningstidene vil og vere mykje dei same som i 1999, men vil framleis vere kortare enn i 1997 og tidlegare år. Ein reknar med at låneaktiviteten vil liggje på om lag same nivå som i 1999.

Tiltak:

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/fakultetsbibliotekarane

Ansvarleg: Fakultetsbibliotekarane

Ansvarleg: Fakultetsbibliotekarane

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/fakultetsbibliotekarane

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/fakultetsbibliotekarane

 

Delmål 6: Delta aktivt i bibliotekrelatert forskings- og utviklingsarbeid, i formidlingsverksemd, og i aktuelle samarbeidsprosjekt med andre organ/institusjonar

Tiltak:

Ansvarleg: Leiar for avdeling for forskingsdokumentasjon

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren

  1. Vidareutvikling av BIBSYS
  2. Oppbygging av emneportalar
  3. Fellesavtaler for elektroniske abonnement og andre innkjøp

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/avdelingsleiarane

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/avdelingsleiarane/leiar for avdeling for forskingsdokumentasjon

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/avdelingsleiarane

 

Delmål 7: Forbetre det fysiske arbeidsmiljøet og skape betre tilhøve for dei tilsette og for publikum i UB sine bygg

Biblioteket vil leggje vekt på eit godt arbeidsmiljø som fremjar samarbeid, kreativitet, læring, arbeidsevne, helse og trivsel.

Tiltak:

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/fakultetsbibliotekarane

 

Delmål 8: Gjennomføre løns- og personalpolitiske tiltak

Dei tilsette er ein viktig ressurs for biblioteket. UB vil leggje stor vekt på ein optimal bruk av den enkelte tilsette sin kompetanse ut frå biblioteket sine mål.

Tiltak:

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/avdelingsleiarane/fakultetsbibliotekarane

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/avdelingsleiarane

Ansvarleg: Avdelingsleiarane

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/avdelingsleiarane

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren/avdelingsleiarane

Ansvarleg: Bibliotekdirektøren

 


jens.reinton@ub.uib.no / 05.04. 2000.