[../../css/ny-marg.htm]

 

Universitetet i Bergen : Universitetsbiblioteket

Studenten som skulle til Universitetet for å bli vis

(av Agnes Jessen Bakkevig og Ane Landøy, august 2004)

Det var ein gong ein liten student som skulle til Universitetet i Bergen for å bli vis. Han pakka skreppa med niste og tilsagn om studieplass, og alt som godt var, og la i veg.

På vegen møtte han ei gammal kone som stod med nasen fast i ein stubbe. "Kjære vene deg, kan du hjelpe meg? spurde kona. "Ja visst", svarte studenten. "Takk, dette skal du ikkje ha gjort for inkje" sa kona. "Du skal få eit godt råd med på vegen til Universitetet: Når du kjem til Universitetet, så er det eit universitetsbibliotek der. Det kjem du til å få mykje bruk for i studiane dine."

Studenten gjekk vidare, og på vegen møtte han ei anna gammal kone som også hadde fått nasen fast i ein stubbe. Kjære vene deg, kan du hjelpe meg? spurde kona. "Ja visst", svarte studenten. "Tusen takk, dette skal du ikkje ha gjort for inkje" sa kona. "Du skal få eit godt råd med på vegen til Universitetet: Universitetsbiblioteket er delt i fleire fakultetsbibliotek, det fins eit bibliotek for kvart fakultet. Finn det biblioteket som passar til dine studiar".

Studenten måtte vidare han, og på vegen møtte han den tredje gamle kona med nasen fast i ein stubbe. Kjære vene deg, kan du hjelpe meg? spurde kona. "Ja visst", svarte studenten. "Tusen takk, dette skal du ikkje ha gjort for inkje" sa kona. "Du skal få eit godt råd med på vegen til Universitetet: Når du har fått studiekortet ditt, men ikkje før, skal du gå på Universitetsbiblioteket. Der kan du lese tidsskrift og aviser og bruke PCar og låne alle dei bøkene du vil".

Studenten gjekk nøgd vidare til han såg Christiestatuen med løva i det fjerne. Der stoppa han og sa: "Dette må eg i det minste hugse":
At eg skal bruke Universitetsbiblioteket
At eg skal finne mitt fakultetsbibliotek
At studiekortet også er lånekort, og at eg kan
bruke biblioteket med ein gong eg har fått studiekort"
Snipp, snapp, snute: Velkommen til UB