ÅRSMELDING 1999

Bergen, juni 2000

1. ORGANISERING OG OPPBYGGING

Universitetsbiblioteket i Bergen (UB) er eit offentleg vitskapeleg bibliotek. Biblioteket er ein del av det totale faglege og pedagogiske tilbodet ved Universitetet i Bergen, og er organisert direkte under Det akademiske kollegium/Universitetsdirektøren. Universitetsbiblioteket skal fyrst og fremst gje informasjons- og dokumentasjonstenester til den forsking og undervisning som er knytt til Universitetet i Bergen. Men biblioteket har og brukarar og samarbeidspartnerar utanfor UiB, lokalt i Bergens- og Vestlandsregionen, nasjonalt og internasjonalt, og biblioteket er ope for alle.

Universitetsbiblioteket har bygd opp sine samlingar for å dekkje best mogleg den forsking og undervisning som foregår ved UiB. Biblioteket har spesialsamlingar som bilete, manuskript, aviser og kart. UB nyttar det automatiserte biblioteksystemet BIBSYS, som er ein felles database for universitet og høgskolar i Noreg, og abonnerer på ei rekkje informasjonsdatabasar og elektroniske tidsskrift som er søkbare online via UiB sitt nett.

 

Styringsorgan

Universitetsbiblioteket har følgjande styringsorgan:

A) Råd

B) Styre

C) Bibliotekdirektør

Rådet er UB sitt høgste organ og handsamar alle prinsipielle saker og andre saker som er viktige for verksemda. Rådet har 15 medlemmer: 7 fakultetsrepresentantar, 6 representantar for personalet ved UB og 2 studentrepresentantar. I tillegg deltar bibliotekdirektøren og kontorsjef på møtene. Rådet hadde i 1999 fem møte.

Alle representantar vert valde/oppnemnde for ein periode på 3 år, med unnatak for studentrepresentantane som vert oppnemnde for ein periode på 1 år.

Styret handsamar og avgjer løpande saker etter retningsliner som Rådet set opp. Styret har 5 medlemmer som vert valte av og blant Rådet: 1 fakultetsrepresentant, 3 representantar for personalet ved UB og 1 studentrepresentant. Styret hadde i 1999 fem møte.

Bibliotekdirektøren leiar Universitetsbiblioteket, fagleg og administrativt, og representerer biblioteket utover.

Eit oversyn over medlemmene i UB sitt råd og styre i 1999 finst i vedlegg 5.

 

Faste utval

UB hadde i 1999 følgjande 6 faste utval:

Budsjettutval: = UB sitt styre
Tilsettingsutval: 3 medlemmer
IT-utval: 5 medlemmer
Opplæringsutval: 6 medlemmer
Velferdsutval: 4
Samarbeidsutval: 6 medlemmer (3 frå UB-leiinga og 3 frå tenestemannsorganisasjonane ved UB)

I tillegg er det i samsvar med reglane for styringsorgan bibliotekutval ved kvart fakultet, oppnemnt av fakultetsstyre/råd. Fakultetsrepresentantane i UB sitt råd og fakultetsbibliotekarane skal vere medlemmer i bibliotekutvala, saman med representantar for institutta.

 

Avdelingar

UB er i stor grad desentralisert, og består av 12 fakultetsbibliotek/publikumsavdelingar, som er geografisk spreidd over store delar av Universitetet sine område, og 5 fellesavdelingar/-funksjonar, som er lokalisert dels på Haakon Sheteligs pl. 7, og dels i Parkvn. 9. I 1999 hadde biblioteket følgjande avdelingar/einingar (jf. og organisasjonskart i vedlegg 2):

 

 

2. MÅL FOR VERKSEMDA

Universitetsbiblioteket har som overordna mål å yte informasjonstenester av høg kvalitet for den forsking, undervisning og kunnskapsformidling som vert driven ved Universitetet i Bergen. Samlingar og tenester er og tilgjengelege for andre brukarar så langt dette er mogleg.

Dette skjer ved at biblioteket:

1) Halder ved lag og utviklar vidare eigne samlingar av bøker, tidsskrift, elektroniske dokument og anna materiale som blir stilt til rådvelde for lånarane, samt etablerer avtalar som sikrar tilsette og studentar ved Universitetet i Bergen tilgjenge til eksterne informasjonsressursar.

2) Etablerer og utviklar vidare brukarvenlege elektroniske bibliotektenester som ein integrert del av UiB sitt informasjonssystem, med direkte tilgjenge frå dei tilsette sine arbeidsstasjonar og frå biblioteket sine publikumsterminalar.

3) Yter referansetenester og gjev opplæring og rettleiing i bruk av biblioteket sine tenester, for at brukarane skal kunne utnytte tenestene best mogleg.

I samsvar med den overordna målsettinga og på grunnlag av dei disponible ressursane i 1999, sette UB i årsplanen for 1999 opp følgjande prioriterte delmål. Det finst ei meir detaljert spesifisering av desse 8 delmåla i resultatmål/arbeidsmål i Årsplan 1999 for UB.

1) Arbeide for å skaffe funksjonelle og tidsmessige lokale til UB si verksemd, slik at brukarane vert sikra god tilgang til samlingar og tenester

2) Halde oppe nivået på litteratursamlingane ved UB, inkl. dei elektroniske samlingane, best mogleg

3) Føre vidare arbeidet med å bygge ut elektroniske bibliotektenester og styrke informasjonstenestene/brukaropplæringa

4) Skifte ut/oppgradere eldre edb-utstyr og anna utstyr

5 Tilpasse tenestetilbodet til budsjettrammene i 1999

6) Delta aktivt i bibliotekrelatert forskings- og utviklingsarbeid, i utoverretta verksemd, og i aktuelle samarbeidsprosjekt med andre organ/institusjonar

7) Forbetre det fysiske arbeidsmiljøet og skape betre tilhøve for dei tilsette og for publikum i UB sine bygg

8) Gjennomføre løns- og personalpolitiske tiltak

 

 

3. RESULTAT

3.1. Universitetsbiblioteket i tal 1999

I 1999 har Universitetsbiblioteket satsa særskilt på å byggja vidare ut dei elektroniske bibliotek- og informasjonstenestene. Det er gjort mykje for å gje brukarane tilgang til stadig større deler av UB sine samlingar og tenester via Internett. Dette året er det særleg arbeidd med å skaffe brukarane tilgang til elektroniske tidsskrift i fulltekst og med å digitalisere dei viktigaste delane av K. Knudsens biletsamling. I tillegg er det arbeidd vidare med konvertering av UB sin gamle kortkatalog og med utvikling av databasar for og elektronisk registrering av forskingsdokumentasjon. Det er og gjort mykje for å skifte ut og oppgradere forelda og dårleg edb-utstyr.

I 1999 var det på ny ein klår auke i låneaktiviteten ved UB, etter at det i 1998 var ein mindre nedgang på dette området. Samla lånetal i 1999 var det høgaste nokon gong ved UB. I løpet av 10-årsperioden 1990-99 er lånetala meir enn tredobla. I same periode har det vore ein auke i tilgjengelege personalressursar på under 30 %, altså under ein tidel av låneauken. Dette syner at det har vore ei solid effektivisering av bibliotekdrifta i 1990-åra, m.a. ved hjelp av ei vidareutvikling og stadig betre utnytting av dei automatiserte biblioteksystema. Til tross for ein nominell auke i totalbudsjettet måtte UB i 1999 seie opp tidsskriftabonnement for 1,3 mill. kr., hovudsakleg pga. ein vedvarande høg prisauke på tidsskrift. UB klarte i 1999 å utvida opningstidene ved utlånsavdelingane noko i høve til i 1998, men dei er framleis kortare enn dei var før 1998.

 

3.2. Prioriterte oppgåver/resultatmål som er gjennomførde i 1999

Til delmål 1:

Til delmål 2:

Til delmål 4:

Til delmål 5:

Til delmål 6:

Til delmål 7:

Til delmål 8:

 

3.3. Prioriterte oppgåver/resultatmål som ein ikkje fekk gjennomført i 1999

 

3.4. Tilgjengelege ressursar i 1999.

Universitetsbiblioteket disponerte i 1999 eit ordinært budsjett på om lag 52,3 mill. kr. Når arbeidsgjevaravgift til folketrygda på 3,7 mill. kr. vert halde utanom, fekk UB ein nominell auke i totalbudsjettet sitt på vel 1,5 mill. kr., eller om lag 3,1 %. Pga. høg prisauke på litteratur (om lag 9 % i 1999) vart samla prisauke for heile UB sitt budsjett i 1999 om lag 6,5 %. Dette førte til ein nedgang i realverdien av UB sitt ordinære budsjett i 1999 på 3,1 %, eller om lag 1,5 mill. kr. I tillegg får UB tilskot frå ein del fakultet og frå Haukeland sjukehus. Denne stønaden kjem dels i form av direkte tilskot til UB sitt budsjett, dels i form av at fakultet osb. dekker utgifter til løn, innkjøp av bøker o.l. Desse tilskota utgjorde i 1999 om lag 2,3 mill. kr., i 1998 vel 2,6 mill. kr. Når ein tar omsyn til desse tilskota, hadde UB ein nedgang i realverdien av samla disponible midlar frå 1998 til 1999 på 3,3 %. Det måtte difor sparast inn om lag kr. 800.000 på lønnsbudsjettet og like mykje på litteraturbudsjettet i 1999. Det vart utført om lag like mange årsverk ved UB i 1999 som i 1998 (109,3 mot 109,6). Desse tala omfattar og eksternt finansiert ekstrahjelp. Ved hjelp av god ressursutnytting og god arbeidsinnsats frå personalet klarte likevel UB å få til ein mindre auke i opningstidene i høve til i 1998, slik at dei fleste utlånsavdelingane i 1999 var opne måndag-fredag kl. 9 - 18.

 

3.5. Personalressursar

Det vart utført 109,3 årsverk ved UB i 1999, mot 109,6 i 1998 (jf. tabell 4-6 og figur 2). Dette er ein reduksjon på 0,3 %.

Pr. 31.12.1999 var det 102 faste stillingar ved Universitetsbiblioteket, fordelt på 122 personer. Desse tala omfattar utanom stillingar på UB sitt eige lønsbudsjett også 1½ stillingar som vert dekte av Fylkesarbeidskontoret. I tillegg kjem ein del mellombels og timelønna stillingar. Eit samla oversyn over UB sitt personale i 1999 finst i Dei faste stillingane ved UB er fordelte på følgjande stillingskategoriar, rekna i heile stillingar:

Fakultets- og universitetsbibliotekarar: 21,0

Bibliotekarar: 35,5

Teknisk/administrative stillingar: 45,5

3.6. Lån og publikumsbesøk

Dei viktigaste indikatorane på aktivitetsnivået ved eit bibliotek er låneaktiviteten og besøkstala. Lånetala steig frå om lag 435.000 i 1998 til vel 460.000 i 1999, dvs. med om lag 6 % (jf. tabell 18). Utviklinga er likevel ikkje den same ved alle UB sine avdelingar. Tre fakultetsbibliotek hadde ein viss auke frå 1998 til 1999 (HF, Mat.-nat. og Medisin), Det psykologiske fakultetsbibliotek hadde ein kraftig auke på over 40 %. medan tre fakultetsbibliotek hadde ein mindre nedgang i lånetala frå 1998 til 1999 (Odont., SV og Juridisk, jf. tabell 19 og figur 10-11). Bortsett frå i 1998 har lånetala stige jamt og til dels kraftig på heile 90-talet, slik at dei er meir enn tredobla i løpet av 10-årsperioden 1990-99 (jf. tabell 19 og figur 9). Både utbygging av fakultetsbibliotek, aukande studenttal i ein stor del av perioden, og betre tilgang til samlingane gjennom BIBSYS har medverka til denne positive utviklinga. Også utnyttingsgraden for samlingane ved UB har auka kraftig i denne perioden, frå 10,7 % i 1990 til 28 % i 1999 (jf. tabell 24 og figur 12).

Talet på lånetransaksjonar pr. utført årsverk ved UB er nær på tredobla dei siste ti åra, frå vel 1.500 i 1990 til vel 4.200 i 1999 (jf. tabell 25 og figur 13), noko som klårt syner at UB i løpet av denne perioden har oppnådd ei meir effektiv utnytting av personalressursane.

Talet på fjernlån til andre bibliotek steig frå 48.315 i 1998 til 62.220 i 1999, dvs. med 28,8 % (jf.tabell 21). Dette er ein sterk auke, og skuldast fyrst og fremst ein uvanleg kraftig auke i fjernlånet frå Det psykologiske fakultetsbibliotek. Talet på innlån frå andre bibliotek steig frå 37.240 i 1998 til 40.150 i 1999, dvs. med 7,8 % (jf. tabell 22). Innlånsdelen av det samla lånevolumet var i 1999 på 8,7 %. Frå 1990 til 1997 viste innlånsdelen ein synkande tendens, frå 13,2 % i 1991 til 8,3 % i 1997 (jf. tabell 23). Dei to siste åra har det vore ein liten auke i innlånsdelen. Innlånsdelen av det totale lånevolumet reknast vanlegvis som eit mål på i kor høg grad eit bibliotek klarer å dekke litteraturtrongen til brukarane sine ved hjelp av eigne samlingar. Det største innlånet i høve til samla lånevolum finn ein ved Det medisinske fakultetsbibliotek (15,7 %). Det samla fjernlånet frå UBB til andre bibliotek er større enn innlånet til UBB frå andre bibliotek. I 1999 var dette tilfelle for alle UB sine avdelingar, med unnatak for Det mat.-nat. fakultetsbibliotek, der innlånet inn var større enn fjernlånet ut. Differansen mellom fjernlån til andre bibliotek og innlån frå andre bibliotek har auka dei siste 5 åra. I 1994 var differansen om lag 4.220, i 1999 var han på over 22.000. Samla fjernlån (dvs. innlån + utlån) var i 1999 22,2 % av det totale lånevolumet, noko som er høgre enn gjennomsnittet for norske fag- og forskingsbibliotek.

Mange menneske bruker biblioteket utan at dette fører til lån, t.d. til å gjere oppslag, nytte lesesalen, få svar på spørsmål o.l. Slike besøk/spørsmål som ikkje fører til lån, vert ikkje registrert i den offisielle lånestatistikken. Teljingar ved UB sine avdelingar syner at talet på personar som bruker biblioteket utan at dette fører til lån, er om lag like høgt som talet på registrerte lån. Ein reknar med at samla tal for publikumsbesøk og spørsmål til UB i 1999 var om lag 930.000, medan det i 1998 var om lag 880.000.

 

3.7. Tilvekst og katalogisering

UB hadde ein ordinær tilvekst av bøker og tidsskrift i 1999 på 30.485 band, mot 31.825 band i 1998 (jf. tabell 7-8 og figur 3). Frå 1990 til 1999 har det vore ein samla auke i tilveksten av bøker og tidsskrift på 34,7 %, men dei siste tre åra er tilveksten redusert. Ein må her vere merksam på at UB berre betaler for om lag 60 % av den samla tilveksten, medan biblioteket får resten som pliktavlevert materiale og gåver. Det vil difor aldri vere fullt samsvar mellom samla utgifter til kjøp av litteratur og samla tilvekst av litteratur.

Det var ein auke i tilveksten av ikkje-bokleg materiale (mikroformar, bilete, elektroniske dokument, kart og manuskript) frå 4.770 i 1998 til 11.060 i 1999, hovudsakleg pga. sterk auke i digitalisering av gamle bilete (jf. tabell 9-10 og figur 4). Det er generelt relativt store svingingar frå år til år når det gjeld tilveksten av slikt materiale.

Det vart katalogisert/registrert i BIBSYS i alt 82.540 dokument ved UB i 1999, mot 74.575 i 1998, dvs. ein auke på 10,7 % (jf. tabell 16-17 og figur 8). Det var ein reduksjon i katalogisering av ny litteratur, frå 25.106 i 1998 til 23.460 i 1999. Når det gjeld det samla katalogiseringsarbeidet ved UB, var det ein kraftig auke i første halvdel av 1990-talet, mykje pga. konvertering og miniregistrering av utlånt litteratur i BIBSYS. Deretter var det nedgang i åra 1995-98, medan det var ein ny auke i 1999. Auken i 1999 skuldast at det dette året vart konvertert meir av eldre litteratur til BIBSYS enn nokon gong før. Ved slutten av 1999 var om lag 60 % av UB sin hovudkatalog konvertert. I 10-årsperioden 1990-99 under eitt har det vore nær på ei tredobling i samla katalogiseringsarbeid ved UB (frå 30.285 i 1990 til 82.540 i 1999).

 

3.8. Litteraturbudsjettet/samlingsutvikling

Samlinga av bøker og tidsskrift ved UB var på 1.503.250 band ved siste årsskifte, mot 1.472.350 band året før. I tillegg hadde biblioteket 383.275 einingar av ikkje-bokleg materiale (dvs. mikroformar, bilete, elektroniske dokument, kart og manuskript), mot 374.215 einingar i 1998.

Tildelingane til litteratur ved UB, inkl. tilskot frå fakultet mv., steig i nominelle beløp med om lag 700.000 kr., frå vel 16,9 mill. kr. i 1998 til vel 17,6 mill. kr. i 1999. Når ein tar omsyn til prisauken på litteratur, vart realverdien av litteraturmidlane redusert med om lag 2 % frå 1998 til 1999. Samstundes fører den vedtekne fordelingsnøkkelen for litteraturmidlar ved UB til ein viss omfordeling av litteraturmidlar mellom fagområda over tid. Dette har ført til reduserte litteraturkjøp og oppseiing av tidsskriftabonnement innan fleire fagområde. M.a. måtte det i 1999 seiast opp tidsskrift for 800.000 kr. i medisin og for 450.000 i realfag. Det er heller ikkje rom for å teikne nye abonnement eller for å byggje ut nye informasjonstilbod i elektronisk form i så stort omfang som ønskjeleg. Dette går særleg ut over nye fagområde og fagområde som er under oppbygging. Samla forbruk til litteratur var ein del høgare i 1999 enn det tildelte beløpet. Dette skuldast at det på slutten av året stod att ein del midlar på totalbudsjettet, som vart nytta til å kjøpe litteratur for, sjølv om dei eigentleg var disponerte til andre føremål. Storparten av desse midlane vil gå til frådrag på litteraturtildelingane i 2000.

Om ein ser heile 10-årsperioden 1990-99 under eitt, har det vore ein klår auke i litteraturtildelingane i nominelle beløp (frå 8,6 mill. kr. i 1990 til 17,6 mill. i 1999). Men ettersom det lenge har vore ein særskilt høg prisauke på litteratur, særleg på tidsskrift (gjennomsnittleg 9,4 % pr. år i perioden 1990-99), er realverdien av litteraturmidlane redusert dei siste 6 åra, og er no tilbake på om lag same nivå som i 1990 (jf. tabell 13 og figur 5). Dersom ein og tar omsyn til at talet på vitskaplege stillingar og studentar ved Universitetet i Bergen har stige i denne perioden, har det for heile perioden 1990-99 under eitt vore ein klår reduksjon i realverdien av litteraturmidlar både pr. vitskapleg stilling (25,7 %), og pr. student (19,2 %, (jf. tabell 14-15 og figur 6-7).

Ved fleire av fakultetsbiblioteka er det utført mykje arbeid med flytting av samlingar for å gje plass til ny tilvekst, og med omsystematisering/omklassifisering av litteratur, både i samband med planar om flytting/samanslåing av avdelingar (Det medisinske fakultetsbibliotek) og i samband med overføring av samlingar internt ved UB eller frå institutt til UB.

 

3.9. Vidareutvikling/effektivisering av bibliotektenestene, med særleg vekt på elektroniske tenester

UB har gjennom fleire år arbeidd for å effektivisere og automatisere flest mogleg av bibliotektenestene. Dei siste åra har det særleg vore prioritert å vidareutvikle dei elektroniske bibliotektenestene for brukarane, m.a. ved å gjøre fleire informasjonstenester og databasar tilgjengelege via UB sine heimesider på Internett. I 1999 har UB starta abonnement på om lag 600 elektroniske tidsskrift, slik at UB ved årsskiftet kunne tilby 700 elektroniske tidsskrift i fulltekst.

Arbeidet med å overføre (konvertere) UB sine kortkatalogar til BIBSYS-databasen har halde fram med full innsats. 53.500 katalogpostar vart konvertert i 1999, og ved årsskiftet var om lag 60 % av UB sin gamle hovudkatalog (HK) lagt inn i BIBSYS.

Det vart i 1999 starta arbeid med å lage emneportalar for gjenfinning av relevante nettdokument. Dette arbeidet vil bli koordinert gjennom BIBSYS, som tek sikte på å ha ei teneste klår i oktober 2000. Ved UBB har Det juridiske fakultetsbibliotek vidareutvikla sine web-sider, med særleg vekt på "Det elektroniske juridiske bibliotek", som er ei systematisk ordna samling av lenkjer til (særleg) juridiske primærkjelder på web.

I samband med at BIBSYS har tatt i bruk web-grensesnitt for søk i BIBSYS-databasen, er det blitt naudsynt å skifte ut eller oppgradere mange PC-ar ved UB. M.a. på grunnlag av ei ekstraløyving til edb-utstyr på kr. 200.000, kunne i alt 55 gamle/dårlege PC-ar skiftast ut eller oppgraderast til høgre standard i 1999.

I samsvar med BIBSYS-avtalen har UB i 1999 overført 2,1 mill. kr. til drift og vidareutvikling av BIBSYS.

Det vart i 1999 gjennomført endringar i ein del administrative rutiner ved UB. Frå 1.1.99 tok UiB og dermed UB i bruk det nye økonomisystemet Oracle Financials. Innføring av personal- og lønnsdelen er utsett til år 2000, men UB fekk i 1999 overført ein del personaladministrative rutiner frå Personal- og økonomiavdelinga.

 

3.10. Brukaropplæring/informasjonsformidling

Det vart i 1999 gjennomført 205 kurs/opplæringstiltak for UB sine brukarar (mot 195 i 1998). Biblioteket arbeider stadig med å integrere opplæring i bruk av aktuelle bibliotek- og informasjonssystem best mogleg i studieopplegga ved fakulteta, spesielt for nye hovudfagsstudentar og i dr.gradsprogramma. Denne undervisninga er integrert i obligatoriske studieopplegg for hovudfag og dr.grad ved nokre av fakulteta. I tillegg har UB satsa på å gi informasjon om sine tenester ved mottak av nye studentar i Grieghallen og ved dei ulike fakulteta. Det er gjennomført følgjande typar opplæringstiltak for brukarane ved UB i 1999:

Det er og utarbeidd fleire nye informasjonsbrosjyrar eller nye utgåver av eldre brosjyrar med informasjon om UB sine tenester, og det er gjort mykje arbeid for å oppgradere biblioteket sine informasjonssider på Internett i samsvar med Universitetet sin nye standard, og for å gjere dei meir brukarvenlege.

Det vart arrangert 18 utstillingar ved UB i 1999 (mot 16 i 1998).

 

3.11. Utbygging/ombygging/planarbeid

UB har i 1999 ført vidare arbeidet med å skaffe eit eigna depotmagasin (fjernmagasin) for litteratur frå alle fagområde ved UB, med å få til ei arealutviding ved SV-fakultetsbiblioteket og med å få gjennomført ei større ombygging ved Haakon Sheteligs plass 7, for å skaffe Det historisk-filosofiske fakultet eit fullgodt fakultetsbibliotek med opne samlingar. Planane er klåre, det som manglar er finansiering for å gjennomføre desse prosjekta. I 1999 vart det utarbeidd funksjonsanalyse for arealbehov/romprogram for dei delane av UB si verksemd som etter planen skal få plass i BT-bygget i Nygårdsgata. Arbeidet med å planleggja nytt felles medisinsk fakultetsbibliotek for UB sine noverande bibliotekavdelingar på Haukeland sjukehus og PKI i nybygg for biologiske basalfag har halde fram i 1999.

Det mat.-nat. fakultetsbibliotek fekk i 1999 gjennomført ei arealutviding på om lag 70 m2. Dette har hjelpt på den mest prekære plassmangelen, slik at ein no har plass til ny tilvekst av tidsskrift for ei tid framover.

 

3.12. Prosjekt/utviklingsarbeid

Prosjekt for restaurering og digitalisering av K. Knudsens fotosamling (DIGIKNUD) vart avslutta i 1999, m.a. ved hjelp av løyvingar frå Meltzers høyskolefond. 9.500 bilete er digitalisert og 1.000 er analogfotografert dette året. Som ei vidareføring av dette prosjektet vart det i 1999 starta eit nytt prosjekt for web-presentasjon av K. Knudsens klassiske samling som ledd i "Bergen Kulturby 2000" (JUBELKNUD). Om lag 2.000 bilete er klargjort for web-presentasjon i 1999.

UB si avdeling for forskingsdokumentasjon har ført vidare arbeidet sitt med å utvikle databasar for forskingsdokumentasjon (m.a. FORSKDOK) og med initiativ knytte til elektronisk publisering, med sikte på å gje ei god og stadig ajourført rapportering om dei resultata som er oppnådde av den vitskaplege verksemda ved UiB. I 1999 vart arbeidet med å byggje opp ein database over alle dei 1642 avhandlingane som er tekne ved UiB frå 1946 til 2000 avslutta. Når det gjeld elektronisk publisering, har arbeidet vore konsentrert om å planleggje ei web-basert teneste for formidling av samandrag (abstracts) til alle dr.gradsavhandlingar og hovudfagsoppgåver ved UiB.

 

3.13. Forsking og publisering

3 fagreferentar ved UB har i 1999 arbeidd med forskings- og utviklingsprosjekt innafor ramma av vanleg arbeidstid. UB-tilsette har dette året gjeve ut 12 publikasjonar (mot 19 i 1998). Tilsette ved UB har i 1999 tatt del i 4 internasjonale samarbeidsprosjekt. Ein av dei tilsette ved UB tok dr.philos.-graden og 2 tilsette tok hovudfagseksamen i 1999.

Fakultetsbibliotekar Olav Aas hadde permisjon i 2 månader hausten 1999 for å delta i Landbruksdepartementet sitt nasjonale forskingsprosjekt "Miljøregistrering i skog - biologisk mangfold", organisert av Norsk institutt for skogforskning, Bergen.

 

3.14. Nasjonalt og internasjonalt samarbeid

Bibliotekdirektør Kari Garnes har vore

Fakultetsbibliotekar Tom Johnsen har tatt del i prosjekt/prosjektreiser til

Avdeling for forskingsdokumentasjon var

Prosjektleiar Jostein H. Hauge har vore

Førstekonsulent Anne Asserson har vore medlem i arbeidsgruppe for den europeiske dokumentasjonsstandarden for forskingsdokumentasjon, CERIF

Førstekonsulent Johanne Revheim har vore medlem i teknisk arbeidsgruppe under Fægri-utvalet

Universitetsbibliotekar Solveig Greve har vore medlem i Norsk Muesumsutvikling sitt utval for spørsmål om opphavsrett.

Tilsette ved Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek har tatt del i nasjonalt samarbeid om ein tesaurus for humanistiske fag, HUMORD.

Fakultetsbibliotekar Halvor Kongshavn har vore

Kate Lønningen har vore medlem i BIBSYS styre, og følgjande UB-tilsette har vore medlem i BIBSYS referansegrupper (varamedlemmer i parentes):

Samlingar: Sigrun Ask

Søk: Egil Hamre, leiar

Dokumentlevering: (Agnes J. Bakkevig)

Akkvisisjon: (Unni Janbu)

ISI: (Erik Arnesen)

FORSKDOK Anne Asserson

Universitetsbibliotekar Dag Vaula har vore kontaktperson for UBB for brukarstøtte for RBT-testar av fullteksttilbod.

Førstebibliotekar Egil Hamre har vore medlem i Norsk komité for klassifikasjon og indeksering (NKKI), oppnemnt av Riksbibliotektenesta.

Hovudbibliotekar Marit Kullerud var medlem i redaksjonsutvalet for Biblioteknett Norge tom. mai 1999.

Konsulent Miguel Castillo har vore sekretær for eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen/Bergen kommune og tre universitet i Rancagua, Chile.

I tillegg har mange av dei tilsette ved UB tatt del i nasjonale og internasjonale konferansar, møte, mv.

 

3.15. Kompetanseutvikling

Opplæringsutvalet ved UB har i 1999 arbeidt aktivt særleg med følgjande saker:

6. januar vart det arrangert eit felles "UB-seminar" for alle dei tilsette ved UB, der hovudtemaet var omstilling og korleis biblioteket skal kunne yte gode tenester med stadig knappare ressursar.

Det vart i 1999 nytta 356.000 kr. til faglege reiser, tenestereiser, deltaking i kurs mv. for UB-tilsette (i 1998: 295.000). M.a. vart det dette året gjennomført 12 interne kurs for dei tilsette ved UB, særleg innan bruk av edb/Internett og søking i BIBSYS.

 

3.16. Arbeidsmiljøtiltak

Som ledd i Universitetet sitt opplegg for medarbeidarsamtaler vart det i 1999 gjennomført medarbeidarsamtaler ved alle UB sine avdelingar. Det er og gjennomført HMS-runder og HMS-møte ved dei fleste av avdelingane.

Det vart nytta kr. 46.000 i 1999 til arbeidsmiljøtiltak, hovudsakleg til ergonomisk utforma arbeidsplassar for dei tilsette, som ledd i arbeidet med å betre det fysiske arbeidsmiljøet (i 1998: 49.000).

Heller ikkje i 1999 klarte ein å få løyst langvarige problem med dårleg ventilasjon og solavskjerming mot vest ved UB, H. Sheteligs pl. 7.