Universitetet i Bergen

UNIVERSITETSBIBLIOTEKET I BERGEN
ÅRSMELDING 2007

 

Bergen, juni 2008

 

1.  ORGANISERING OG OPPBYGGING

1.1.  Organisasjonskart 

1.2. Styret for UB

Universitetsbiblioteket har som sitt øvste organ eit styre som er ansvarleg overfor Universitetsstyret for utviklinga av bibliotektenestene ved Universitetet i Bergen. Styret skal sjå til at biblioteket kan utføre best mogleg dei oppgåvene biblioteket har ansvar for andsynes Universitetet og samfunnet elles. Styret har åtte medlemmer, fire representantar for det vitskaplege personalet ved fakulteta, to representantar for dei tilsette ved UB, og to studentrepresentantar. Styret hadde fire møte i 2007, og hadde dette året følgjande samansetjing:

Medlem

Varamedlem

Representantar for det vitskaplege personalet ved fakulteta

Professor Jan S. Vaagen,
Det mat.-nat. fakultet, leiar

1. Professor Lars Forsberg,
    Det hist.-fil. fakultet

Førsteamanuensis Hilde Hetland
Det psykologiske fakultet, nestleiar

2. Amanuensis Tine Eidsvaag,
    Det juridiske fakultet

Professor Nils Erik Gilhus,
Det medisinske fakultet

3. Førsteamanuensis Marit Midtbø,
    Det odontologiske fakultet

Professor Vigdis Broch-Due,
Det samfunnsvitensk. fakultet

 

Representantar for dei tilsette ved UB

Førstebibliotekar Rune Kyrkjebø

1. Hovudbibliotekar Marit Kullerud

Bibliotekar Kirstine Folmann

2. Fakultetsbibliotekar Olav Aas

Studentrepresentantar

Lena Grønningsæter

1. Julie Brannfjell Eliassen

Torbjørn Wentzel

2. Stein Ove Lien

 I tillegg møter bibliotekdirektøren og kontorsjefane ved UB sin administrasjon i styret utan røysterett.

 

1.3.  Bibliotek/einingar

Universitetsbiblioteket hadde i 2007 følgjande bibliotek/fysiske einingar (jf. òg organisasjonskart):

 

2.  RESULTAT

 

2.2.  Det digitale biblioteket

Det viktigaste satstingsområdet for Universitetsbiblioteket dei siste åra har vore oppbygging av det digitale biblioteket. I 2007 har det serleg vore arbeidd med følgjande saker:

§      Plan for overgang frå trykte til elektroniske informasjonsressursar 2005-2007 er gjennomførd. Utgiftene til tilgang til elektroniske ressursar (e-tidsskrift, e-bøker og databasar) steig kraftig frå 14,4 mill. kr. i 2006 til 24,6 mill. i 2007, medan utgiftene til trykte tidsskrift vart reduserte frå 13,1 mill. kr. i 2006 til 5,7 mill. i 2007.

§      Talet på vitskaplege publikasjonar produserte ved UiB som er gjort tilgjengelege i det elektroniske institusjonelle publiseringsarkivet BORA har auka med 275 i 2007, slik at samla tal på dokument i BORA no er 1 735. The Webometrics Ranking of World Universities har rangert BORA som nr. 89 på ei liste over "the top 200 Academic Repositories" i verda. Ingen andre norske arkiv er komne med på lista.

§      UB har arbeidd for at mest mogleg av forskingsresultata skal gjerast fritt tigjengelege, både nasjonalt og internasjonalt. UB samarbeider på dette feltet m.a. med NORA (Norwegian Open Research Archive), OAI (Open Archives Initiative) og med Universitets- og høgskolerådet sitt bibliotekutval.

§      UB samarbeider med dei andre store universitetsbiblioteka i UniPort-konsortiet om ei felles portalløysing. Bibliotekportalen er den viktigaste inngangsporten til alle våre databasar og e-tidsskrift. UB har i 2007 arbeidd aktivt med å vidareutvikle Bibliotekportalen og gjere den meir brukarvenleg. Frå januar 2007 er Bibliotekportalen godt forankra i Studentportalen, der studentane frå Mi side har direkte lenker til fagleg relevante databasar i Bibliotekportalen på emnenivå. Frå hausten 2007 vert data frå alle UB sine e-tidsskrift overførde frå Bibliotekportalen til BIBSYS bibliotekkatalog kvar veke. Dette har ført til ein mykje betre oppdatert bibliotekkatalog enn før.

§      Digitalisering og publisering av eldre verdfulle samlingar på Internett har halde fram. M.a. er 1 400 bilete og 1 100 manuskript og diplom digitaliserte. Prosjekta ”Kvinner i arbeidslivet”, ”Ferdige mens De venter” frå Landsutstillingen 1928 og ”Sverre og Astri” har alle bidrege mykje til nettportalen ”Mellomkrigstid”, som skal gjere tilgjengeleg ulike lokale dokumentsamlingar frå ABM-sektoren.

§      I samarbeid med biblioteka ved Høgskolen i Bergen og NHH har UB dei siste åra arbeidd mykje med å utvikle undervisingsopplegg i informasjonskompetanse for studentane. Det er lagt stor vekt på å få i stand eit nært samarbeid med fagmiljøa på dette feltet. Eit resultat av dette arbeidet er det nettbaserte kurset Søk & Skriv, som skal hjelpe studentane til å kome i gang med og gjennomføre søke- og skriveprosessen i samband med oppgåveskriving.

 

2.3.  Effektiv ressursutnytting

UB har dei siste åra arbeidd målmedvete for å halde oppe kvaliteten på samlingar og tenester, og for å utnytte ressursane best mogleg.

Dei siste åra har bruken av elektroniske ressursar auka kraftig. Nedlastingar frå nettet av elektroniske fulltekstdokument som UB abonnerer på erstattar i stigande grad fysiske lån. Talet på slike nedlastingar steig frå 890.000 i 2006 til 1,16 mill. i 2007. I løpet av femårsperioden 2002-2007 er talet på nedlastingar femdobla. I same periode har tala på fysiske lån halde seg relativt stabile rundt 350-380 000. Dermed vart det også i 2007 ein sterk auke i bruken av UB sine samla litteraturressursar (både trykte og elektroniske), frå 1,27 mill. i 2006 til 1,5 mill. i 2007, dvs. ein auke på 18,3 %.

Talet på besøk ved UB sine avdelingar steig og merkbart frå 711 000 i 2006 til 749 000 i 2007. Sidan 2002 har besøkstala auka med om lag 72 %. Alt tyder på at etablering og oppbygging av læringssenter ved UB har hatt mykje å seia for denne utviklinga.

Parallelt med den store auken i aktiviteten er det i stadig aukande grad tatt i bruk elektroniske tenester og ressursar, og det er gjennomført fleire andre effektiviserings- og rasjonaliseringstiltak. Dermed har det vore mogleg å gjennomføre den store aktivitetsauken utan nokon auke i personalressursane. Lønsutgiftene ved UB er haldne på om lag same realnivå dei siste åra, medan det meste av budsjettstyrkinga UB har fått har gått til mediekjøp. I 2003 brukte UB om lag 23,4 mill. kr. til mediekjøp og 38,6 mill. til løn, dvs at mediebudsjettet utgjorde 61 % av lønsbudsjettet. I 2007 brukte UB om lag 34 mill. kr. til mediekjøp og 41,8 mill. til løn, dvs at mediebudsjettet dette året utgjorde vel 81 % av lønsbudsjettet.

 

2.4.  Omorganisering

I 2007 vart det vedteke omorganiseringar som fekk konsekvensar for ein del avdelingar ved UB: Det historisk-filosofiske og Det samfunnsvitskaplege fakultetsbiblioteket blei samla til ei avdeling under namnet Bibliotek for samfunnsvitskap og humaniora, og med ein felles leiar. Biletsamlinga og spesialsamlingane blei og samla til ei avdeling under namnet Avdeling for spesialsamlingar, og med ein felles leiar. Den nye avdelinga for spesialsamlingar har og fått ansvaret for drift av UB sitt depotmagasin i Stein Rokkans hus. Dei andre publikumsavdelingane ved UB har fått nye namn. UB har og halde fram arbeidet med betre koordinering av aktiviteten mellom avdelingane.

 

2.5.  Kompetanseheving

UB satsar og systematisk på kompetanseheving for dei tilsette. M.a. er det gjennomført større kurs i informasjonskompetanse og i kommunikasjon. I tillegg har ein stor del av dei tilsette delteke i studieturar, konferansar, seminar og ulike opplæringstiltak.

 

3.  TILGJENGELEGE RESSURSAR, ØKONOMI, PERSONALE