Universitetet i Bergen

UNIVERSITETSBIBLIOTEKET I BERGEN
ÅRSMELDING 2006

 

Bergen, april 2007

 

1.  ORGANISERING OG OPPBYGGING

1.1.  Organisasjonskart 

 

1.2. Styret for UB

Universitetsbiblioteket har som sitt øvste organ eit styre som er ansvarleg overfor Universitetsstyret for utviklinga av bibliotektenestene ved Universitetet i Bergen. Styret skal sjå til at biblioteket kan utføre best mogleg dei oppgåvene biblioteket har ansvar for andsynes Universitetet og samfunnet elles. Styret har åtte medlemmer, fire representantar for det vitskaplege personalet ved fakulteta, to representantar for dei tilsette ved UB, og to studentrepresentantar. Styret hadde fem møte i 2006, og hadde dette året følgjande samansetjing:

Medlem

Varamedlem

Representantar for det vitskaplege personalet ved fakulteta

Professor Jan S. Vaagen,
Det mat.-nat. fakultet, leiar

1. Professor Lars Forsberg,
    Det hist.-fil. fakultet

Førsteamanuensis Hilde Hetland
Det psykologiske fakultet, nestleiar

2. Amanuensis Tine Eidsvaag,
    Det juridiske fakultet

Professor Nils Erik Gilhus,
Det medisinske fakultet

3. Førsteamanuensis Marit Midtbø,
    Det odontologiske fakultet

Professor Vigdis Broch-Due,
Det samfunnsvitensk. fakultet

 

Representantar for dei tilsette ved UB

Førstebibliotekar Rune Kyrkjebø

1. Hovudbibliotekar Marit Kullerud

Bibliotekar Kirstine Folmann

2. Fakultetsbibliotekar Olav Aas

Studentrepresentantar

Torbjørn Wentzel

1. Olav Nordli

Ane Ose (V 2006)
Elin Bugge (H 2006)

2. Elin Bugge (V 2006)
    Tove Giskeødegård (H 2006)

 I tillegg møter bibliotekdirektøren og kontorsjefane ved UB sin administrasjon i styret utan røysterett.

 

1.3.  Avdelingar

Universitetsbiblioteket hadde i 2006 følgjande avdelingar/einingar (jf. òg organisasjonskart):

 q   Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek, H. Sheteligs pl. 7

 q   Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek, C. Godskes hus, Johs. Brunsgt. 12

 q   Det medisinske fakultetsbibliotek, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91

 q   Det odontologiske fakultetsbibliotek, Årstadvn. 17

 q   Det juridiske fakultetsbibliotek, Magnus Lagabøtes pl. 1

 q   Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek, Herman Foss gt. 6 (mellombels lokale i Stein Rokkans
       hus, Nygårdsgt. 5, under ombygging, frå juni 2006)

 q   Det psykologiske fakultetsbibliotek, Christies gt. 12

 q   Biletsamlinga, Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5

 q   Tilvekstavdelinga, Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5

 q   Administrasjonen, Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5

 

2.  RESULTAT
 

 

2.2.  Det digitale biblioteket

Universitetsbiblioteket har intensivert oppbygginga av det digitale biblioteket. I 2006 har det særleg vore arbeidd med følgjande saker:

§         UB har fylgt opp plan for overgang frå trykte til digitale informasjonsressursar. Det er brukt om lag 4,5 mill. kr meir til tilgang til digitale ressursar (e-tidsskrift, e-bøker og databasar) i 2006 enn i 2005. Talet på elektroniske abonnement steig frå 11.100 i 2005 til 11.770 i 2006, medan talet på trykte abonnement vart redusert frå 7.700 i 2006 til 6.995 i 2006.Talet på elektroniske bøker steig frå 24.000 i 2005 til 32.850 i 2006.

§         UB har i 2006 auka talet på vitskaplege publikasjonar produsert ved UiB i det elektroniske institusjonelle publiseringsarkivet BORA. UB har og arbeidd for at mest mogleg av forskingsresultata skal gjerast fritt tigjengelege, både nasjonalt og internasjonalt. UB samarbeider på dette feltet m.a. med NORA (Norwegian Open Research Archive), OAI (open Archives Initiative) og med Universitets- og høgskolerådet sitt bibliotekutval.

§         Digitalisering og publisering av eldre verdfulle samlingar på Internett har halde fram. M.a. er 2.000 bilete og 370 diplom digitaliserte. Som ledd i prosjektet ”Mellomkrigstid” (nettportal som skal gjere tilgjengeleg ulike lokale dokumentsamlingar frå ABM-sektoren) er det i 2006 særleg arbeidd med delprosjekta ”Kvinner i arbeidslivet” og ”Ferdige mens De venter” frå Landsutstillingen 1928, det siste i samarbeid med Bymuseet i Bergen.

§         Som ei oppfølging av kvalitetsreforma ved UiB er det arbeidd mykje med å vidareutvikle undervisingsopplegg i informasjonskompetanse for studentane. Det er lagt stor vekt på å få i stand eit nært samarbeid med fagmiljøa på dette feltet. Med tilskot frå Norgesuniversitetet og SEVU er prosjektet ”Digital kompetanse gjennom fleksibel læring” (KULI) fullført i 2006. Dette er eit samarbeidsprosjekt med biblioteka ved Høgskolen i Bergen og NHH. 

 

2.3.  Sterk auke i bruken av digitale ressursar

Den sterke auken i bruken av digitale ressursar er det mest slåande trekket i utviklinga av UB sine tenester dei siste åra. Nedlastingar frå nettet av elektroniske fulltekstdokument som UB abonnerer på erstattar i stigande grad fysiske lån. Talet på slike nedlastingar steig frå 675.000 i 2005 til 888.300 i 2006. I løpet av femårsperioden 2001-2006 er talet på nedlastingar meir enn åttedobla. I same periode har det berre vore små endringar i tala på fysiske lån. Siste året auka talet på fysiske lån frå 340.200 i 2005 til 384.100 i 2006. Dermed vart det også i 2006 ein sterk auke i bruken av UB sine samla litteraturressursar (både trykte og elektroniske), frå 1.015.200 i 2005 (som og var eit rekordår), til 1.272.400 i 2006, dvs. ein auke på 25,3 %.

Talet på besøk ved UB sine avdelingar auka også i 2006, frå 655.400 i 2005 til 711.300 i 2006. Sidan 2001 har besøkstala auka med om lag 65 %. Alt tyder på at hovudgrunnen til denne sterke auken er etablering og oppbygging av læringssenter ved UB.

 

2.4.  Effektiv ressursutnytting

UB har dei siste åra arbeidd kontinuerlig for å halde oppe kvaliteten på samlingar og tenester, og for å utnytte ressursane best mogleg.

I fleire år har det på mange område vore ein stor auke i aktiviteten, både når det gjeld bruk av UB sine tenester (lån, elektroniske ressursar osb.) og besøk i biblioteket. Samstundes har mange tilsette fått nye oppgåver, særleg innan brukaropplæring, rettleiing og kurs for studentar, m.a. som ein følgje av kvalitetsreforma. Parallelt med dette er det gjennomført effektiviserings- og rasjonaliseringstiltak, både ved at dei elektroniske bibliotek- og informasjonssystema har gjort mange rutinar enklare og raskare, og ved at brukarane kan utføre fleire tenester på eiga hand. Det har difor vore mogleg å gjennomføre den store aktivitetsauken utan nokon auke i personalressursane. Lønsutgiftene ved UB er dermed haldne på om lag same realnivå dei siste åra, medan det meste av budsjettstyrkinga UB har fått har gått til mediekjøp. I 2003 brukte UB om lag 23,4 mill. kr. til mediekjøp og 38,6 mill. til løn, dvs at mediebudsjettet utgjorde 61 % av lønsbudsjettet. I 2006 brukte UB om lag 31,5 mill. kr. til mediekjøp og 40,8 mill. til løn, dvs at mediebudsjettet dette året utgjorde 77 % av lønsbudsjettet.

 

2.5.  Ombygging av Det samfunnsvitskaplege fakultetsbiblioteket

Sommaren 2006 flytta Det samfunnsvitskaplege fakultetsbiblioteket ut frå Herman Foss gt. 6 for å gå gjennom ei omfattande ombygging og arealutviding. Etter planen vil biblioteket opne igjen som læringssenter i nye og utvida lokale hausten 2007. Under ombygginga har biblioteket mellombels lokale i Stein Rokkans hus.

 

2.6.  Internasjonalt samarbeid

UB stod som arrangør av DSpace User Group Meeting i Bergen 19.-21- april 2006, med nær på 100 deltakarar frå 18 land.

Samarbeidet med Makerere University Library (MUL), Kampala, Uganda, har halde fram også i 2006.

Det historisk-filosofiske fakultetsbiblioteket deltok i 2006 i to internasjonale samarbeidsprosjekt med stønad frå Leonardo da Vinci-programmet under EU: ”Keeping Memory Alive” og ”Making Memory Live”, med Universitetsbiblioteket ved Transilvania University of Brasov, Romania, som hovudsamarbeidspartnar.

Tre tilsette ved UB er i 2006 valte inn i ulike seksjonar (standing committees) i IFLA (International Federation of Library Associations), og ein UB-tilsett er styremedlem i IALL (International Association of Law Libraries).

 

2.7.  Kompetanseheving

UB satsar systematisk på kompetanseheving for dei tilsette. M.a. er det gjennomført større kurs i informasjonskompetanse og i kommunikasjon. I tillegg har ein stor del av dei tilsette delteke i studieturar, konferansar, seminar og ulike opplæringstiltak.

 

3.  TILGJENGELEGE RESSURSAR, ØKONOMI, PERSONALE