Universitetet i Bergen

UNIVERSITETSBIBLIOTEKET I BERGEN
ÅRSMELDING 2005

 

Bergen, juni 2006

 

1.  ORGANISERING OG OPPBYGGING

1.1.  Organisasjonskart 

 

1.2. Styret for UB

Universitetsbiblioteket har som sitt øvste organ eit styre som er ansvarleg overfor Universitetsstyret for utviklinga av bibliotektenestene ved Universitetet i Bergen. Styret skal sjå til at biblioteket kan utføre best mogleg dei oppgåvene biblioteket har ansvar for andsynes Universitetet og samfunnet elles. Styret har åtte medlemmer, fire representantar for det vitskaplege personalet ved fakulteta, to representantar for dei tilsette ved UB, og to studentrepresentantar. Styret hadde fem møte i 2005, og hadde dette året følgjande samansetjing:

Medlem

Varamedlem

Representantar for det vitskaplege personalet ved fakulteta

Professor Jan S. Vaagen,
Det mat.-nat. fak., leiar

1. Professor Harald Sætren,
    Det samfunnsvit. fak.

Amanuensis Tine Eidsvaag
Det juridiske fak., nestleiar

2. Professor Bjørn Helge Johnsen,
    Det psykologiske fak.

Professor Anne Elisabeth Ljunggren,
Det medisinske fak.

3. Førsteamanuensis Tor Hauken,
    Det hist.-fil. fak.

Professor Nils Skaug,
Det odontologiske fak.

 

Representantar for dei tilsette ved UB

Avdelingsbibliotekar Anne B. Åsmul

1. Avdelingsbibliotekar Kari Normo

Fakultetsbibliotekar Svenn Sivertssen

2. Kontorsjef Leif Magne Iversland

Studentrepresentantar

Gunnveig Grødeland

1. Erik Sandquist

Ingjald Pilskog

2. Vidar Slettehaug

 I tillegg møter bibliotekdirektøren og kontorsjefane ved UB sin administrasjon i styret utan røysterett.

 

1.3.  Avdelingar

Universitetsbiblioteket hadde i 2005 følgjande avdelingar/einingar (jf. òg organisasjonskart):

 q   Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek, H. Sheteligs pl. 7

 q   Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek, C. Godskes hus, Johs. Brunsgt. 12

 q   Det medisinske fakultetsbibliotek, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91

 q   Det odontologiske fakultetsbibliotek, Årstadvn. 17

 q   Det juridiske fakultetsbibliotek, Magnus Lagabøtes pl. 1

 q   Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek, Herman Foss gt. 6

 q   Det psykologiske fakultetsbibliotek, Christies gt. 12

 q   Biletsamlinga, Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5

 q   Tilvekstavdelinga, Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5

 q   Administrasjonen, Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5

 q   IT-avdelinga, Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5

 

2.  RESULTAT

 

2.2.  Satsing på det digitale biblioteket

Universitetsbiblioteket har satsa mykje på å vidareutvikle dei elektroniske tenestene og ressursane sine. Viktige utviklingstrekk i 2005 har vore:

§         Plan for overgang frå trykte til elektroniske informasjonsressursar ved UiB er følgt opp. UB brukte 2,5 mill. kr. meir til tilgang til elektroniske ressursar (e-tidsskrift, e-bøker og databasar) i 2005 enn i 2004. Talet på elektroniske abonnement steig frå 8.680 i 2004 til 11.100 i 2005, medan talet på trykte abonnement vart redusert frå 8.600 i 2004 til 7.720 i 2005. Talet på elektroniske bøker steig frå 880 i 2004 til 24.000 i 2005.

§         Felles nettportal for dei fire store universitetsbiblioteka i Noreg vart opna i mai 2005. Portalen er basert på systemet Metalib/SFX, og har i Bergen fått namnet ”Bibliotekportalen”.

§         UB har i fleire år vore med på arbeid med å etablere eit elektronisk publiseringsarkiv ved UiB. Bergen Open Research Archive (BORA) vart lansert hausten 2004. I 2005 starta UB arbeid med å legga til rette eit eksamensarkiv (EksArk). Det er kome i stand samarbeid om eit tilsvarande nasjonalt publiseringsarkiv, NORA, og det er arbeidd med å samordne BORA med andre system (FRIDA, Norsk digitalt bibliotek, OAI m.fl.).

§         Arbeid med å digitalisere og publisere på Internett eldre verdfulle samlingar har halde fram. M.a. er 1.700 bilete digitaliserte ved Biletsamlinga, og det er sett i gong eit prosjekt ”Mellomkrigstid”, med sikte på å lage ein nettportal som skal gjere tilgjengeleg ulike lokale museale dokumentsamlingar. UB har og i 2005 saman med AKSIS, Historisk institutt og MENOTA-prosjektet vore med i samarbeidsprosjektet ”Digital infrastruktur for diplomsamlinga ved UiB”, som omfattar diplom (rettslege dokument) frå perioden 1300-1700, på grunnlag av ei løyving frå NFR. Om lag 300 diplom er digitaliserte i 2005.

§         Som ein del av kvalitetsreforma ved UiB vart det i åra 2002-2004 etablert læringssenter med PC-tilbod, tilgang til Internett, osb., ved alle fakultetsbiblioteka. I 2005 vart det serleg arbeidd med det faglege innhaldet i læringssentra, m.a. med å få i stand eit nært samarbeid med fagmiljøa på dette feltet. UB fekk og i samarbeid med biblioteka ved Høgskolen i Bergen og NHH midlar frå Norgesuniversitetet til prosjektet ”Digital kompetanse gjennom fleksibel læring”.

 

2.3.  Sterk auke i bruken av elektroniske ressursar

Det mest slåande trekket ved utviklinga i bruken av UB sine tenester i 2005, er den sers sterke auken i bruken av elektroniske ressursar. Nedlastingar frå nettet av elektroniske fulltekstdokument som UB abonnerer på erstattar i stigande grad lån i form av artikkelkopiar o.l. Talet på slike nedlastingar vart nær på dobla i 2005, frå 345.000 i 2004 til 675.000 i 2005. Talet på ordinære (fysiske) lån vart litt redusert, frå 365.600 i 2004 til 340.200 i 2005. Det er verd å merke seg at talet på nedlastingar frå nettet av fulltekstdokument i 2005 var høgre enn samla tal for fysiske lån ved UB nokon gong har vore. Det var òg ein større bruk av UB sine samla ressursar, både trykte og elektroniske, enn nokon gong før. Bruken av dei samla ressursane var i 2005 1.015.200, mot 710.800 i 2004 (som òg var eit rekordår), dvs ein auke på 42,8 %.

Det var ein klar auke i talet på besøk ved UB sine avdelingar i 2005. Etter ein periode med stagnasjon har besøkstala ved UB dei tre siste åra auka med om lag 15 % kvart år. Alt tyder på at hovudgrunnen til denne sterke auken er etableringa av læringssenter ved UB.

 

2.4.  Nyopning av Det historisk-filosofiske fakultetsbiblioteket

Det gamle hovudbiblioteket på Haakon Sheteligs plass 7 har dei siste åra gjennomgått ei omfattande ombygging med sikte på å bli eit tidsmessig fakultetsbibliotek for Det historisk-filosofiske fakultetet. Dei fleste av dei tilsette ved fakultetsbiblioteket flytta inn i dei ombygde lokala ved årsskiftet 2004-2005, og våren gjekk med til å få på plass att litteraturen. Det ”nye” HF- fakultetsbiblioteket opna for publikum i august, og den offisielle opninga vart markert m.a. med eit seminar 13. september 2005, på dagen 44 år etter at bygget vart teke i bruk for fyrste gong. Med dette er ein langvarig prosess med utbygging av funksjonelle fakultetsbibliotek med opne samlingar i nær tilknyting til fakulteta fullført.

 

2.5.  Kompetanseheving

UB har dei siste åra satsa systematisk på kompetanseheving for dei tilsette. I 2004-2005 har dei aller fleste av dei tilsette ved UB tatt Datakortet. I tillegg er det gjennomført fleire tiltak med serleg vekt på styrking av informasjonskompetanse og pedagogisk kompetanse i samband med etablering av læringssenter ved UB.

 

 

3.  TILGJENGELEGE RESSURSAR, ØKONOMI, PERSONALE