Universitetet i Bergen

UNIVERSITETSBIBLIOTEKET I BERGEN
ÅRSMELDING 2004

 

Bergen, mai 2005

 

1.  ORGANISERING OG OPPBYGGING

1.1.  Organisasjonskart 

 

1.2. Styret for UB

Universitetsbiblioteket har som sitt øvste organ eit styre som er ansvarleg overfor Universitetsstyret for utviklinga av bibliotektenestene ved Universitetet i Bergen. Styret skal sjå til at biblioteket kan utføre best mogleg dei oppgåvene biblioteket har ansvar for andsynes Universitetet og samfunnet elles. Styret har åtte medlemmer, fire representantar for det vitskaplege personalet ved fakulteta, to representantar for dei tilsette ved UB, og to studentrepresentantar. Styret hadde fem møte i 2004, og hadde dette året følgjande samansetjing:

Medlem

Varamedlem

Representantar for det vitskaplege personalet ved fakulteta

Professor Gjert Kristoffersen,
Det hist.-fil. fak., leiar (til 01.10.)

1. Professor Nils Skaug,
    Det odontologiske fak.,
    fast medlem frå 01.10.

Professor Anne Elisabeth Ljunggren,
Det medisinske fak.

2. Professor Harald Sætren,
    Det samfunnsvit. fak.

Amanuensis Tine Eidsvaag,
Det juridiske fak.
, nestleiar frå 01.10.

3. Professor Bjørn Helge Johnsen,
    Det psykologiske fak.

Professor Jan S. Vaagen,
Det mat.-nat. fak., nestleiar til 01.10.,
leiar frå 01.10.

4. Førsteamanuensis Tor Hauken,
    Det hist.-fil. fak. (frå 01.10.)

Representantar for dei tilsette ved UB

Avdelingsbibliotekar Anne B. Åsmul

1. Avdelingsbibliotekar Kari Normo

Fakultetsbibliotekar Svenn Sivertssen

2. Kontorsjef Leif Magne Iversland

Studentrepresentantar

Lars Eriksen

1. Trygve Lie

Peter Forras

2. Kjetil Nygård

 I tillegg møter bibliotekdirektøren og kontorsjefane ved UB sin administrasjon i styret utan røysterett.

 

1.3.  Avdelingar

Universitetsbiblioteket hadde i 2004 følgjande avdelingar/einingar (jf. og organisasjonskart):

 q   Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek, H. Sheteligs pl. 7/HF-bygget, Sydnes pl. 7

 q   Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek, C. Godskes hus, Johs. Brunsgt. 12

 q   Det medisinske fakultetsbibliotek, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91

 q   Det odontologiske fakultetsbibliotek, Årstadvn. 17

 q   Det juridiske fakultetsbibliotek, Magnus Lagabøtes pl. 1

 q   Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek, Herman Foss gt. 6

 q   Det psykologiske fakultetsbibliotek, Christies gt. 12

 q   Biletsamlinga, Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5

 q   Tilvekstavdelinga, Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5

 q   Administrasjonen, Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5

 q   IT-avdelinga, Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5

 

2.  RESULTAT

 

2.2.  Aktiv bruk av Universitetsbiblioteket

Universitetsbiblioteket (UB) har som hovudoppgåve å yte tenester for forsking, undervising og formidling ved Universitetet i Bergen. I kor stor grad UB lukkast kan ein måle ved å sjå på bruken av UB sine tenester. I 2004 var det ein auke av bruken av alle dei viktigaste UB-tenestene. Det var ein kraftig auke i talet på besøk ved UB sine avdelingar (16,5 %), det var ein mindre auke i fysiske lån på 0,5 %, og det var ein kraftig auke (om lag 50 %) i talet på nedlastingar frå nettet av elektroniske fulltekstdokument som UB abonnerer på. Slike nedlastingar erstattar lån i form av artikkelkopiar o.l. Bruken av UB sine samla informasjonsressursar, både trykte og elektroniske, hadde ein auke på om lag 20 % frå 2003 til 2004.

 

2.3.  Vidare utbygging av det digitale biblioteket

Dei siste åra har utviklinga gått meir og meir mot elektroniske tenester og ressursar. I 2004 vedtok UB sitt styre ein plan for overgang frå trykte til elektroniske informasjonsressursar ved UiB. Dette året hadde UB for fyrste gong fleire elektroniske enn trykte tidsskriftabonnement (8.684 mot 8604). I 2004 kom UB og for alvor i gong med å kjøpe inn elektroniske bøker. I alt vart det brukt om lag 3 mill. kr meir til elektroniske informasjonsressursar ved UB i 2004 enn i 2003.

I tillegg har arbeid med å digitalisere eldre verdfulle samlingar halde fram. M.a. er vel 2.500 bilete digitaliserte ved Biletsamlinga, og UB kom i 2004 saman med AKSIS, Historisk institutt og MENOTA-prosjektet med i eit samarbeidsprosjekt for å digitalisere ein stor del av UB si samling av gamle diplom (rettslege dokument frå perioden 1300-1700), på grunnlag av ei løyving frå NFR på 1,9 mill. kr over to år.

Som ein del av kvalitetsreforma ved UiB vart det i 2004 etablert læringssenter med PC-tilbod, tilgang til Internett, osb., ved Det medisinske og Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek. Dermed er det no kome i drift læringssenter ved alle fakultetsbiblioteka. Slik besøkstala ved UB har utvikla seg dei siste åra, ser det ut til å vera ein klår samanhang mellom etablering av læringssenter og dei aukande besøkstala ved UB.

UB legg stor vekt på å få til eit godt fagleg innhald i læringssentra, i tillegg til tilbod om PC-arbeidsplassar mv. Det er i samarbeid med Universitetsbiblioteket i Ålborg utarbeidd eit kurs i informasjonskompetanse for nye studentar, jf. http://www.ub.uib.no/felles/IK/index.htm. Det er gjort mykje for å få til eit nært samarbeid med fagmiljøa, og det er og etablert samarbeid med biblioteka ved Høgskolen i Bergen og NHH innan dette feltet.

UB har i fleire år vore med på å utvikle eit program og tilbod for elektronisk publisering ved UiB. I 2004 vart det serleg arbeidd med å etablere Bergen Open Research Archive (BORA), som vart offisielt opna 15. november, jf, http://www.ub.uib.no/prosj/BORA/index.htm. Prosjektet har som målsetting å:

*       ”gi sikker, digital langtidslagring av UiBs produksjon av kvalitetsvurderte forskningsarbeider,

*       gjøre forskningsarbeider gratis tilgjengelig for alle via web”.

UB har og deltatt aktivt i arbeid med å etablere ein felles bibliotekportal for dei fire universitetsbiblioteka i Noreg. Det vart i 2004 teke avgjerd om val av system (Metalib/SFX), og naudsynt programvare mv. er kjøpt inn. Arbeid med implementering er i gang.

 

2.4.  Kompetanseheving

UB har dei siste åra satsa systematisk på kompetanseheving for dei tilsette. I 2004 vart serleg følgjande tiltak prioritert:

Leiarutviklingsprogram ved UB haust 2003 – vår 2004 vart fullført med tre samlingar våren 2004. Som oppfølgjing av programmet vart det i mai arrangert ein felles UB-dag for alle UB-tilsette, der temaet var utvikling av ein verdiplattform for UB.

Det er gjennomført fleire tiltak for å auke kompetansen til dei tilsette ved UB, med serleg vekt på styrking av informasjonskompetanse og pedagogisk kompetanse i samband med etablering av læringssenter ved UB. Det er gjennomført ulike seminar/opplæringstiltak i informasjonskompetanse for UB-tilsette som arbeider med publikumsretta verksemd, og det vart i 2004 starta eit program som har som målsetting at alle dei tilsette ved UBs skal ta Datakortet.

 

2.5.  Flytte- og ombyggingsprosjekt

Ombygging av Haakon Sheteligs plass 7 til HF-fakultetsbibliotek vart fullført hausten 2004, og ein god del av dei tilsette har flytta inn i dei ombygde lokala. Arbeidet med å få på plass litteraturen starta ved årsskiftet, og vil ta om lag eit halvt år, slik at det ”nye” HF- fakultetsbiblioteket kan opne for publikum hausten 2005.

Europeisk dokumentasjonssenter har flytta og vart opna att ved Det juridiske fakultetsbibliotek i februar 2004.

 

2.6.  Internasjonalt samarbeid

Spesialsamlingane ved Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek fekk i 2004 14.000 € i stønad frå Leonardo da Vinci-programmet under EU til samarbeidsprosjektet ”Keeping Memory Alive. Digitisation and use of old books and manuscripts in new contexts”. Dette er eit samarbeidsprosjekt med the Central Library of Transilvania University, Brasov, Central Library of the University of Medicine and Pharmacy ”Carol Davila”, Bucharest, Academy of Economic Studies Library, Bucharest, Estico Service Company, Bucharest, alle i Romania, og University Library and Information Service of Exeter, England.

Bibliotekar Prisca Tibenderana frå biblioteket ved Makerere University, Kampala, Uganda, gjennomførte eit studieopphald ved UB i tre månader våren 2004, som ein lekk i samarbeidsprogrammet mellom Makerere University og UiB.

UB hadde i 2004 eit nært samarbeid med University of Glasgow om å skaffe og ta i bruk programvare til felles bibliotekportal for de fire universitetsbiblioteka i Norge. Som programvare valgte UB DSpace som er utvikla ved MIT.

UB har i samarbeid med Universitetsbiblioteket i Ålborg utarbeidd eit kurs i informasjonskompetanse for nye studentar, som ein del av arbeidet med å etablere læringssenter ved UB.

 

3.  TILGJENGELEGE RESSURSAR, ØKONOMI, PERSONALE