Universitetet i Bergen

UNIVERSITETSBIBLIOTEKET I BERGEN
ÅRSMELDING 2003

 

Bergen, mai 2004

 

1.  ORGANISERING OG OPPBYGGING

1.1.  Organisasjonskart 

 

1.2. Styret for UB

Universitetsbiblioteket har som sitt øvste organ eit styre som er ansvarleg overfor Universitetsstyret for utviklinga av bibliotektenestene ved Universitetet i Bergen. Styret skal sjå til at biblioteket kan utføre best mogleg dei oppgåvene biblioteket har ansvar for andsynes Universitetet og samfunnet elles. Styret har åtte medlemmer, fire representantar for det vitskaplege personalet ved fakulteta, to representantar for dei tilsette ved UB, og to studentrepresentantar. Styret hadde fem møte i 2003, og hadde dette året følgjande samansetjing:

Medlem

Varamedlem

Repr. for det vitskaplege personalet ved fakulteta

Professor Gjert Kristoffersen,
Det hist.-fil. fak., leiar

1. Professor Nils Skaug,
    Det odontologiske fak. 

Professor Anne Elisabeth Ljunggren,
Det medisinske fak.

2. Professor Harald Sætren,
    Det samfunnsvit. fak. 

Amanuensis Tine Eidsvaag,
Det juridiske fak.

3. Professor Bjørn Helge Johnsen,
    Det psykologiske fak. 

Professor Jan S. Vaagen,
Det mat.-nat. fak., nestleiar

 

Repr. for de tilsette ved UB

Avdelingsbibliotekar Anne B. Åsmul

1. Avdelingsbibliotekar Kari Normo

Fakultetsbibliotekar Svenn Sivertssen

2. Kontorsjef Leif Magne Iversland

Studentrepresentantar

Lars Eriksen

1. Trygve Lie

Peter Forras

2. Kjetil Nygård

 

 

I tillegg møter bibliotekdirektøren og kontorsjefane ved UB sin administrasjon i styret utan røysterett.

 

1.3.  Avdelingar

Universitetsbiblioteket hadde i 2003 av følgjande avdelingar/einingar (jf. og organisasjonskart):

 q   Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek, H. Sheteligs pl. 7/HF-bygget, Sydnes pl. 7

 q   Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek, C. Godskes hus, Johs. Brunsgt. 12

 q   Det medisinske fakultetsbibliotek, Bygg for biologiske basalfag, Jonas Lies vei 91

 q   Det odontologiske fakultetsbibliotek, Årstadvn. 17

 q   Det juridiske fakultetsbibliotek, Magnus Lagabøtes pl. 1

 Ø  EU-dokumentasjonssenter (EDC), Høyteknologisenteret, Thormøhlensgt. 55

 q   Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek, Herman Foss gt. 6

 q   Det psykologiske fakultetsbibliotek, Christies gt. 12

 q   Biletsamlinga, Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5

 q   Tilvekstavdelinga, Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5

 q   Administrasjonen, Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5

 q   IT-avdelinga, Stein Rokkans hus, Nygårdsgt. 5

 

2.  RESULTAT

 

2.2.  Verksemda ved UB i 2003 

Universitetsbiblioteket har som hovudoppgåve å yte bibliotek- og informasjonstenester for forsking, undervising og formidling ved Universitetet i Bergen. Dei siste åra har utviklinga gått meir og meir mot elektroniske tenester og ressursar. I statistikkane for 2003 kan ein sjå at denne utviklinga har hatt ein merkbar effekt på bruken av UB sine tenester. I mange år fram til 1997 var det ein sterk auke i låneverksemda ved UB, som fram til då berre omfatta fysiske lån. Frå 1998 stagnerte tala for fysiske lån, og er sidan blitt noko redusert. Men parallelt med dette har det vore ein auke i bruken av dei elektroniske ressursane. Nedlastingar frå nettet av elektroniske fulltekstdokument erstattar no i mange tilfelle lån i form av artikkelkopiar o.l. Tal for dei to siste åra syner at når desse tala blir lagde til dei ordinære lånetala, var det ein auke på 22,1 % i bruken av UB sine samla ressursar, både trykte og elektroniske, frå 2002 til 2003. Heile denne auken har kome i bruken av dei elektroniske ressursane. Fram til og med 2002 utgjorde framleis nedlastingar av fulltekstdokument ein mindre del i høve til dei ordinære lånetala, men i 2003 utgjorde slike nedlastingar om lag 2/3 i høve til samla tal for ordinære (fysiske) lån.

Det har vore ein klår auke i besøkstala ved UB siste året (12,3 %). Denne auken har i all hovudsak kome ved dei avdelingane som har bygd ut læringssenter med PC-tilbod mv. for studentane.

Både på grunnlag av utviklinga generelt og på grunnlag av innføringa av kvalitetsreforma for høgre utdanning spesielt, har UB i 2003 hatt som høgste prioritet ei vidare utbygging av det digitale bibliotek. I tillegg har biblioteket arbeidd mykje med ulike ombyggings-, utbyggings- og flytteprosjekt ved fleire av sine avdelingar. Jf. Årsplan 2003 for UB, som er tilgjengeleg på http://www.ub.uib.no/felles/dok/aarsplan2003-UB.htm

Større oppgåver som er utførde i 2003:

  1.  Vidare utbygging av det digitale biblioteket:

  ·  Arbeid med overgang frå trykte til elektroniske tidsskrift. Talet på elektroniske tidsskriftabonnement er utvida med 15,6 % til 5050 i 2003. UB har og byrja skaffe tilgjenge til elektroniske bøker, førebels i mindre omfang.

  ·  Digitalisering av eldre verdfulle samlingar: Om lag 1.000 bilete er digitaliserte ved Biletsamlinga, i tillegg til ein del manuskript, kart, mv.

  ·  Konverteringsprosjektet for overføring av UB sine kortkatalogar til BIBSYS-databasen vart avslutta sommaren 2003. Heile UB sin hovudkatalog er lagt inn i BIBSYS, slik at det aller meste av UB sine samlingar no er tilgjengeleg i BIBSYS. I alt har prosjektet sidan starten i 1992 handsama over 1,1 mill. kort, og meir enn 475.000 postar er konverterte i BIBSYS.

  ·  Etablering av læringssenter med PC-tilbod, tilgjenge til Internett, osb., ved Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek (i mellombels lokale), ved Det matematisk-naturvitskaplege og Det juridiske fakultetsbibliotek. Læringssenter ved Det psykologiske fakultetsbibliotek vart utvida med nytt og større areal i 2003.

  ·  UB har kjøpt inn og gjort tilgjengeleg for tilsette og studentar ved UiB referansehandteringsverktøya EndNote, ReferenceManager og WriteNote.

  ·  Arbeid med elektronisk publisering av hovudfagsoppgåver, dr.gradsarbeid mv. 139 hovudfagsoppgåver vart publisert på nettet i 2003.

  ·  Omlegging/oppdatering av UB sine nettsider for publikum

  ·  Utarbeiding av IKT-handlingsplan for UB V2003-H2005

   2.  Ombyggings-, utbyggings- og flytteprosjekt:

  ·  Det er gjennomført detaljplanlegging for ombygging av Haakon Sheteligs plass 7 til HF-fakultetsbibliotek. Ombyggingsarbeidet starta hausten 2003. Samstundes vart det gjennomført utflytting til mellombels lokale av personale og av store samlingar frå Haakon Sheteligs plass 7.

  ·  Dei tidlegare bibliotekavdelingane ved Haukeland og PKI er slått saman, og Det medisinske fakultetsbibliotek tok i bruk nye lokale i BB-bygget i mars 2003.

  ·  Pga. akutte plassproblem og fordi ei planlagt arealutviding er utsett, er nokre av dei eldre samlingane ved Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek blitt plasserte i lukka magasin.

  ·  Opning av lesesal for publikum ved Biletsamlinga

   3.  Kontinuerlig arbeid for å halde oppe kvaliteten på UB sine samlingar og tenester, og for å utnytte ressursane best mogleg.

  ·  Det vart gjennomført ein tilbodsrunde for UB sine tidsskrift i 2003. På grunnlag av dei tilboda som kom inn, vart SWETS vald som hovudleverandør.

  ·  Opningstidene ved publikumsavdelingane vart utvida med 5 timar pr. veke frå hausten 2003, slik at opningstidene som hovudregel er måndag-fredag kl. 9-19.

   4.  Personalpolitiske tiltak

  ·  Fyrste del av leiarutviklingsprogram 2003-2004 ved UB er gjennomført med to samlingar hausten 2003, med 22 deltakarar.

  ·  Det er gjennomført ei rekkje tiltak for å auke kompetansen til dei tilsette ved UB, med serleg vekt på styrking av informasjonskompetanse mv. i samband med etablering av læringssenter ved UB.

 

 

3.  TILGJENGELEGE RESSURSAR, ØKONOMI, PERSONALE