Universitetet i Bergen : Universitetsbibliotek : Fagsider

Universitetet i Bergen - Universitetsbiblioteket
Velkommen til Det samfunnsvitskaplege fakultetsbiblioteket

Om det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek  
Korleis bruka biblioteket?
Lånekortet
Bruk av PC i biblioteket
Samlingane
Referansehandtering
Boksamlinga
Trykte tidsskrift  
Hovud- og masteroppgåver
Tilgjenge og utlån
Kopiering og utskriftar
Opningstidar
Tilsette på UBBSV
Adresse

HJELP

 

 

Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek
UBBSV er eitt av dei sju  fakultetsbiblioteka ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Vi er eit samfunnsvitskapeleg forskings- og  undervisingsbibliotek med studentar, tilsette og gjester ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet som vår primære målgruppe. Men biblioteket er ope for alle som vil bruka det. Biblioteket har opne samlingar, og er i stor grad basert på "sjølvbetening".


Korleis bruka biblioteket?
Dersom du spør om det i skranken får du ei kort innføring i korleis du skal bruka biblioteket. Vi svarar gjerne på spørsmål om biblioteket  vårt. Alle bibliotektenester er   tilgjengelege for alle som vil bruka biblioteket så lenge dei følgjer Lånereglane våre. Innføringar i bibliotekbruk og informasjonskompetanse vert også gjevne på dei einskilde bachelor og masterprogramma. Eit Kurs i informasjonskompetanse er tilgjengeleg på nettet.


Lånekortet
Lånekortet er strekkoden på baksida av student-/tilsette nøkkelkortet. LåntakarID er den tisifra koden (UBBxxxxxx) under strekkoden. Denne ID-en vert brukt ved tinging av lån i biblioteksystemet BIBSYS og som brukarnamn i Mitt Bibsys. Brukara som ikkje er registerte ved Universitet i Bergen kan få lånekort mot å visa gyldig legitimasjon.


Bruk av PC i biblioteket
Biblioteket har antenne for trådlaust internett. Biblioteket har seks katalogterminalar, to internett-PC-ar til ålmenn bruk og to PC-ar knytte til studentsystemet. Tjue studentarbeidsplassar vil bli installert i løpet av hausten. Bruken av katalogterminalane er utan restriksjonar og utskrifter er gratis. Bruken av Internett-Pc-ar er avgrensa til 20 minutt om gongen og brukarar må registera seg i skranken. Utskrifter kostar kr.1,-.Det er ikkje installert anna programvare enn Internett Explorer på Pc-ane (m.a.o. ingen e-post, inga skriving). Det er ingen grenser for bruken av studentsystem PC-ane anna enn at dei ikkje er knytte til skrivar. Bruken av studentarbeidsplassane er heller ikkje avgrensa i tid, men merk at ein plass som står tom i meir enn 30 minutt er å oppfatta som ledig.


Samlingane
Biblioteket sine samlingar dekkjer samfunnsfaga i ei vid og tverrfagleg tyding. Samlinga har omlag 62.000 trykte bøker, 1.000 trykte tidsskrift og ei stadig aukande menge elektroniske tidsskrift og bøker. Universitetsbiblioteket i Bergen har som mål å verta eit "digitalt bibliotek" der elektronisk lagra tidsskrift og bøker vil vera tilgjengelege for alle med tilgang til Universitetet sitt nettverk både på og utanfor campus


Boksamlinga
Boksamlinga er ordna etter Dewey's desimalklassifikasjon - same systemet som er brukt i alle skule- og folkeboksamlingar i Noreg.


Trykte tidsskrift  
Dei trykte tidsskrifta er stilte opp alfabetisk i eit eige magasin. Frå 01.01.05 vil UBBSV ikkje ha trykte utgåver av tidsskrift som er tilgjengeleg i elektronisk form. Referansesamlinga inneheld bibliografiar, leksika, ordbøker og internasjonal statistikk. Dette materialet er ikkje til utlån, men mesteparten av dette materialet er tilgjengeleg i elektronisk form.


Hovud- og masteroppgåver
Samlinga av hovud- og masteroppgåver er ikkje til utlån. Desse er også i aukande grad tilgjengelege på nettet. Brukarar kan kopiera frå tidsskrift-, referanse- og hovudoppgåvesamlingane på kopimaskinane i biblioteket.


Tilgjenge og utlån
Samlinga er berre tilgjengeleg gjennom bibliotekdatabasen BIBSYS. Normal utlånstid er fire veker. Lån kan fornyast ved alle UBB sine fakultetsbibliotek eller i "Mitt BIBSYS". Lånetid på pensumbøker (merkte med PENSUM) er to veker. Pensumbøker kan ikkje fornyast. Alle meldingar frå biblioteket til brukaren går over e-post til brukaren si UiB e-postadresse. Tilgjenge til dei elektroniske samlingane krev at brukaren har konto i UiB sitt nettverk. Slik tilgang vert ordna automatisk av UiB si IT-avdeling for alle studentar, tilsette og gjester ved UiB. Bøker frå alle UBB sine fakultetsbibliotek kan tingast over nettet. Bøker frå biblioteka på Nygårdshøyden må hentast i utlånande bibliotek. Bøker frå Haukeland (UBBMED, UBBODONT) kan hentast i det biblioteket lånaren er registrert. Utlånte bøker kan reserverast i BIBSYS . Lånar vil få melding når boka er klar til henting. Biblioteket lånar inn dokument som ikkje finst i samlinga til alle brukarar. Innlån tek minst ei veke. Lånar vil få melding når dokumentet er klart til henting. Merk at medan innlån av bøker er gratis, kostar innlån av artikkelkopi kr. 60,-. Biblioteket har som praksis å kjøpa nyare bøker i staden for å låna dei inn. Vi kjøper gjerne nye bøker når brukarane ber oss om det.


Referansehandtering
Last
ned referansehandteringsverktøy. Anten EndNote eller ReferenceManager



Tilsette på UBBSV
Fagreferentar
Øvrige tilsette


Opningstider
Måndag-fredag kl. 08300 - 19.00


Adresse
 

Fosswinckels Gate 14 [Kart]
5015 Bergen
Telefon 55 58 32 61
Telefax 55 58 83 80
ubbsv@ub.uib.no



Hjelp til fagspørsmål og biblioteksbruk 

Spør ein bibliotekar

Bokforslag

Fagreferentar

Øvrige tilsette

   

strekOffisiell side
Sist oppdatert 19.01.09 av JFH
til denne siden.