Felles UB-sider
Bibliotekportalen
BIBSYS
Bibliotekbasen
Lenk referanse
Fagsider
Lån/tjenester
Alfabetisk indeks
Fakultetsbibliotekog avdelinger
Organisasjon
Åpningstider
Søk nettsider

|
Informatikk - Bøker
Forslag til kjøp av bøker
Alle Informatikk-bøker i biblioteket er katalogisert i BIBSYS,
og kan søkast fram der. Dersom du leitar etter ei bok
som ikkje fins på hyllene, kan det hende at boka er
utlånt. Søk då i BIBSYS; dersom boka er utlånt, kan
du reservere den for deg. Du får hentebeskjed (evt. pr.
mail) når boka er returnert og klar for henting .
Hylleoppstilling
Informatikk-bøkene er oppstilt på 6 stader:
- Dewey-suiten: Bøkene
står på venstre side, eit stykke forbi
skranken, under Dewey-nummera 003 (Systemer), 004
(Generell informatikk, hardware), 005
(Programmering, program, data) , 006 (Spesielle
metoder, herunder kunstig intelligens). Ein del
litteratur står også under 600 (Teknikk).
Anvendingar står under respektive fag.
All ny litteratur blir oppstilt her, ein del
eldre litteratur blir omsystematisert og sett her
etter kvart (sjå nedanfor).
- MCS-suiten: Dette er ei
samling bøker som er flytta frå Matematisk
institutt og Institutt for informatikk. Den står
til høgre i lokalet. Bøker som blir utlånt,
blir vanlegvis omsystematisert ved retur, og
plassert i Dewey-suiten.
- 'Gammal E':
Eldre litteratur som står til høgre i lokalet.
Blir som 'MCS-bøkene' vanlegvis omsystematisert
ved utlån/retur og plassert i Dewey-suiten.
- Referanse-litteratur.
Dette er oppslagsverk som står i ei eiga
samling, til venstre tett innafor skranken.
Oppstilt etter Dewey-systemet.
- Pensumbøker: Står til
høgre i lokalet, i starten av hyllerekka der.
Oppstilt etter Dewey-systemet.
Instituttet gir presis
informasjon om pensum i dei enkelte emner.
For enkel oversikt over emner og pensumbøker
innan informatikk, klikk her, klikk deretter på det
enkelte emne.
- Bokserier, (f.eks.
Lecture notes in Computer Science) står oppstilt
blant tidsskrifta.
|