Universitetsbiblioteketet i Bergen : Fagsider : HF-fag : Teatervitenskap
 

Ny nettside:

uib.no/ub

Teatervitskap -
Bøker, oppslagsverk, samlingar

Bøker
Faglitteraturen er oppstilt etter klassifikasjonssystemet Dewey.
Scenekunst har signaturen 792, og står  i 1. etasje, til høgre. (Døme):

792        Generelle verk
792.01    Teori, estetikk osv.
792.022  Ulike teaterformer
792.0233  Regi, regissørar
792.029  Skodespelkunst
792.23    Commedia dell'arte
792.8      Dans
Pedagogisk drama står på 372.66. Skodespela står i skjønnlitteratur(S)-samlinga.

NB! Ikkje alle bøkene våre står framme, sjekk alltid Bibsys.

Oppslagsverk og bibliografiar
Referansesamlinga står til venstre i 1. etasje. Desse bøkene er ikkje til heimlån.

HUMORD
Til hjelp i søkinga etter bestemte emne finst Humord, ein dokumentbasert tesaurus (emneordsliste) for fagområdet humaniora. Kjem òg fram i fritekstsøk.

Manuskriptsamlinga
Her finst det m.a. eit unikt kjeldemateriale til Bergens teaterhistorie i arkiva til Det dramatiske Selskap frå 1794, og til Det Norske Theater 1850-1863, der Ibsen var sjef i åra 1851-57 og Bjørnson i 1857-59. (Det meste av dette materialet er for tida deponert i Teaterarkivet i Bergen, Seksjon for teatervitskap.).
Ibsens regibok 
Repertoaret ved Det Norske Theater 1850-1863.

Holbergsamlinga
Bergens Museums bibliotek fekk i 1907 ei samling Holbergiana, ca 1500 bind.

Haakon Amelns Ibsensamling
Ei samling på rundt 950 bind bøker og småtrykk.