Universitetsbiblioteketet i Bergen : Fagsider : HF-fag : Teater

Ny nettside:

uib.no/ub


Korleis skrive referansar/litteraturliste


Ved oppgåveskriving skal du i teksten vise til kva kjelder du har brukt. Desse referansane blir til slutt samla i ei litteraturliste. Det er fleire måtar å gjere dette på. Det aller viktigaste i referansearbeidet, er at du er nøyaktig og konsekvent. For lesaren skal det skal vere lett å finne tilbake til det materialet du refererer til.
     
Svært mange på HF bruker Chicago-stilen, Chicago 15th B (eller 15th A). A-varianten er med fotnotar. Det er Chicago 15th B vi her skal demonstrere.

Referansar i teksten
Når du refererer til eit bestemt dokument (bok, artikkel osv), skriv du etternamn og årstal i teksten, som regel til slutt i setninga (Moi 1998). Bruker du forfattarnamnet i teksten, skriv du årstal etter forfattaren, t.d. Moi (1998) meiner at...  Har du sitert frå ei bestemt side, viser du dette med sidetal etter årstalet (Moi 1998: 34). Oppføringa blir på same måten om Moi er redaktør av ei bok.
      Bruker du fleire publikasjonar av same forfattar frå same år, skriv du (Moi 1998a), (Moi 1998b) osv. Viss du viser til ein referanse som du har lese om i eit anna verk, må du vise til begge, til dømes slik: Kristeva (1993), referert i Moi (1998), hevdar at ...
      Viss ei kjelde har to eller tre forfattarar, må du skrive alle namna i den rekkjefølgja dei står på tittelbladet (Kristeva og Moi 2003). Ved fleire enn tre forfattarar skriv du (Moi et al. 2001).
      Dersom publikasjonen ikkje har ein personleg forfattar, kan referansen sjå slik ut (Kunstårboka 1994). Ved svært kjende offentlege institusjonar, organisasjonar osv kan du nytte forkortingar, som (NRK 1999).

Litteraturlista
I litteraturlista skal referansane førast opp i alfabetisk orden med etternamnet først. Ved fleire innførslar under same namnet, står titlane kronologisk med den eldste først. Viss dokumenta er utgjevne same året, skil ein dei ut med a, b osv. Er det fleire forfattarar eller redaktørar, skal dokumentet alfabetiserast ut frå den førstnemnde forfattaren. Legg merke til det hengande innrykket etter førstelinja.
        Enkelte liker å setje parentes rundt årstalet, og andre nyttar punktum i staden for kolon etter årstalet. Du kan sjølv avgjere dette, men du må vere konsekvent.

Bøker med ein forfattar
Moi, Toril. 1998: What is a Woman? And Other Essays. Oxford: Oxford 
      University Press.

Masteroppgåve/doktoravhandling
Myrva, Torunn. 2004. Bilde og teater:  dramaturgi og visualitet i Caravaggios Matteus-
      serie i San Luigi dei Francesi, Roma
. Hovudoppgåve i kunsthistorie, Universitetet i
      Bergen, Bergen.

Bøker med to til tre forfattarar
Brekke, Nils Georg, Per Jonas Nordhagen og Siri Skjold Lexau. 2003: Norsk   
      arkitekturhistorie frå steinalder og bronsealder til det 21. hundreåret. Oslo:
      Samlaget.

Bøker med redaktør
Moi, Toril, red. 1986: The Kristeva reader. Oxford: Blackwell.

Utgåve/omsett bok
Du skal føre opp årstalet for den utgåva du har brukt. Viss boka er omsett, skal du òg nemne namnet på omsetjaren:

Lucie-Smith, Edward, 1984.
Movements in art since 1945. Ny. rev. utg. London:
      Thames and Hudson. Orig. utg. 1969.
Sontag, Susan, 2004. Om fotografi. Omsett av Agnete Øye. Oslo: Pax. Orig. utg.
      1977.

Kapittel i bok
Moi, Toril. 2002: "Å tilegne seg Bourdieu - styrken og faren ved det enestående". I
      Feministisk litteraturteori, red. I. Iversen, 252-279. Oslo: Pax.

Artikkel i tidsskrift
Moi, Toril. 2003: "Å mene det vi sier - om de intellektuelles ansvar." Samtiden 1: 60-
      75.

Elektronisk dokument/nettside
Uvsløkk, Geir: "Teoretikeren Claude Simon". Vinduet.no, publisert 9.6.2004. 
      Tilgjengeleg: http://www.vinduet.no/tekst.asp?id=406 (20.1.2006).

Her er det viktig å ta med både når nettdokumentet/nettsida blei lagt ut (eller eventuelt dato for siste oppdatering), og når du var inne og fann referansen.