Universitetsbiblioteket i Bergen : Fagsider : HF-fag

 

Ny nettside:

uib.no/ub

Norrøn filologi

På denne sida vil vi peike på nokre ressursar her i byen, samt eksterne prosjekt og institusjonar, som er av interesse for dei som arbeider med norrøn filologi.

Manuskriptmateriale ved Universitetet i Bergen
Ved universitetsbiblioteket finst det norrønt manuskriptmateriale i original. Dei fleste norrøne dokumenta våre er diplom, og er publiserte. Sjå diplomsamlinga. Universitetet i Bergen disponerer i tillegg til dette ei omfattande fotografisamling av norske diplom. Denne befinner seg ved Nordisk institutt, sjå her.

Det finst også eit par seinare papiravskrifter av norrøn tekst i samlingane til universitetsbiblioteket. Det dreier seg om islandske saga-avskrifter frå 1700-talet. Når det gjeld saga-litteraturen har også Nordisk institutt god dekning av originaldokumenta i si store fotografisamling (sjå lenka ovanfor). Dekningen av den gamalnorske handskriftsheimen er bortimot fullstendig.

Digitalisering
Det nordiske prosjektet Menota (sjå lenke til høgre) har sete i Bergen. Prosjektet etablerer ein XML-koda tekstbank med transkribert gamalnordisk manuskripttekst. Studentar og forskarar frå fleire institusjonar er knytte til prosjektet.

Det australske skaldedikt-prosjektet etablerer ei ny kritisk utgåve av den norrøne skaldediktinga i elektronisk form (lenke til høgre).

 

 
 

Fagreferent

Rune Kyrkjebø

Tel. 5558 2515
Rune.Kyrkjebo@ub.uib.no

 

Prosjekt

Menota (Medieval Nordic Text Archive)

Sagnanet / Saganet

Skaldic Poetry of the Scandinavian Middle Ages

Institusjonar

Stofnun Árna Magnússonar

Snorrastofa, Reykholt

Det Kongelige Bibliotek, København

Fiske Icelandic Collection