Universitetsbiblioteket i Bergen : Fagsider : HF-fag : Nordisk

 

Ny nettside:

uib.no/ub

Nordisk

Bøker og samlingar

Boksamlingar
Universitetsbiblioteket har ein del spesialboksamlinger som er særleg interessante for nordiskfaget.

Halvorsens boksamling
Grosserer Nordahl i Stettin gav denne samlinga på ca 9000 bind til Bergens Museums bibliotek i 1902. Det var boksamlinga etter Jens Brage Halvorsen, bibliotekar, historikar og forfattar av Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1880. Rundt halvparten er skjønnlitteratur og litteraturhistorie.

Holbergsamlinga
Bergens Museums bibliotek fekk i 1907 ei samling Holbergiana. Denne samlinga dannar grunnstamma i Universitetsbibliotekets Holbergsamling. Den tel i dag ca 1500 bind og inneheld tidlege utgåver av Holbergs verk, og bøker om dei.

Torleiv Hannaas' boksamling
Bergen Museums bibliotek kjøpte i 1932 ca 10 000 bind etter professor Torleiv Hannaas. Den nynorske delen av samlinga (ca 2500 bind) blei bevart som ei eiga samling. Hannaas hadde samla nesten alt som var komme ut på nynorsk. Av dette hadde biblioteket berre 10-15% frå før.

Norsk stridsarkiv
Dette er ei samling på rundt 1000 bind bøker og småtrykk om målsak og målstrid, som blei gjeven biblioteket i 1948 av Agnar Skeidsvoll, dåverande redaktør av Gula Tidend. Denne samlinga supplerer til ei viss grad Hannaas-samlinga, særleg for litteratur etter 1929.

Haakon Amelns Ibsensamling
Samlinga var ei gåve fra Theodor Ameln. Den består av 950 bind bøker og småtrykk. Fleire av dokumenta er sjeldne og UBs einaste eksemplar.

Oppslagsverk
Biblioteket har ei referanseboksamling med diverse oppslagsverk innanfor nordisk språk og litteratur. Desse er ikkje til utlån.