Historiske arkiv i universitetsbiblioteket

 

Kvalitetsreformen. Utfordringar og muligheiter

Førelesing for Fagleg-pedagogisk dag 6. februar 2004. Rune Kyrkjebø

 

Innleiing

Universitetsbiblioteket vil i framtida drive meir systematisk pedagogisk aktivitet overfor studentane. Vi får med kvalitetsreformen ein litt annan situasjon enn før, med tettare samarbeid mellom fakultet, institutt og bibliotek, når det gjeld å ta imot og rettleie studentar.

Maria Carme viste det som sikkert blir biblioteket sitt viktigaste enkeltbidrag til kvalitetsreformen, nemleg kurs og rettleiing i informasjonsarbeid, ei generell opplæring som passar alle studium, og som typisk kjem inn tidleg i studiet.

Mitt føredrag skal handle om noko som er mindre allment, og som er aktuelt helst for studentar som har eitt år, gjerne fleire, bakom seg på universitetet. Eg skal snakke om ein del av informasjonsverda som ikkje er like tilgjengelig som dei trykte bøkene, heller ikkje like tilgjengeleg som dei elektroniske ressursane med moderne innhald.

Eg vil ta for meg det historiske manuskriptmaterialet, og tenke litt høgt om kva følgjer kvalitetsreformen har for bruken av og drifta av ei slik samling.

Eg vil peike på nokre typiske oppgåver som studentar gjer på manuskriptmateriale, og eg vil prøve sette slike aktivitetar i samanheng med kvalitetsreformen og med den vitskaplege drifta av ei manuskriptsamling.

 

Historiske arkiv og deira plass i undervisning

I dei eldre universitetsbiblioteka finn ein typisk ei spesialsamlingsavdeling som blant anna har ei manuskriptsamling. Slike manuskriptsamlingar har ofte ein kjerne av middelalderdokument som vart samla inn tidlig i institusjonen si historie. Opp gjennom tida er manuskriptsamlingane så blitt meir eller mindre aktivt bygd opp ved gåver og innkjøp. Målet har vore å sikre vitskaplege, historiske og kulturelle dokument for ettertida, fordi ein har tenkt at informasjonen enten var eller ville bli verdifull. Dette er framleis det aller viktigaste målet for eit kvart arkiv.

 

            Vise materiale: Gå til Spesialsamling > Manuskriptsamlingen > godbiter

                                                                                                

Eg har brukt tittelen ”historiske arkiv”, fordi dette materialet naturlegvis ofte blir studert i historisk perspektiv og med historiske metodar. Termen ”arkiv” brukar eg for å understreke at problemstillingane omkring ei manuskriptsamling er dei same for oss i biblioteket, som for resten arkiv-verda, det vil seie for eksempel stats- og byarkiva, som vi samarbeider med.

Manuskriptmateriale blir brukt i undervisning på fleire nivå. Det er helst på dei vidaregåande stega i fag som historie og nordisk og klassisk, at studentane våre arbeider med manuskript. På mastergradsnivået gjer studentar gjerne større sjølvstendige undersøkingar. På lågare nivå arbeider studentar gjerne med manuskriptmaterialet fordi dei skal lære ulike dokumenttypar å kjenne, og ikkje minst skal dei lære å lese eldre skrift.

Manuskriptsamlinga inneheld ei mengd av eldre dokument som då vil egne seg for det første som spennande øvingsmateriale. For det andre, vil ein del dokument og grupper av dokument kunne vere emne for større studiearbeid, og kan vere grunnlag for eksempel for mastergradsavhandlingar.

 

> Foredragbilder.htm

 

Eg skal vise eksempel frå det eldste materialet, og fortelje litt om kva ein student kan

Diplom og pergamentfragment:

Skriftsystemet og språket er ofte problemstillingar i materiale frå 11-/1200-talet og framover. Dialektskilnader i gamalnorsk/gamalislandsk og innanfor gamalnorsk. Språkendring er eit emne. Eksisterande utgåver egnar seg ikkje til oppgåver på 200- og 300-nivået. Sjølv om materialet er utgitt, er det ikkje utgitt på ein slik måte at originalen er erstatta. Utgåvene er normaliserte, språket er glatta ut.

Paleografi

Ortografi og språk

Tekstkritikk

Bokkultur

Typisk: kortare eller lengre beskrivelsar av enkelte dokument eller mindre grupper av dokument.

 

Transkripsjon. Bruke moderne XML-format,

 

                                                   > Menota-prosjektet

Beskrivelse av pråket og skrifta i diplom og andre middelalderdokument vil lenge vere aktuelle oppgåver for studentar. Her finst det gode emne for øvingsoppgåver for studentar på 200-nivået. Mastergradsstudentar kan skrive avhandlingar med denne typen problemstilling, og gi sjølvstendig bidrag til forskinga. Det skjer ikkje sjelden at slike prosjekt resulterer i vitskaplege artiklar.

Her er skrifta faktisk i mindre grad ei utfordring enn i seinare dokument. Studentane treng nesten ikkje øving for å lese dette.

 

1500-talet og seinare:

 

Lære å lese: Her trengst det mykje øving.

Transkribere. Det er å skape noko nytt. Ein student kan tidleg gjere dette.

Bruke innhaldet som kjeldemateriale.

Språk? Frå 1500-talet og utover finst det upublisert materiale der ein kunne tenkje seg transkripsjonsoppgåver også med språkvitskapleg tilnærming. Diploma er eitt slikt materiale, for der finn ein innslag av talespråk.

Dei bergenske laugs-arkiva er eit anna materiale som eg meiner må vere aktuelt også språkhistorisk.

Her har Historisk institutt og Statsarkivet i Bergen laga noko som er veldig nyttig og fint, nemleg eit kurs i lesing av gotisk handskrift. La meg vise det!

 

            > Kurs i lesing av gotisk handskrift

 

 

Utfordringar i lys av kvalitetsreformen

 

Større behov for digitalisert materiale.

Denne utfordringa møter vi bit for bit og frå sak til sak. Vi digitaliserer for både studentar og forskarar som del av den daglege drifta vår. Vi formildar digitale bilete av våre arkivobjekt over nettet og over CD-rom til dei som spør om det. Viss det blir snakk om fjernundervisningsopplegg, er det fullt mulig for oss å levere billedmateriale til studentar. Dette er jo ein viktig bit av kvalitetsreformen, at det skal leggast best mogeleg til rette for e-læring. Noka stor utfordring er ikkje dette for oss på biblioteket, så lenge vi har utstyret. Og det har vi.

 

Nye kursmodular?

Studentane på lågare nivå får jo typisk tilrettelagt undervisningsstoff frå institutta sine. Forskarane har jo som oftast eigne samlingar av det mest sentrale materialet, og brukar sjølvsagt dette i undervisninga si. Her kunne ein kanskje tenke seg at det var mulig å trekke inn meir av det perifere materialet, kan ein seie, i undervisninga. Vi kunne tenke på for eksempel å legge opp kurs i fellesskap som gjorde at ein bestemt del av vår diplomsamling blei betre dekka med transkripsjonar. Det kunne vere kurs på 200- og 300-nivå der studentane transkriberte eit lite stykke kvar som del av det å lære å lese gotisk skrift, og/eller at dei laga paleografiske og ortografiske beskrivelsar av dokument.

 

Kortare studieløp og større behov for informasjon om samlinga

Når studia no vert kortare, er det mindre tid for studenten til å gå på einsam oppdagelsesferd rundt omkring på universitetet. Då blir det viktigare enn før for den historisk orienterte studenten, å bli orientert om kva som finst av historiske arkiv.

Dette er ei utfordring med fleire interessante sider. Ei hovedoppgvae for oss er sjølvsagt katalogsituasjonen. Vi har katalog, men den er vanskeleg å finne, og innvikla å bruke. Derfor må vi komme på nettet med katalogen vår, samla og på ein plass. I første omgang i alle fall med såkalte arkivlister, som viser kvart hovednummer i manuskriptsamlinga. Vi prioriterer dette arbeidet.

Ei anna oppgave for oss er å delta i samarbeid med dei andre arkivinstitusjonane. Vi skal inn med postar i Riksarkivet sin Samkatalog for privatarkiv. Vi deltar som institusjon i samarbeid for arkiv utanfor riksarkivet, nemleg i Landslaget for Lokal- og Privatarkiv, og nettopp tilgjengeleggjeringa er eit hovudtema i det samarbeidet. Vi samarbeidar frå sak til sak med Byarkivet og Statsarkivet i Bergen. Dette gjer at vi har eit bra nettverk som alltid kan hjelpe oss med informasjon, når vi står fast på eit spørsmål.

Det er eitt interessant faremoment ved kvalitetsreformen, på dette punktet. Det er at det blir liten plass nettopp til sjølv-orienteringa og oppdagelsesreisene som studenten før skulle ut på. Den tettare oppfølginga og kortare tida, gir mindre anledning for studenten til å loffe rundt og lese litt her og litt der, bruke ei veke på å forfølge ein spennande idé som dukkar opp. Faremomentet er då at den informasjonen som ikkje blir aktivt presentert, heller ikkje blir studert. Den blir ikkje oppdaga. Den positive utfordringa må vere å motvirke dette ved å få litt arkivkunnskap inn på fast plass i relevante undervisningsmodular. Så vil i alle fall den flinke studenten få ein peiling på kva samlingar som finst, kva som er i dei, korleis dei kan brukast.

                                            

Muligheiter i lys av kvalitetsreformen

 

Digitalisering for undervisning aukar vår digitale samling

Dette er jo ganske opplagt. Men det er ein fin måte å bygge samlinga på. Det betyr at fagmiljøet og vi arbeider sammen om det samme materiale. Og då er den delen av materialet ei god prioritering for oss å jobbe med, fordi vi har til ei kvar tid best informasjon tilgjengelig om det materialet som er i aktiv bruk.

 

Studentarbeida aukar den faglege verdien av samlingane våre

Dette er noko av det og mest inspirerande med å arbeide i ei spesialsamling. Publikum har alltid noko å lære i frå seg. Det gjeld også studentane. Når dei har arbeidd for eksempel med eit middelalderdokument som øvingsoppgåve, så blir dei spesialistar på akkurat det dokumentet. Dei skaper kunnskap og ny informasjon som vi kan prøve å fange opp. Kunnskap kan vere at dei har bidrag til karakteristikken av eit dokument, når det gjeld datering eller språkform, eller innhald. Slik kunnskap kan vi føre inn i vår katalog, og vi gjer då eit stykke samlingspleie. Informasjon som studentar skaper, kan vere for eksempel avskrifter av dokument, som vi rett og slett arkiverer saman med sjølve dokumenta. Då er dokumentet betre tilgjengelig neste gang nokon tar det fram.

 

Idéar og faglege prioriteringar

Valg av oppgåver for studentar og valg av materiale er sjølvsagt dei fagleg tilsette på institutta si oppgåve, og ingen kan gjere det betre enn dei. Historikarar og mange nordistar og klassisistar kan alt om dette. Men vi i biblioteket har også noko å bidra med her.

Erfaringa mi etter eit par år ved spesialsamlingane, er at når arkivar og historikar og nordist snakkar saman, får vi lett gode idéar om kva som kunne vore gjort. Vi får idéar til små prosjekt, og til større saker. For eksempel hovedoppgåver, eller endå større prosjekt der vi for eksempel søkjer forskingsrådet om pengar til å behandle materiale, for eksempel digitalisere.

Her vil det bli ein god effekt for oss, av framtidig tettare samarbeid om undervisningsmodular.

Eg vil og få nemne at eit samarbeidet på universitetet også kan dra fordel av det tettare samarbeidet som vi i Universitetsbiblioteket har med arkiv-verda. Vi kan muligens tilføre fagmiljøa noko også på den måten.

 

Digitalisering

 

Digitalisering er vår hovudutfordring når det gjeld både katalog, bilde og tekstar. Eg skal vise nokre eksempel på sluttresultat av digitalisering.

Digital Scriptorium er ein integrert katalog og billed-database med manuskript. Eit av kriteria for kva manuskript som er med her, er undervisningsverdien. Det er illustrative, gjerne daterte, handskrifter. Til saman får ein ein ressurs som kan brukast når ein skal karakterisere skrift eller illustrasjonar i middelaldermanuskript.

Dei som har laga dette gjer eit poeng av at det nettopp er eit samarbeid mellom arkiva og fagmiljøa på universiteta. Dei gjer også eit poeng av at nettstaden er dynamisk, at ny informasjon blir sugd opp og tatt inn etterkvart som ein studerer objekta.

 

Oppsummering

Visjonen min er ei manuskriptsamling som blir aktivt brukt i undervisninga ved fakultetet, ei samling som får ein auka vitskapleg verdi gjennom det jamne studie- og forskingsarbeidet. Ei samling som stadig blir gjennoppdaga fordi fagfolk og studentar ved institutta samarbeidar tett med arkivarane.