|
Korleis skrive
referansar/litteraturliste
Ved
oppgåveskriving skal du i teksten vise til kva kjelder du har brukt.
Desse referansane blir til slutt samla i ei litteraturliste. Det er
fleire måtar å gjere dette på. Det aller viktigaste i
referansearbeidet, er at du er nøyaktig og konsekvent. For lesaren
skal det skal vere lett å finne tilbake til det materialet du
refererer til.
Svært mange på HF bruker
Chicago-stilen, Chicago 15th B (eller 15th A).
A-varianten er med fotnotar. Det er
Chicago 15th B vi her skal demonstrere.
Referansar i teksten
Når du refererer til eit bestemt dokument (bok, artikkel osv),
skriv du etternamn og årstal i teksten, som regel til slutt i
setninga (Moi 1998). Bruker du forfattarnamnet i teksten, skriv du
årstal etter forfattaren, t.d. Moi (1998) meiner at... Har du
sitert frå ei bestemt side, viser du dette med sidetal etter
årstalet (Moi 1998: 34). Oppføringa blir på same måten om Moi er
redaktør av ei bok.
Bruker du fleire publikasjonar av same forfattar frå same år,
skriv du (Moi 1998a), (Moi 1998b) osv. Viss du viser til ein
referanse som du har lese om i eit anna verk, må du vise til begge,
til dømes slik: Kristeva (1993), referert i Moi (1998), hevdar at
...
Viss ei kjelde har to eller tre forfattarar, må du skrive alle
namna i den rekkjefølgja dei står på tittelbladet (Kristeva og Moi
2003). Ved fleire enn tre forfattarar skriv du (Moi et al. 2001).
Dersom publikasjonen ikkje har ein personleg forfattar, kan
referansen sjå slik ut (Kunstårboka 1994). Ved svært kjende
offentlege institusjonar, organisasjonar osv kan du nytte
forkortingar, som (NRK 1999).
Litteraturlista
I litteraturlista skal referansane førast opp i alfabetisk orden med
etternamnet først. Ved fleire innførslar under same namnet, står
titlane kronologisk med den eldste først. Viss dokumenta er utgjevne
same året, skil ein dei ut med a, b osv. Er det fleire forfattarar
eller redaktørar, skal dokumentet alfabetiserast ut frå den
førstnemnde forfattaren. Legg merke til det hengande innrykket etter
førstelinja.
Enkelte liker å setje parentes rundt årstalet, og andre
nyttar punktum i staden for kolon etter årstalet. Du kan sjølv
avgjere dette, men du må vere konsekvent.
Bøker med ein
forfattar
Moi, Toril.
1998:
What is a Woman? And Other Essays. Oxford: Oxford
University Press.
Masteroppgåve/doktoravhandling
Myrva, Torunn. 2004. Bilde og teater: dramaturgi og visualitet i
Caravaggios Matteus-
serie i San Luigi dei Francesi, Roma. Hovudoppgåve i
kunsthistorie, Universitetet i
Bergen, Bergen.
Bøker med to til tre forfattarar
Brekke, Nils Georg, Per Jonas Nordhagen og Siri
Skjold Lexau. 2003: Norsk
arkitekturhistorie frå steinalder og bronsealder til det
21. hundreåret. Oslo:
Samlaget.
Bøker med
redaktør
Moi, Toril, red. 1986: The Kristeva reader. Oxford:
Blackwell.
Utgåve/omsett
bok
Du skal føre opp årstalet for den utgåva du har
brukt. Viss boka er omsett, skal du òg nemne namnet på omsetjaren:
Lucie-Smith, Edward, 1984.
Movements in art since 1945.
Ny.
rev. utg. London:
Thames and Hudson. Orig. utg. 1969.
Sontag, Susan, 2004. Om fotografi. Omsett av Agnete Øye.
Oslo: Pax. Orig. utg.
1977.
Kapittel i bok
Moi, Toril. 2002: "Å tilegne seg Bourdieu - styrken og faren ved det
enestående". I
Feministisk litteraturteori, red. I. Iversen, 252-279.
Oslo: Pax.
Artikkel i
tidsskrift
Moi, Toril. 2003: "Å mene det vi sier - om de intellektuelles
ansvar." Samtiden 1: 60-
75.
Elektronisk dokument/nettside
Uvsløkk, Geir: "Teoretikeren Claude
Simon". Vinduet.no, publisert 9.6.2004.
Tilgjengeleg:
http://www.vinduet.no/tekst.asp?id=406
(20.1.2006).
Her er det viktig å
ta med både når nettdokumentet/nettsida blei lagt ut (eller
eventuelt dato for siste oppdatering), og når du var inne og fann
referansen.
|