Universitetsbiblioteketet i Bergen : Fagsider : HF-fag : Historie

Ny nettside:

uib.no/ub

Forslag til søkestrategi

Informasjonsbehovet er ulikt alt ettersom ein er i starten på eit prosjekt, eller i ein framskriden fase. Det er ulikt også alt etter nivå og oppgåvetype; på ex.phil- og grunnfagsnivå dekkjer pensum det meste av informasjonsbehovet, medan det på Bachelor- og Master-nivå er større behov for orientering ut over pensum.

Orientering i bibliografisk informasjon og informasjon om nettressursar har gjerne to overordna mål. Det første målet med informasjonsleitinga er å få innsikt i djupna og breidda av kva som er publisert om eit emne. Det andre viktige målet er oppdatering; å finne ut kva som i den seinare tid er skrive eller nettpublisert om eit emne.

Ei utfordring er å avgrense mengda og typen av informasjon som du vil lese. Materialet må vere overkomeleg (ikkje for mykje), og helst innhaldsmessig godt og emnemessig relevant. Det bør også vere på eit høveleg nivå, det vil seie forståeleg på det steg av studiet ein er på, men heller ikkje for lett. Kunsten å avgrense lærer du gjennom rettleiing, undervisning, kollokviesamvær og eige studium.

Nedanfor er ei eit forslag til korleis du kan gå fram for å finne informasjon. Svarar du på ei seminaroppgåve på lågare studiesteg vil du ofte vere komen langt ved å gå til og med punkt 3, og bestille noko av den litteraturen du då har funne fram til. Arbeider du med Mastergradsavhandling trengst det typisk fleire rundar gjennom punkt 4.

Verktøy i søkearbeidet er bibsys og ressursane på fagsida.

1    Sett ned på papiret nokre få setningar som beskriver emnet du arbeider med. Dette klarnar tankane og du kjem på gode søke-ord.

2a  Finn bakgrunnsinformasjon i handbøker og leksika. Det er eit godt utgangspunkt for vidare søk.

2b  Få oversikt over relevant litteratur ved å søke på emne i Bibsys.

2c  Finn internett-dokument.

3    Vurder og avgrens søkeresultata du no har, og lag ei liste over dei verk og forfattarar du meiner er interessante.

4a  Finn fleire verk av dei sentrale forfattarane.

4b  Finn fleire verk med utgangspunkt i litteraturlister i sentrale verk.