Universitetsbiblioteketet i Bergen : Fagsider : HF-fag : Arkeologi

Ny nettside:

uib.no/ub

Å sette opp litteraturliste

Det viktigaste kravet til litteraturlista er at ho listar opp all den litteraturen eller nett-informasjonen som du viser til, siterer frå, eller på annan måte gjer bruk av i avhandlinga. Litteratur som du ikkje brukar eller nemner i arbeidet ditt, skal vanlegvis ikkje vere med på lista. Dette er den normale forventninga som ein lesar vil ha til innhaldet i litteraturlista di.

Når det gjeld forma på litteraturlista er kravet at den skal vere enkel og konsekvent. Konsekvent vil her seie at kvar oppføring av same type, t.d. artikkel i bok, er gjort likt. At lista er enkel, vil seie at den ikkje tek med meir informasjon enn det som trengst, og at den er sett opp typografisk lettleseleg.

Litteraturlister blir førte litt ulikt frå fagmiljø til fagmiljø, men dei har stort sett dei same informasjonane med. Det er rekkefølgja som kan vere annleis, og bruken av parentesar, punktum, kolon, hermeteikn og kursivering.

Eit "hengande innrykk", samt litt ekstra avstand mellom kvar oppføring, gjev ei lettlesen liste. Vi har sett opp nokre eksempel på korleis bøker og artiklar er førte opp i Norsk Filosofisk Tidsskrift. Sjå også MLA Documentation - Works Cited Page og Quick Guide.

Sitering frå internett-ressursar og epost vil også vere aktuelt. Eksempel på korleis det kan gjerast, finn du i  Resources for Documenting Electronic Sources, og her hos Connected Teacher.