<< >> Title Contents

Kapittel 2 Frå småkongedøme til eitt kraftrike. Hovudtrekk i samkøyringa av norsk elforsyning 1920-1970


Det tok omlag femti år, frå kring 1920 til 1970, å samkøyra elforsyninga i Noreg. Det var meir enn berre ei årsak til treigleiken. Politisk motstand mot samkøyring i nokre område av landet tydde ein del. Den sterke stillinga til kommunane i elforsyninga vart nytta til å motarbeida overføring av lokale kraftressursar. Stundom lukkast motstanden, i alle fall for ei tid.

Den tidlegaste elektrifiseringa av Noreg

Det som karakteriserte elektrifiseringa av Noreg fram til hundreårsskiftet, var små kraftverk bygde for å skaffa elektrisk ljos til sentrum i ein by. Privatdrivne verk var like vanlege som kommunale. Fram til 1901 kom 25 kraftverk i drift her i landet og det var små verk med ein gjennomsnittleg storleik på berre 295 kW.[16]

Etterkvart vart elektrisitetsutbyggjinga meir omfemnande. I 1907 var det utbygd 238000 hk. Seks år seinare i 1913 var kapasiteten tredobla til 755000 hk. Den nye elektrokjemiske industrien stod for den største veksten. I 1913 nytta elektrokjemisk industri 52% av landets utbygde vasskraft. Forbruket hadde auka åtte gonger, frå 48500 hk i 1907 til 390000 hk i 1913. Bruken av elektrisitet frå vasskraft til ålmenn elforsyning vart firedobla frå 31000 hk i 1907 til 125000 hk i 1913. I 1914 hadde 90% av dei 65 byane i landet fått elektrisitet. I åra fram til 1. verdskrig var det hovudsakleg private aksjeselskap, ofte i den elektrokjemiske bransjen, som stod bak dei store kraftverksprosjekta. Men tendensen i byar og tettstadar gjekk mot kommunalt drivne kraftverk.[17]

1. verdskrig sette fart i kraftutbyggjinga

Under 1. verdskrig kom det verkeleg fart i elektrisitetsutbyggjinga til kommunane. Det var særleg landkommunane som no vart aktive. Fleire faktorar påverka dei til å satsa på kraftutbyggjing. Kommunane ynskte å stimulera til økonomisk vekst i næringslivet og sikra forbruket til hushaldningane. Men viktig var også dei problema krigen skapte for brensel- og energiforsyninga.[18] På denne tida steig forbruket av elektrisk straum i takt med vanskane med å importera kol. Frå 1914 til 1919 steig prisane i gjennomsnitt mellom 150 og 200 prosent. Prisen på kol vart nærare 2000 prosent høgare enn før krigsutbrotet, medan prisen på elektrisk energi frå kraftverk som kom i drift før krigen berre steig 10-20 prosent.[19] Med slike prisar var det ikkje rart at kommunane ynskte betre tilgang til elektrisitet.

Samstundes skapte den gode norske økonomien rikeleg med pengar i samfunnet og ein velviljug kredittmarknad. Den samla forvaltningskapitalen i sparebankar og privatbankar vart nærare femdobla frå 1914 til 1920. Det er ein sterk vekst sjølv med stor inflasjon. Krigen avgrensa importen av råvarer, så det vart vanskeleg for bankane å plassera pengane i gode og sikre prosjekt. Det var difor lett for kommunane å få lån, sidan bankane vurderte dei som særleg kredittverdige.[20] Mange investeringslystne norske kommunar fekk såleis utan særlege problem pengar til å byggja kraftverk.

I dei seks åra frå 1914 til 1920 firedobla kommunane gjelda si. Mellom 1918 og 1920 gjekk 2/3 av investeringane til kommunane til forretningsføremål. Av heile

auken i nettogjelda i same perioden skuldast omlag halvparten kraftutbyggjing.[21]

Hausten 1920 kom eit konjunkturomslag i norsk økonomi. Etterspurdnaden etter norske eksportvarer minka, og fortenesta til bedriftene tørka inn. Det vart igjen normale prisar på kol og olje. Det var økonomiske nedgangstider der både einskildpersonar og kommunar opplevde svikt i inntektene. Forbruket av elektrisitet var noko av det fyrste folk sparte inn på.[22] Dei kommunale kraftverka gjekk med underskot og vart ei tung bør for mange kommunar.

Planar for samkøyring av elforsyninga

Thomas Norberg Schulz var frå 1908 direktør for Kristiania Elektrisitetsverk, og frå 1920 til 1930 elektrisitetsdirektør i Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen. Han ynskte norsk elforsyning samla i eit stort, felles elnett slik som mange andre land og regionar organiserte, eller planla å organisera, elforsyninga. Fleire amerikanske og tyske delstatar og Sverige, Holland, Spania og Storbritannia arbeida med å sentralisera elforsyninga. I desse statane vart elektrisitet etterkvart produsert av store kraftverk knytt til leidningssystem som forsynte større regionar. Heile elsystemet kunne stå under overoppsyn av eit styre.[23]

Norberg Schulz hevda eit statsmonopol burde ta seg av elektrisitetsproduksjonen i framtida for å sikra best mogleg elforsyning. Eit mogleg alternativ kunne vera samarbeid mellom staten, kommunane og private i eit aksjeselskap, Norges Kraftverker, med monopol på all elektrisitetsproduksjon i Noreg. Men staten måtte vera førande i føretaket.[24] Det var tenleg at fylka utvikla eit samarbeid om elforsyninga gjennom overingeniørstillingane til fylkesadministrasjonane, eventuelt under statens leiing. Han rådde til at fylka valde eit utval til å koma med framlegg til organisering av elforsyninga. For at utvalet skulle få sakkunnig støtte ville Norberg Schulz oppretta eit sentralt kontor til å utgreia ein felles elforsyningsplan. Det mellombelse kontoret kunne seinare anten oppløysast eller gå inn i eit permanent styre for samkøyringa.[25] Men framlegga frå Thomas Norberg Schulz kom ikkje til å prega samkøyringa av elforsyninga.

Den fyrste samkøyringa av elforsyninga

I mellomkrigstida gjekk kraftverka gjennom ei alvorleg økonomisk krise og dei fleste måtte utsetja teknologisk og økonomisk rasjonelle tiltak til etter 2. verdskrig. Trass i store økonomiske problem byrja kraftverka på Austlandet likevel med samkøyring av elforsyninga. I tida kring 1920 kom fleire nye kraftverk på Austlandet i drift samstundes som leidningsnettet vart utbygd. Tilhøva vart såleis lagt til rette for samkøyring. Samkøyring utvikla seg her i landet fyrst mellom kraftverka på Austlandet med Rjukanleidninga som ein viktig faktor.

Rjukanleidninga

Stortinget vedtok i desember 1920 å byggja ei 144 km lang 60 kV-leidning frå Rjukan i Telemark til Smestad ved Oslo. Vedtaket skjedde i samband med at staten leigde 22 MW frå Norsk Hydro sitt verk A/S Rjukanfoss. Bakgrunnen var at staten ynskte å tryggja tilgangen av elektrisitet til ålmennforsyning. Staten overlet krafta til lokale kraftverk på Austlandet til sjølvkost. Ein føresetnad frå staten si side var at verka ikkje deltok i samarbeidet kvar for seg, men danna eit interessentskap. Kristiania Elektrisitetsverk, Drammen Elektrisitetsverk og Elektrisitetsforsyningen i Buskerud Fylke gjekk i januar 1921 saman i eit interessentskap for å motta og fordela krafta.[26]

I løpet av 1923-24 skjøna kraftkjøparane at med samkøyring seg imellom gjennom Rjukanleidninga kunne dei klara seg heilt utan Rjukankraft. Interessentselskapet tinga fram ein avtale som gjorde leidninga til fyrst og fremst ei samkøyringsleidning. Interessentskapet måtte, ifylgje avtalen, dekka statens utlegg til leidninga og betala Norsk Hydro ei avgift for å stilla den avtalte kraftmengda til disposisjon for eventuell bruk.[27] Rjukanleidninga kom altså i hovudsak til å verta nytta til kraftutveksling og ikkje til kjøp av Rjukankraft. Samkøyring etter formelle forpliktande reglar og under leiing av eit sentralt koordineringsorgan vart ikkje oppretta av dei samarbeidande kraftverka.[28]

Mot fastare organisering

Før skipinga av ein formell organisasjon for samkøyring på Austlandet utvikla det seg ulike former for kontakt og samarbeid mellom dei største kraftverka i distriktet. Kraftverk i Oslo, Akershus, Vestfold, Skiensfjorden, Drammen og Buskerud og Hafslundselskapa samkøyrte seg i mellom. I 1922 danna nokre av desse verka "Fælleskontor for Kristianiafjordens Elektrisitetsverker" for å letta utveksling og utnytting av ledig kraft kring Oslofjorden.[29]

Våren 1925 tok arbeidet med å finna ei fastare form på samkøyringa ei ny vending, då nokre av medlemene i denne gruppa byrja tingingar med staten om kraftkjøp frå statlege Nore Kraftverk. Dette kraftverket skulle stå klår til drift i 1928 med ein produksjonskapasitet på 47 MW. Staten bygde verket for å tryggja elforsyninga på Austlandet. Avtalen med staten førte til ein pris på 90 kroner pr. kW/år og ei kontraktstid på 10 år. Kontraktane mellom staten og kraftverka krevde at kraftkjøparane skulle velja ein samkøyringssjef som tok seg av tilhøvet til staten vedrørande regulering av spenning og periodetal. Samkøyringssjefen var og eit naudsynt mellomledd for å koordinera kraftutveksling og avtala driftsstopp.[30] Noreavtalen la grunnlaget for eit tettare samarbeid mellom kraftverka på Austlandet. Sidan staten berre ville samarbeida med verka som ei samla eining, måtte dei oppretta ein organisasjon for å samordna synspunkta sine.

I 1927 vart Samkjøringskomiteen for kraftavtagerne fra Nore skipa. Omlag samstundes tilsette kraftverka ein samkøyringssjef. Den fastare organiseringa hadde nær samanhang med verka sitt ynske om å tinga fram ei nedsetjing av prisen på Norekraft. Men det var også viktig at staten ynskte å samarbeida med ein organisasjon og ikkje dei einskilde verka. Det var også staten som ville ha ein samkøyringssjef som kontaktperson. Frå 1. oktober 1928, etter at Nore Kraftverk med leidningar var sett i drift, føregjekk det kontinuerleg samkøyring av kraftverka på Austlandet.[31] Sjå kart over samkøyrande kraftverk på Austlandet i 1928 på side 22.[32] Det gamle lokalistiske elforsyningssystemet hadde frå ein driftssynsvinkel vorte omforma til ei sentralisert eining. Men det var framleis det einskilde, sjølvstendige kraftverket som var grunnlaget for austlandsforsyninga. Innanfor denne organiseringa av samkøyringa var det kraftverka som tok dei endelege avgjerdene om utbyggjingar, gjorde avtalar med kundar og planla framtida.

Usemje om Rjukanleidninga

Ein føresetnad for byggjinga og drifta av Rjukanleidninga var eit tett samarbeid mellom staten og interessentskapet, men det oppstod likevel raskt tvistar mellom dei to partane. Interessentskapet var misnøgde med statens drift av deira del av leidninga, og meinte dei sjølv kunne driva ho billegare. Staten protesterte lenge mot å endra avtalen, men i 1929 fekk endeleg interessentskapet overta driftsansvaret for leidninga på strekninga frå Oslo til Flesaker.[33]

Eigartilhøvet for Rjukanleidninga skapte usemje mellom staten og kraftverka. Interessentskapet søkte i 1929 staten om å få overta strekninga frå Kongsberg til Årlifoss ved Bolkesjø samstundes som Norsk Hydro søkte om overtaking av strekninga Rjukan-Årlifoss. Ei slik løysing ville stilla interessentskapet friare vedrørande samkøyring eller sal av overskotskraft vestover. Det ynskte tydelegvis mellom anna å selja kraft til bedrifter som Norsk Hydro og Tinfos Papirfabrikk. Men staten nekta å selja leidninga, avdi Nore enno ikkje hadde fått seld heile sin potensielle kraftproduksjon. Det var difor viktig for økonomien til Nore at staten hadde full råderett over leidninga vestover slik at høvet til å overføra kraft frå Nore vestover var open.[34] Frå 1933 byrja NVE sjølv å levera Norekraft til Tinfos.[35] Staten og dei lokale kraftverka tevla i røyndomen om å selja elektrisitet. Problema staten og kommunane hadde med å få selt kraft, gjorde effektiv samkøyring av elforsyninga vanskeleg.

Strid om Norekrafta

Det statlege Nore Kraftverk spelte hovudrolla i den tekniske samkøyringa på Austlandet. Det var difor viktig for kraftverka at drifta av Nore vart tilpassa resten av samkøyringssystemet. Då måtte drifta av det statlege verket på viktige område leggjast under samkøyringssjefen som vart vald av medlemsverka. Staten slutta seg ikkje til Samkjøringskomiteen, og var difor uavhengig av pålegg frå samkøyringssjefen. Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen meinte mellom anna at driftsleiinga i Nore Kraftverk ved feilrettingar hadde høve til å foreta koplingar som fekk fylgjer for resten av systemet, utan fyrst å spørja samkøyringssjefen. Det var ikkje Samkjøringskomiteen samd i.[36]

Det var også usemje mellom NVE og Samkjøringskomiteen om korleis krafta skulle fordelast mellom kjøparane. Kraftverka meinte dei fritt kunne "forskuva" kraft seg i mellom etter kor stor krafttrongen deira var. Staten hevda i byrjinga at ein kjøpar skulle betala ekstra for overforbruket sitt, sjølv om den samla kraftbruken til alle kjøparane låg under det dei totalt hadde rett til å ta ut. Det synte seg vanskeleg å få inn det naudsynte oversynet over kraftbruken til verka tilslutta Samkjøringskomiteen. Våren 1929 gav NVE etter og tillet "fri utveksling av energi," utan krav om overforbruksbetaling så lenge det samla forbruket til kjøparane ikkje gjekk ut over det kontraktane gav rom for.[37]

Paripolitikken frå 1925 til 1927 tydde at prisane fall sterkt, slik at den prisen kjøparane gjekk med på i 1925 vart oppfatta som altfor høg. Då Nore Kraftverk stod klårt i 1928 var etterspurdnaden etter kraft mindre enn planleggjarane hadde trudd. Det var ikkje mogleg å selja all krafta som Nore var i stand til å produsera. Kraftverka makta heller ikkje å selja krafta dei hadde forplikta seg til å kjøpa frå kraftverket til tingarane. Usemja mellom staten og kraftverka botna i vanskane med å få selt Norekrafta i økonomiske nedgangstider. Hausten 1927 vende kraftkjøparane seg til Arbeidsdepartementet for å få sett ned prisen til høgst 70 kroner pr. kW/år. Det vart innleiinga til tingingar som kom til å pågå i fleire år. Men det vart inga endring av prisen før nye kontraktar vart avtala i 1938.[38] Då var tingingane mellom staten og kraftverka enklare på grunn av den økonomiske framgangen.

Striden om Norekrafta skapte interesse i Samkjøringen for kommunal overtaking av Nore Kraftverk. Staten var slett ikkje uviljug til å selja. Alle konfliktane mellom staten og kraftverka på Austlandet førte til at Arbeidsdepartementet allereie i 1929 sa seg viljug til å selja Nore Kraftverk til Norekraftkjøparane. Det kom ingenting ut av tingingane då, men spørsmålet om sal av Nore vart teke opp att i 1935. Staten understreka at kommunane eventuelt måtte overta alle dei statlege investeringane på Austlandet, medrekna overføringsverk. Staten og kraftkjøparane kunne ikkje semjast om prisen. Det synte seg også at utkantane på Austlandet ikkje ynskte at staten skulle selja Nore Kraftverk. Heller ikkje Norges Industriforbund ynskte noko sal. Næringsorganisasjonen frykta at Oslo skulle verta for dominerande i eit nytt føretak. I 1936 la Stortinget planane om sal av Nore i skrin. Dersom salsplanane hadde vorte realiserte, ville eit samarbeid mellom kommunane overteke statens rolle som den dominerande kraftprodusenten i området.[39] Då ville staten kanhenda vore ute av elforsyninga på Austlandet for svært lenge.

Samkjøringen skipa

Den økonomiske depresjonen førte til at kraftverka ynskte å tinga på nytt om kraftprisen med staten. Det leia til at verka såg seg tente med å organisera seg tettare i lag. I juni 1932 vart foreininga Samkjøringen formelt skipa. Dei verka som gjekk inn i organisasjonen var Akers Elektrisitetsverk, Akershus Elektrisitetsverk, Elektrisitetsforsyningen i Buskerud Fylke, Drammen Elektrisitetsverk, Hafslund, Oslo Lysverker, Skiensfjordens kommunale kraftselskap og Østfold fylkes elektrisitetsforsyning. Føremålet til foreininga var rasjonell utnytting av kraftkjeldene i Aust-Noreg, samkøyring, overføring og utveksling av kraft, og sal av kraft mellom medlemene til foreininga og anna tilhøyrande verksemd. Alle verk som ynskte å samkøyra med medlemene i foreininga og som produserte eller fordelte minst 10 MW, eller var felleskjøpar av Norekraft, hadde rett til å verta medlem.[40] Sjå kart over samkøyrande kraftverk på Austlandet i 1932 på side 26.[41]

Då Samkjøringen vart skipa i 1932 var omlag 30 kraftstasjonar knytta til dette samkøyringssystemet, som hadde ei samla yting på 2-3 TWh i året. Ved effektiv samkøyring mellom alle kraftstasjonane på Austlandet rekna verka med å vinna inn årleg mellom 50-100 MW.[42 ]Samkøyringssystemet forsynte frå omlag midten av 30-talet eit område med godt over ein million innbyggjarar.[43]

Tilnærming mellom staten og Samkjøringen

Økonomisk oppgang i 30-åra, og med det vokster i elektrisitetsbruken, minska motsetnadene mellom staten og kraftverka på Austlandet. I juli 1938 vart staten medlem av Samkjøringen. Kraftverksjef Johan Holst i Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen vona innmeldinga etterkvart ville betra det, etter hans eige syn, tidvis spente tilhøvet mellom staten og kraftverka på Austlandet. Han meinte likevel at statens største føremon i eit medlemsskap låg i tilgang til den statistikken Samkjøringen førte over kraftbruken til dei einskilde verka.[44] Med denne innmeldinga godtok staten i røyndomen at statens kraftverk på fleire viktige område vart underlagt samkøyringssjefens autoritet. Det var medlemsverka i Samkjøringen som valde samkøyringssjefen.

Elektrisitetsrasjonering

Etter 2. verdskrig var det stor kraftmangel. På grunn av denne kraftnauda krevde staten frå 1948 at dersom nokon av kjøparane av Norekraft auka sin krafttilgang ved utbyggjing, eller på anna vis, så kunne leveransane av statskraft reduserast. Intensjonen med kravet var å jamna ut skilnader i tilgangen på elektrisitet i ulike distrikt ved at nokre verk fekk lov å byggja ut vassfall og andre ikkje. Eit liknande føremål hadde elektrisitetsrasjoneringa, som også vart innført i 1948. Grunnlaget for denne rasjoneringa var lov om rasjonering av elektrisk energi som vart vedteke same året. Denne lova prioriterte trongen til industrien, og då særleg eksportindustrien, for elektrisitet på kostnad av elektrisitet til ålmennt forbruk. Ho gav høve til å forby bruk av elektrisitet til føremål som romoppvarming, vatnvarming, reklamelys og så bortetter.[45] Gjennom heile 50-talet vart rasjoneringslova nytta til å fordela tilgangen på elektrisitet mellom verka.

Samarbeid mellom staten og Samkjøringen

I utøvinga av denne rasjoneringa fekk Samkjøringen ein viktig funksjon. Samkjøringen søkte og fekk fullmakt av Arbeidsdepartementet til å gjennomføra rasjoneringa innan sitt samkøyringsområde. Rasjoneringsordninga kravde at alle verka i samkøyringa skulle minska forbruket like mykje. Det vart grunngjeve utifrå rettferdsomsyn. For ikkje å gje verk som fekk lov til å byggja ut kraftkjelder alt for store føremonar, måtte dei dela elektrisiteten med andre. I Oslo vart dette sett på som djupt urettvist. Byen hadde hatt store utlegg til byggjing av kraftverk, men fekk ikkje åleine heile gleda av straumen.[46] Leiinga i Oslo Lysverker ville likevel ikkje melda seg ut av Samkjøringen. Føremonane ved samkøyring var for store for byen til at det vart aktuelt.[47]

I spørsmålet om å la kraftverka få nytta ein større del av krafta frå utbyggjingar til eigen bruk, endra Samkjøringen politikk. Då saka vart handsama i august 1952, gjekk ho inn for at verk som heretter sette i gang utbyggjing skulle få disponera 10% til eigen bruk, noko som og vart etterfylgt av Industridepartementet.[48] For å stimulera til meir kraftutbyggjing vart det sidan avgjort at dei som var sjølvforsynte, men likevel bygde ut skulle få nytta 25% sjølve. I juli 1956 vedtok Stortinget at verka som bygde kraftverk etter 1. februar 1956, fekk all kraft frå utbyggjinga som tilskot til rasjoneringsgrunnlaget sitt dersom finansieringa ikkje kom frå den innanlandske lånemarknaden, og femti prosent av krafta om ho gjorde det. Den andre halvparten skulle gå til det felles rasjoneringsgrunnlaget.[49] Bakgrunnen for reglane var ynsket om å stimulera til større kraftutbyggjing. Kraftutbyggjinga vart seinka, avdi moglege utbyggjarar mista interessa når dei sjølve ikkje fekk mesteparten av krafta frå nye verk.

Lova om rasjoneringa av elektrisitet galdt fram til 1962. Det var usemje i representantskapet til Samkjøringen om det var rett å halda på med elektrisitetsrasjonering så lenge. Men eit klårt fleirtal tilrådde i 1957 å halda fram med rasjoneringa.[50] Det er ironisk at Samkjøringen i mange år forvalta eit regelverk som seinka utviklinga fram mot meir samkøyring mellom kraftverka. Kraftmangelen og rasjoneringa medførte at kvart einskild verk heldt på krafta si i større grad enn elles. Denne haldninga svekka framveksten av samkøyring.

Samkøyring utanfor Austlandet

I Noreg var Samkjøringen lenge eit unntak. Utanom nokre små elnett med utgangspunkt i byområde var det karakteristiske for elforsyninga i størsteparten av landet at ho skjedde gjennom kraftverk som ikkje hadde noko samband med kvarandre. Det skulle gå lang tid før det vart samkøyring av noko omfang utanfor Austlandet. Men etter 2. verdskrig byrja samkøyring av elforsyninga i større grad også i andre landsdelar.

Samkøyring i Midt-Noreg: Nordenfjeldske kraftsamband

Stortinget vedtok i 1947 å byggja Aura Kraftverk og 132 kV-leidningar frå Aura og Istad i Romsdal til Eidum i Sør-Trøndelag. Det skulle leggja grunnlaget for samkøyring mellom kraftverk frå Romsdal i sør til og med Nord-Trøndelag i nord. I juni 1949 kalla Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen inn til eit møte der samkøyring i området vart drøfta. På møtet var representantar frå NVE, Sør-Trøndelag fylke, Fjæremsfossen Kommunale Kraftselskap og Trondheim Elektrisitetsverk. NVE fekk fullmakt til å oppnemna ei ekspertnemnd til å greia ut spørsmålet om samkøyring mellom kraftverka i Trøndelagsfylka og det statlege Aura Kraftverk i Romsdal.[51]

Alle interesserte partar utnemnde representantar i nemnda som greia ut saka og hadde møte med dei interesserte kraftverka i området for å drøfta organiseringa av den komande samkøyringsorganisasjonen. Utforminga av vedtektene til organisasjonen tok Samkjøringen på Austlandet som førebilete.[52] NVE kalla i desember 1953 inn til skipingsmøte for samkøyringsorganisasjonen Nordenfjeldske Kraftsamband. I byrjinga var laget ope for alle kraftverk i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. I desember 1967 vart det teknisk mogleg å samkøyra med kraftverk i Nordland, og laget opna då for medlemsskap for kraftverk frå dette fylket.[53]

Samkøyring på Nord-Vestlandet?

Elnetta vart lengre og frå kring 1940 vart det drøfta å få i gong samkøyring mellom kraftverka i Sogn og Fjordane. Før 2. verdskrig var omme fanst det gjennom Ytre Fjordane Kraftlag eit nett langs kysten. Forsyningsområdet strekte seg frå Sognefjorden til Voldafjorden på Sunnmøre, med tilføring av elektrisitet frå ei rekkje kraftverk, men utan noko formalisert samkøyring.[54]

Den statlege elforsyningsnemnda drøfta spørsmålet om samkøyring i området i 1947. Tanken var å byggja leidningar mellom eit eventuelt utvida Tafjord Kraft på Sunnmøre og Øksenelvane Kraftverk i Sogn og Fjordane. Det ville binda saman størsteparten av Sunnmøre og Sogn og Fjordane.[55] Då Firdakraft kom i drift i 1953 vart det teke steg i den leia. I 1952-53 drøfta interesserte verk frå Sogn og Fjordane og Søre Sunnmøre å oppretta ein samkøyringsorganisasjon på grunnlag av elnettet til Ytre Fjordane Kraftlag og kraftreservane til Firdakraft .[56]

Samkøyring på vilkåra til kraftprodusentane i Sogn og Fjordane

Vestlandske Kraftsamband vart skipa i mai 1955. Føremålet til laget var rasjonell utnytting av kraftkjelder, samkøyring, overføring og utveksling av elektrisk energi. Vestlandske Kraftsamband fylgde i denne omgangen det tradisjonelle mønsteret til tidlegare norske samkøyringsorganisasjonar og eigde ikkje samkøyringsliner, men overlet det ansvaret til eigarselskapa sine, kraftverka. Sambandet var eit reint tenestetiltak overfor desse verka. Deltakarane frå Sogn og Fjordane hadde fleirtal i sambandet med 21 av 40 aksjar, sidan mesteparten av krafta måtte koma derifrå.[57 ]Kraftverk frå dette fylket kontrollerte altså sambandet dersom dei røysta i lag.

Laget femna om fylkesverk, interkommunale og kommunale verk og industriverk i området mellom Sognefjorden i Sogn og Fjordane og Storfjorden i Møre og Romsdal. Her budde det på denne tida vel 100000 innbyggjarar som nesten alle på skipingstidspunktet hadde fått tilgang til elektrisitet.[58] Sjå kart over elforsyninga på Nord-Vestlandet i byrjinga av 1960-åra på side 31.[59]

Det skulle syna seg å verta meir einvegskøyring enn samkøyring. Sentralt i kraftsambandet var leidninga som Firdakraft bygde til Straumshamn på vestsida av Voldafjorden. Ho vart finansiert med ekstra tilskot frå Ørsta kommune, sidan det var dei to ekspanderande bygdebyane Ørsta og Volda på Sunnmøre som pressa på for samkøyring og ynskte meir kraft. L/L Tussa Kraft førte leidninga vidare frå Straumshamn til Haugen i Ørsta. Ifylgje ei førebels kontrakt frå 1949 skulle Firdakraft levera krafta til Tussa Kraft for 60 kroner/kW. Men så vart krona devaluert og det kom usemje mellom partane om prisen. Til slutt greip NVE inn og fastsette prisen til 70 kroner/kW. Seinare vart partane samde om å fylgja statskraftpris, ei ordning som gav god forteneste for Firdakraft.[60]

Framlegg om endring

Tussa Kraft, som stod for elforsyninga på ytre Sunnmøre, søkte i november 1957 NVE om stamlinemidlar til byggjing av kraftleidning mellom Tussa og kraftverka i Sykkylven og Stranda på indre Sunnmøre. Det førte til eit møte i mars 1958 mellom representantar frå NVE, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylke og fleire kraftverk i dei to fylka. Dei sette ned eit arbeidsutval for å undersøkja tilhøva for samkøyring mellom dåverande Vestlandske Kraftsamband og verka nordover til og med Tafjord på Sunnmøre og sørover til og med L/L Sognekraft i Sogn. Arbeidsutvalet skulle også leggja fram førebuande planar for ei stamline gjennom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.[61]

Utvalet kom fram til at det burde byggjast ei nord-sørgåande stamline for 132 kV spenning, og at ho skulle gå frå kraftleidninga til Tafjord Kraftselskap ved Solnørdal på Sunnmøre til Aurland i Sogn på fylkesgrensa til Hordaland. Elektrisitetskontoret i Møre og Romsdal og Elektrisitetsforsyninga i Sogn og Fjordane sende i lag søknad til NVE om stamlinemidlar for å finansiera byggjinga.[62]

Interessene til staten

Smelte og- aluminiumsverka i Årdal, Svelgen og Høyanger i Sogn og Fjordane vart sterkt utvida kring 1960. Det var også på tale med fleire aluminiumsverk på Vestlandet. Alt tyda på at den kraftkrevjande industrien frametter ville trenga meir energi. Denne industrien høyrte inn under ansvarsområdet til Industridepartementet og departementet ynskte ei raskare utbyggjing av kraftkjeldene, også på Nord-Vestlandet. Vurderinga var at det hasta med å utnytta Noregs komparative føremonar, billeg kraft, elles kunne slik industri hamna andre stadar i verda. Men det å knyta kraftkjeldene i

Sogn og Fjordane til landsnettet var også viktig for departementet.[63]

Staten støtta linebyggjinga

Hovudstyret i Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen handsama søknaden frå dei to fylka i oktober 1958. Det kom til at sidan det var aktuelt å byggja ei 132 kV-leidning gjennom heile området burde det med ein gong opprettast eit stamlineselskap for stamlina frå Sunnmøre til Sogn. Hovudstyret rådde og til at dette stamlineselskapet fekk lovnad om mellombelse rente- og avdragsfrie lån til å finansiera størsteparten av linebyggjinga. Staten skulle alt i alt yta 75 millionar kroner i rimelege lån til byggjing av stamlina.[64]

Planar om kraftutbyggjing

Frå slutten av 50-talet planla Sognekraft å utvida kraftverket sitt i Vik i Sogn. Bakgrunnen var den venta auka i krafttrongen i ålmennforsyninga lokalt samstundes som det kunne leverast kraft til industrien og til Sunnmøre gjennom stamlina som kraftsambandet skulle byggja. Vestlandske Kraftsamband støtta kraftutbyggjinga. Ifylgje prognosane til sambandet måtte det koma ei utbyggjing i Vik for å dekka krafttrongen i nær framtid i forsyningsområdet til laget. Etter planane skulle krafta frå denne utbyggjinga vera klår samstundes med stamlina. Det ville gje kraftsambandet inntekter som var naudsynte for å balansera drifta til laget.[65]

Staten på banen

Sognekraft fekk problem med å finansiera utbyggjinga i Vik. I november 1961 ba Sognekraft NVE om å verta meddeltakar i prosjektet. NVE kom med offisielt framlegg om dette på eit møte mellom NVE og Vestlandske Kraftsamband i mars 1962. Utbyggjinga i Vik, Vikfalli, skulle spela hovudrolla som kraftprodusent i samkøyringsområdet til Vestlandske Kraftsamband. Den planlagde produksjonen frå Vikafjelli ville etter dei opphavlege planane verta dobbelt så stor som heile krafttrongen til den dåverande ålmennforsyninga i Sogn og Fjordane. Det var ikkje konkrete planar for korleis krafta skulle nyttast, men i samband med stamlinebyggjinga vart det rekna med levering nordover til Sunnmøre.[66] Vestlandske Kraftsamband støtta denne utbyggjinga, sidan ho ville gje sambandet inntekter.

Styret i Sognekraft vedtok å samarbeida med staten om prosjektet. Hovudstyret i NVE og årsmøtet i Sognekraft slutta seg til vedtaket i mai 1962. Kontrakt mellom dei to partane vart underskriven i februar 1963. Staten gjekk opphavleg inn med 70% og Sognekraft med 30% i Vikfalli samla. Men NVE gjekk snøggt i gong med å utvida planane. Opptrappinga tydde i røyndomen at NVE nærast åleine finansierte utvidinga i Vik. NVE tok då også tre av fem i styret for "Vik-anleggene." Sognekraft fekk tilbod om å vera med på utvidinga, men eit omframt årsmøte hausten 1965 slo fast at dei måtte nøye seg med å vera med i prosjektet med same innsats som i byrjinga. Til utgangen av 1970 vart det investert 240 millionar kroner. Sognekraft sin del, medrekna overførte anlegg, var 22 millionar. Det tydde at Sognekraft sin eigarprosent i heile Vikafjelli-prosjektet vart redusert frå 30 til 12. I 1972 kunne det frå to byggjetrinn og fire kraftverk i Vik i Sogn takast ut til saman 750 GWh.[67]

Nye råmer for samkøyringa

Det vart i november 1958 sett ned eit arbeidsutval som skulle leggja fram framlegg til løysing av organisatoriske spørsmål i samband med byggjinga av stamlina. Vestlandske Kraftsamband skulle koma til å heilt endra karakter i tidsromet 1959-1960. Samarbeidet vart utvida geografisk med nye medlemer. Det tidlegare laget, som berre dreiv med kraftoverføring, vart omskipa til eit stamlineselskap som bygde og eigde linenett. Det nyskipa selskapet, L/L Vestlandske Kraftsamband, fekk Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen og Tafjord Kraft på Sunnmøre inn på eigarsida med slik tyngde at dei tilsaman hadde fleirtal.[68] Styringa av samkøyringsorganisasjonen gjekk med det ut av det distriktet der dei største kraftkjeldene i all hovudsak fanst.

Motstand mot omorganisering

Omorganiseringa av Vestlandske Kraftsamband var omstridd. Sogn og Fjordane fylkeskommune og fleire kraftverk i dette fylket gjekk ut av sambandet som aksjonærar i protest mot endringa. Men Firda- og Sognekraft støtta ho fullt ut. Representantar for fylkeskommunen motarbeida aktivt endring av kraftsambandet. Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen svarte med å gå utanom fylkesadministrasjonen og samarbeida direkte med Vestlandske Kraftsamband for å realisera planane om eit stamlineselskap. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Nikolai Schei, reagerte sterkt imot det nye kraftsambandet. Schei var talsmann for at kraftressursane i Sogn og Fjordane skulle nyttast til å skapa arbeidsplassar og aktivitet lokalt i fylket. Han var redd for at samarbeidet nordover også skulle utvikla seg til felles kraftutbyggjing. Det var eit samarbeid som lett kunne verta dominert av Sunnmøre som heldt på å få kraftmangel. Det ville truga den lokale styringa av kraftressursane i distriktet. Fylkesmannen prøvde truleg å hevda fylket som eining i elforsyninga. I det nye Vestlandske Kraftsamband kom eigarinteressene til kraftverk frå Sogn og Fjordane ned i berre 16%.[69] Det gav liten innverknad til det distriktet fylkesmann Schei representerte.

Skipa i strid

Det nye selskapet L/L Vestlandske Kraftsamband vart skipa i desember 1959. Skipingsmøtet var dramatisk, sidan ein del kraftverk frå Sogn og Fjordane heldt seg borte og fylkeskommunen møtte og tala imot skipinga. Lutlaget hadde til oppgåve å byggja, eiga og driva samkøyringsliner med tilhøyrande transformatorstasjonar, og ordna med samkøyring, overføring og utveksling av kraft og tilhøyrande verksemd. Det fyrste punktet tydde at laget ville byggja ei stamline frå Tafjordområdet på Sunnmøre i nord til indre Sogn i sør. Det omfatta 300 km høgspentline med 1100 stålmaster i eit svært vanskeleg terreng. I oktober 1967 stod 132 kV-lina frå Giskemo på Sjøholt på Sunnmøre til Fardal ved Sogndal i Sogn klår til drift.[70]

Økonomiske vanskar

Drifta til Vestlandske Kraftsamband gjekk med underskot frå fyrste stund. Sambandet fekk inntektene sine frå kontraktlevering og kraftomsetning og tok 10% for transporten, fem kvar av kjøpar og seljar. Men det vart mindre langtransport av kraft enn venta. Vikfalli var det einaste verket som hadde noko særleg overskotskraft å selja. Staten selde til industrien, i fyrste omgang til Høyanger og Svelgen, og då vart det stutt veg for krafta og små inntekter til kraftsambandet. Kraftoverføring frå Sogn til Sunnmøre såg kraftsambandet lite av. Den utvida utbyggjinga av Vikafjelli kraftverk seinka dessutan kraftleveringane frå verket med fleire år. Det vart difor ikkje høve til å betala attende lån og staten måtte avskriva låna til Vestlandske Kraftsamband fullt ut.[71]

Området tilkopla landsnettet

Vestlandske Kraftsamband vart i juli 1966 gjennom Aura Kraftverk kopla saman med Nordenfjeldske Kraftsamband til landsnettet og Sverige. I Sogn vart stamlina i 1975 også knytt til landsnettet over lina frå Fardal i Sogn til Aurland på fylkesgrensa til Hordaland. Vegane for krafttransport til og frå fylket var sikra.[72] Sjå kart over elforsyninga på Nord-Vestlandet i 1967 på side 37.[73]

Samkøyring i Nord-Noreg

Før 2. verdskrig var det i Nord-Nordland, Troms og Finnmark ikkje grunnlag for skiping av samkøyringsselskap sidan den vesle spreidde kraftutbyggjinga som fanst, var små einskildverk i vassdrag i tilknyting til byar og tettstadar. I juli 1953 vart det etter initiativ frå Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen halde eit møte mellom representantar for NVE og kraftverka i Nord-Nordland og Troms. Føremålet med møtet var å få avklåra om ein skulle gå vidare med utbyggjing av mindre kraftverk, eller om NVE skulle byggja eit større verk som kunne dekka krafttrongen til heile området. Ei samanlikning mellom kostnadene ved byggjing av Innset Kraftanlegg i Troms med naudsynte 132 kV-leidningar og transformatorstasjonar og ei rekkje mindre kraftverk synte at Innsetutbyggjinga ville gje dobbelt så mykje energi som summen av småverka, og det med dei same kostnadene. Møtet konkluderte raskt at NVE skulle byggja ut Innset Kraftanlegg i Troms med dei naudsynte 132 kV-leidningar og transformatorstasjonar.[74]

Innsetutbyggjinga med 132 kV-leidningar til Balsfjord, Narvik, Kanstadbotn og Sverige kom i gong i 1955. Desse kraftleidningane knytte Ofoten, Lofoten, Vesterålen og Troms sør for Lyngen saman til eitt samkøyringsområde. Innset Kraftverk vart sett

i drift i januar 1960. Innsetutbyggjinga skapte grunnlag for å skipa Samkjøringen Nord-Norge i mai 1960. Selskapet femna om NVE og kraftverka i Ofoten, Lofoten, Vesterålen og Troms fylke sør for Lyngenfjorden.[75]

Samkøyring i rogalandsområdet

Stavanger Elektrisitetsverk og Maudal Kraftlag hadde frå 1936 ein samkøyringsavtale. I 1940 innførte Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen på grunn av krigen tvungen samkøyring mellom dei to kraftverka for å innvinna energi for elforsyninga. Etter krigen heldt ordninga fram på friviljug grunnlag. Det var stor kraftnaud og samarbeidet mellom Stavanger Elektrisitetsverk og Maudal Kraftlag var svært problemfylt, sidan forsyningsområda til båe verka mangla kraft. NVE måtte av og til mekla for at samarbeidet ikkje skulle verta brote.[76]

Interkommunalt samarbeid

Hausten 1946 vende styret i Maudal Kraftlag seg til Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen om utbyggjing av Lysevassdraget. I januar 1947 vart det halde eit fellesmøte der representantar frå Stavanger Elektrisitetsverk, Maudal Kraftlag, Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen og statsråden i industridepartementet, Lars Evensen, drøfta dette utbyggjingsprosjektet. Seinare same månaden sende styret i Maudal Kraftlag ei innbyding til Stavanger Elektrisitetsverk om å delta i utbyggjinga av Lysevassdraget. Stavanger Elektrisitetsverk takka ja til å verta med, og det vart sett ned eit samarbeidsutval for å greia ut saka.[77]

Samarbeidsutvalet konkluderte med at ei utbyggjing av Lysefalla var den beste løysinga for å oppfylla krafttrongen til distriktet. Det rådde også til at det vart skipa eit interkommunalt selskap for å gjennomføra prosjektet. Det var semje om at Stavanger kommune og kommunane som eigde Maudal Kraftlag skulle gå inn med kvar sin halvpart, og at andre kommunar skulle få høve til å slutta seg til seinare. Den planlagde utbyggjinga til samarbeidspartnarane ville gje 210 MW eller 1150 GWh årleg til forsyningsområdet. Konstituerande representantskapsmøte for Lyse Kraftverk vart halde i juli 1947. Lyse Kraftverk vart då formelt skipa, og arbeidet med å førebu utbyggjinga byrja for alvor.[78] Utbyggjinga var planlagd finansiert gjennom lån i Kommunalbanken på tilsaman 65 millionar kroner. I tillegg måtte Lyse Kraftverk ta opp eit lån på 6 millionar kroner hjå eit konsortium av distriktsbankar våren 1952.[79]

Store visjonar

Leiinga ved Lyse Kraftverk lanserte i 1950-51 ein heilt ny utbyggjingsplan som ville gje 1,4 GW eller 7600 GWh i året. Det tilsvarte på den tida omlag halvparten av heile landets samla kraftproduksjon. Denne utbyggjingsplanen ville gje billeg kraft, og ein del industri var interessert i å flytta til Lyse Kraftverk sitt forsyningsområde. Men realiseringa av denne store utbyggjingsplanen avhang likevel av krafteksport til Austlandet. Det var seriøse planar om kraftlevering til Austlandet. Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen stilte seg positive til desse planane. Kraftlevering til interesserte kjøparar på Austlandet vart fyrst teke opp utan noko direkte tilknyting til gigantutbyggjinga. Kraftoverføringa til Austlandet bygde på den gamle utbyggjingsplanen for Lyse Kraftverk. Men eit samarbeid med interessentar på Austlandet om kraftlevering ville gje full utbyggjing etter denne planen på stuttast mogleg tid. Det gav raskare dekking av krafttrongen i området. NVE deltok aktivt for å prøva å realisera dette samarbeidet.[80]

Styret i Lyse Kraftverk stilte seg svært positivt til å selja kraft til Austlandet av fleire grunnar. Eit samarbeid med interessentar på Austlandet om finansiering og utbyggjing sikra full utbyggjing langt raskare enn elles mogleg. Ei kontinuerleg utbyggjing av verket ville minska byggjekostnadene. Styret hevda krafttrongen til distriktet kunne sikrast gjennom Lyse Kraftverk sin del av krafta og ei nedtrapping av leveringa til Austlandet. Heile kraftmengda ville verta seld med ein gong slik at kraftprisen vart lågare. Overføringsleidninga austover gjorde det også mogleg å få tilført kraft austfrå og tilpasssa produksjonen til dei ulike klimatilhøva på Vestlandet og Austlandet. Det tryggja elektrisitetstilgangen og gjorde det mogleg å betra det økonomiske utbytet til verket gjennom samkøyring. Samkøyring med Austlandet ville gje lågare byggjekostnader og kraftpris, sjølv med utbyggjing av langt mindre målestokk enn det den nye gigantplanen la opp til. Dei gode utsiktene til meir kraftutbyggjing låg også i bakgrunnen og påverka vurderinga til styret.[81]

Lokal motstand mot samkøyring med Austlandet sigra

Leiinga ved Lyse Kraftverk tinga med kraftkjøparane på Austlandet i fleire år. NVE deltok i tingingane, gjennom generaldirektør Fredrik Vogt personleg, for å få til ei godtakandes løysing for eigarane av kraftverket. Det melde seg nemleg etterkvart tvil og motstand mot kraftsalet. Det lokale næringslivet, med Kverneland og Øglænd i spissen, reiste strid mot planane under slagordet "Lyse for Rogaland" og klarte å påverka opinionen. Mykje av lokalsamfunnet tok standpunkt i mot å senda kraft produsert i Rogaland ut av fylket. Motstandarane sigra då representantskapet til Lyse Kraftverk i 1955, med knapt fleirtal, vedtok å bryta tingingane om kraftlevering til Austlandet.[82]

Samkøyring med andre område

Det skulle ta nokre år etter denne striden før kraftverka i området sette i gong samkøyring med andre område. Drøftingar mellom kraftverk i Rogaland og Hordaland om kraftutbyggjing og stamline førte fram til eit møte i januar 1960. Der møtte fylkesmennene i Rogaland og Hordaland/Bergen saman med representantar for kraftverka i fylka og Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen. NVE gjorde, mellom anna på grunn av dei gode tilhøve i distriktet for etablering av kraftkrevjande elektrokjemisk industri, framlegg om framskunding av ymse utbyggjingar i området. Til vederlag ynskte direktoratet at distriktet gjekk inn for byggjing av ei nord-sørgåande kraftleidning. Møtet slutta seg til framlegget, og sette ned eit stamlineutval som skulle utarbeida ei innstilling om saka.[83]

Skipingsmøte for A/S Vest-Norges Samkjøringsselskap vart halde i januar 1961. Føremålet til selskapet var å byggja, eiga og driva samkøyringsliner med tilhøyrande transformatorstasjonar og ordna med samkøyring, overføring og utveksling av elektrisk kraft og tilhøyrande verksemd. Aksjane i selskapet fordelte seg i byrjinga mellom Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap, L/L Sunnhordland Kraftlag, Haugesund Elektrisitetsverk og Lyse Kraftverk. Det var høve til å ta opp andre kraftprodusentar som medlem av selskapet seinare.[84]

Byggjinga av stamlina vart sett bort til NVE. Verksemda til samkøyringsselskapet konsentrerte seg berre om det reint samkøyringstekniske. Vest-Norges Samkjøringsselskap tok i bruk stamlina bygt på strekninga frå Tokke i Telemark til Førre og Lyse i Rogaland i juli 1965, og frå Førre og Sauda til Blåfalli i Hordaland i oktober same året, medan den siste delen frå Blåfalli til Dale i Hordaland vart klår for drift i januar 1968.[85] Då var kraftverka i Hordaland og Rogaland kopla ihop og i tillegg kopla til elforsyninga i austlandsområdet. Sjå kart som syner utviklinga fram mot samankopling av samkøyringsområda på side 42.[86]

Nordisk elsamarbeid

Samarbeid med grannelanda har vore viktig for utviklinga til samkøyringa av norsk elforsyning. Delar av elnettet i Sør- og Nord-Noreg vart kopla saman gjennom samband med det svenske nettet.

Planar for samkøyring med grannelanda

I desember 1948 nedsette regjeringane i Noreg, Sverige og Danmark ei nemnd for å undersøkja føresetnadene for eit nærare nordisk kraftsamarbeid. Utgreiinga til nemnda var ein del av Marshallplanen til USA, ein plan for å byggja opp att mellom anna infrastrukturen i Europa etter 2. verdskrig. Eit år seinare la nemnda fram eit framlegg om å byggja ei 220 kV-leidning frå Osloområdet gjennom Sverige til Sjælland i Danmark. Nemnda rekna med ein eksport frå Noreg til Danmark på 600 GWh i året. Prosjektet vart lagt bort i 1951. I februar 1952 la nemnda fram sluttmeldinga si som opprettheldt framlegget om ei 220 kV-leidning til Danmark, men utan noko tilknyting til norsk krafteksport. Framlegget vart ikkje godkjent frå norsk side, og planane for nærare kraftsamarbeid mellom dei tre landa vart difor lagd bort for ei tid.[87] Det var i dette tidsromet kraftmangel og elektrisitetsrasjonering i Noreg samstundes som industrien utan problem kunne ta imot all kraft som kraftverka makta å byggja ut. Interessa var difor låg for nordisk elsamarbeid.

Samkøyring med grannelanda gjennomført

Det kom likevel i gong samarbeid mellom dei nordiske landa. Eit tiår seinare låg tilhøva betre til rette for samarbeid over grensene. I 1960 vart ei 220 kV-leidning frå Nea i Trøndelag til Järpströmmen i Sverige bygt av Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen, som Stortinget hadde gjeve eineretten til eksport av kraft frå Noreg. Leidninga var fyrst og fremst bygt for krafteksport frå Trondheim Elektrisitetsverk til Stockholms Elverk. Men ho kunne og nyttast til samkøyring.[88]

I 1963 bygde NVE og Kungliga Vattenfallsstyrelsen ei 400 kV-leidning frå Hasle i Østfold til Borgvik i Värmland. Ho kopla saman det svenske samkøyrte leidningsnettet med det største samkøyringsnettet i Sør-Noreg. Samstundes bygde dei to statsorgana ei 220 kV-leidning frå Røssaga i Helgeland til Gardikfors i Västerbotten som kopla det isolerte Ranaområdet i Nord-Noreg indirekte til det norske elnettet gjennom det svenske. I løpet av 1963 vart landsomfemnande elnett i Finland og Sverige kopla saman med det danske leidningsnettet på Sjælland og med fleirtalet av samkøyringsområda i Noreg. I åra frå 1963 til 1987 som heilskap har Noreg vore nettoeksportør med ein total nettoeksport på 81,9 TWh, medan dei tre andre landa står som nettoimportørar av elektrisitet.[89] Sjå kart som syner det nordiske høgspenningsnettet i 1982 på side 44.[90]

Det nordiske elsamarbeidet organisert

I 1959 drøfta Nordisk Råd å skipa eit nordisk samarbeidsorgan for å styrka samarbeidet i Norden om elforsyninga. Men eit formelt samarbeidsorgan vart utsett på grunn av tvil frå norsk side.[91] I Noreg var kraftverka redde for at dette skulle verta eit byråkratisk embetsmannsorgan.[92] Etter framlegg frå Nordisk Råd vart det så i mai 1963 skipa eit rådgjevande samarbeidsutval for elforsyninga i Norden, Nordel. Det er samansett av representantar frå elforsyninga i dei fem nordiske landa.[93]

Landsomfemnande samkøyring av elforsyninga

På 60-talet kopla kraftleidningar samkøyringsområda saman. Mellom anna vart Samkjøringen og Nordenfjeldske Kraftsamband kopla saman gjennom lina frå Vinstra og Vågåmo i Oppland til Osbu i Romsdal i 1962, Samkjøringen og Vest-Norges Samkjøringsselskap vart knyta saman gjennom lina frå Tokke i Telemark til Førre i Rogaland i 1965 og Nordenfjeldske Kraftsamband og Vestlandske Kraftsamband gjennom lina frå Giskemo på Sunnmøre til Brannhol i Romsdal i 1966. Desse samankoplingane batt saman dei fire samkøyringsområda i Sør-Noreg. Samkøyring med Sverige vart oppretta ved byggjing av fleire leidningar over grensa. Tilkoplinga til det svenske elnettet skapte samband mellom Samkjøringen Nord-Norge og samkøyringsområda i Sør-Noreg.[94]

Stamlinebyggjinga mellom landsdelane i 60-åra gav det tekniske grunnlaget for å samkøyra kraftverka på landsplan. Målsetnaden endra seg frå å auka kraftproduksjonen innan kvart einskild eksisterande samkøyringsområde til innan heile det samankopla området. Dei nye tilhøva for samkøyringa av elforsyninga kravde ny organisering av ho.

Mellomspel

I august 1968 slutta dei fem samkøyringsorganisasjonane, Nordenfjeldske Kraftsamband, Samkjøringen, Samkjøringen Nord-Norge, Vestlandske Kraftsamband og Vest-Norges Samkjøringsselskap, ein avtale med Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen om landsomfemnande organisert samkøyring. Avtalen om samkøyring på landsplan gav fellesorganisasjonen berre rådgjevande oppgåver. Kjernen i avtalen var eit Samkjøringsråd som skulle iverksetja samarbeidet mellom samkøyringsorganisasjonane tilsvarande samarbeidet mellom kraftverka innan kvar organisasjon. Mellom rådsmøta leia ein skrivar og eit arbeidsutval arbeidet, men avgjerdene i alle sakene Samkjøringsrådet fremja låg hjå avtalepartane.[95]

I denne samarbeidsforma gjekk sakene frå skrivaren gjennom arbeidsutvalet til Samkjøringsrådet og vidare til handsaming i styringsorgana til kvar einskild samkøyringsorganisasjon og attende til Samkjøringsrådet. Samkjøringsrådet meinte sakshandsaminga var tungvint og tidkrevjande. Det ynskte difor å skipa ein sjølvstendig samkøyringsorganisasjon for heile landet, som kunne arbeida meir effektivt. Etter initiativ frå Samkjøringsrådet vart det kalla inn til eit fellesmøte mellom styra i samkøyringsorganisasjonane og Samkjøringsrådet i november 1969. På dette møtet vart Samkjøringsrådet pålagt å setja ned eit utval for å greia ut saka.[96]

Val av organisasjonsform

Den endelege innstillinga var klår i april 1970 og vart send alle medlemene i samkøyringsorganisasjonane. Utvalet hadde utgreia to alternative organisasjonsløysingar for samkøyringa. Den fyrste tydde ein ny landsomfemnande organisasjon skipa av kraftverka i landet og ei oppløysing av dei fem eksisterande samkøyringsorganisasjonane. Den andre innebar at eksisterande samkøyringsorganisasjonar gjekk saman og skipa ein felles organisasjon. Utvalet konkluderte med å tilrå det fyrste av dei to alternativa. Styra i samkøyringsorganisasjonane slutta seg på eit fellesmøte samrøystes til utvalets konklusjon og sa seg samd i at det vart skipa ein ny landsomfemnande samkøyringsorganisasjon, Samkjøringen Norge, med kraftverka som direkte medlemer, og at dei eksisterande organisasjonane vart oppløyste.[97]

Skiping av Samkjøringen Norge

Etter fullmakt frå styra i samkøyringsorganisasjonane innbaud Samkjøringsrådet alle dåverande medlemer av samkøyringsorganisasjonane og alle fylkeskommunane til å møta på skipingsmøtet for ein landsomfemnande samkøyringsorganisasjon 5. november 1970. Samkøyringa av kraftverka i Noreg vart då skipa, og byrja fungera frå 1. januar 1971. Frå denne datoen opphøyrte dei tidlegare samkøyringsorganisasjonane og Samkjøringsrådet å utøva funksjonane sine. Landet vart delt i fem driftsregionar med ei avdeling i kvar region for å koordinera samkøyringa: Region 1 i Oslo, Region 2 i Bergen, Region 3 i Trondheim, Region 4 i Narvik og Region 5 i Sandane i Sogn og Fjordane. Region 5 vart oppløyst på generalforsamlinga til Samkjøringen Norge i november 1971. Dei sørlege verka i Region 5 vart overført til Region 2 og dei nordlege verka til region 3.[98]

Nokre få område stod endå utanfor det landsomfemnande samkøyringsnettet. I 1974 vart Aust-Finnmark og Saltenområdet med Bodø tilkopla, medan kraftverka i Nord-Salten, som dei siste i landet, vart kopla til samkøyringsnettet fyrst i 1980.[99]

Politisk motstand seinka samkøyringa av elforsyninga

Kommunane var i Noreg frå byrjinga den sentrale eininga i elektrifiseringa. I tida kring 1. verdskrig bygde kommunane kraftverk over heile landet. Den strukturen i elforsyninga som me stort sett har enno, med mange sjølvstendige kommunale og interkommunale kraftverk, vart oppretta i desse åra. Denne strukturen prega heile den femti år lange utviklinga mot ei samkøyrt elforsyning.

I 1920 kom norsk økonomi inn i ei alvorleg krise som svekka etterspurdnaden etter elektrisitet. Men samkøyring av elforsyninga byrja likevel i 1920-åra på Austlandet trass i dei økonomiske vanskane til kraftverka i mykje av mellomkrigstida. I 1932 vart den fyrste samkøyringsorganisasjonen i landet skipa av og for kraftverk på Austlandet. Han sytte innan utgangen av 2. verdskrig for samkøyringa av elforsyninga i eit område med vel ein million menneske.

I andre delar av landet kom samkøyring av elforsyninga hovudsakleg ikkje i gong før etter 2. verdskrig. Då byrja kraftverka samkøyring i alle landsdelar, trass i at mangelen på kraft etter krigen vanskeleggjorde kraftutveksling. Det synte seg likevel ofte vanskeleg å trekka dei regionale samkøyringsområda inn i landsomfemnande samkøyring. Utviklinga på Nord-Vestlandet og i Sør-Rogaland synte at kontrollen til kommunane over kraftverka kunne nyttast til å motarbeida og stogga framstøyt mot tilkopling av kraftkjelder til leidningsnett som førte kraft bort frå eige distrikt. På Nord-Vestlandet lukkast det ikkje for motstandarane i distriktet å stogga tilkoplinga av området til det landsomfemnande samkøyringsnettet. I Rogaland lukkast motstandarar å stogga tilkopling som ville føra kraft bort frå området. Dei vann striden om samkøyring mellom Rogaland og andre regionar, og samankoplinga av dette området til eit landsdekkjande samkøyringsnett skjedde seinare enn Norges Vassdrags- og Elektrisitetsvesen ynskte.

Landsomfemnande samkøyring av elforsyninga byrja med den store utbyggjinga av leidningsnettet på slutten av 60-talet og samkøyring med Sverige. Ein ny landsomfemnande samkøyringsorganisasjon vart skipa i 1970, Samkjøringen Norge, samansett av kraftverka. Han organiserte samkøyringa av elforsyninga i Noreg.

Eg vil granska motsetnadene mellom interesser som ynskte å trekka lokale kraftverk inn i samkøyringa av heile landets elforsyning, og interesser som ynskte å utnytta kraftressursane i eige distrikt lokalt. Eg kjem til å avgrensa meg geografisk og gå djupare inn i dette emnet i Rogaland og studera tilhøva kring utviklinga av sambandet mellom Lyse Kraftverk og resten av norsk elforsyning.


<< >> Title Contents