8. O PPSUMMERING OG AVSLUTNING

8.1 Oppsummering

I det gamle bondesamfunnet i Jølster var grunnlaget for inntekter tufta på sal av hest, storfe, slakteprodukt og smør. Handelen var ein del av eit omsetnadsnett som strekte seg frå Vestlandet til Austlandet. På slutten av 1700-talet låg vektene på slakteoksar frå Jølster langt over snittet både for Sunnfjord og landet sett under eitt. Jølster forsynte også Bergen med storfeprodukt om vinteren/våren. Bygda må ha vore blant febygdene i landet som var sterkast orientert mot storfe. Den sterke spesialsiseringa må sjåast i høve til naturvilkåra i bygda. Det var lite rom for andre sidenæringar. Bygda hadde ikkje tilgang til sjø, så fiske var då sjølvsagt ikkje noko alternativ til ei næring ved sida av jordbruket. Rundt midten av 1800-talet skaffa likevel ein del jølstringar seg eit ikkje ubetydeleg ekstrainnkome ved å delta i vårsildefisket ved kysten. Det var heller ikkje grunnlag for skogsdrift i bygda. Det tilgjengelege trevirket var til innanbygds bruk, som til dømes husbyggjing og brensel.

Mykje av grunnen til dei høge slaktevektene på oksane frå Jølster skulle vere at dyra var eldre ved slakting enn det som var vanleg. Fram mot 1860-åra skal alderen på slakteoksane ha gått ned, men vektene låg så seint som i 1870-åra vesentleg over snittet for amtet. I 1907 var vektene ytterlegare redusert, men dei låg likevel framleis over oppgåvene for fogderiet. Noko av forklaringa til at alderen ved slakting fram mot midten av hundreåret vart redusert kan søkjast i dårlegare fortilgang. Likevel må dette også ha ført med seg ein raskare og meir praktisk omsetnad, noko som må ha vore ein fordel med omsyn til oppmjukinga av sjølvbergingsøkonomien fram mot hundreårsskiftet.

Auken i folkemengd i første halvpart av 1800-talet låg under snittet både for Sunnfjord sett under eitt og bygdene på landsbasis. Dette må sjåast i høve til at ressursgrunnlaget så tidleg som på slutten av 1600-talet var hardt pressa, slik at det var lite rom for ytterlegare folkeauke. Alternativet var då å flytte ut, og det vart etter kvart etablert eit flyttemønster til bergensområdet og til ytre strok av Sunnfjord som verka som ein ventil for folkepresset. På 1700-talet skal omlag heile fødselsoverskotet i Jølster ha flytta ut. I dette perspektivet må folkeauken i Jølster likevel ha vore dramatisk, og utover mot midten av 1800-talet kom det til ein sterkare sosial differensiering, med ein sterk auke i husmannsvesenet. Dårlegare økonomiske konjukturar på landsbasis gjorde at det vart vanskelegare å skaffe seg eit livsutkome andre stadar, noko som må reknast å vere mykje av føresetnaden for den sterke folkeauken.

I tidsrommet kom det til ikkje uvesentlege endringar i åkerproduksjonen. Havren har alltid vore det dominerande kornslaget, men rundt hundreårsskiftet var dette så godt som einerådande. Den totale utsæd av korn vart også sterkt redusert. Ifølgje kjeldene var korutsæden på det høgste i 1875. I resten av perioden viser oppgåvene ein reduksjon, og i 1907 skal den samla kornutsæden ha vore omlag 40% mindre enn nivået i 1875. Oppgåvene over potetavlen viser ein motsatt tendens, og aukar i heile perioden. I 1860-åra utgjorde potetutsæden omlag ein tredjepart av den totale åkerproduksjonen, målt i hektoliter. Rundt hundreårsskiftet var omlag det halve av den totale utsæd i poteter. Auken i potetavlen må sjåast på bakgrunn av at den representerte eit meir næringsrikt kosthald og var mindre arbeidskrevjande enn kornet. Kornet trong fleire arbeidoperasjonar etter innhausting før det kunne brukast. Poteta var også meir arealintensiv, og ifjølgje oppgåvene over foll og avling kan det sjå ut til at den var meir årviss enn kornet. Mykje av årsaka til reduksjonen i kornutsæden kan også søkjast i billigare importkorn,noko som kan ha stimulert til meir innkjøp av korn og bruk av det ledige arealet til potet- eller engdyrking. Som vi har sett, var tida rundt hundreårsskiftet prega av aukande satsing på nydyrking og bruk av kunsteng.

I tiåret etter hundreårsskiftet er tonen i lensmannsmeldingane god. Økonomien går framover, og jordbruket er i utvikling, og var i mindre grad enn tidlegare prega av sjølvberging. Det er blitt vanlegare å kjøpe naudsynte artiklar som vart sett inn i produksjonen, og produkt som kunstgjødsel, grasfrø og kraftfor er blitt vanlegare. I tillegg er det blitt gjort ein del nydyrking. Av dei viktigaste framskritta var at det no er blitt vanleg med "tidsmæssige redskaber". Utskiftingane la tilhøva betre til rette for vekselbruk. Utflyttingane i samband med utskiftingane kunne også bidra til at driftsbygningane vart betre, noko som gjorde at naturgjødsla fekk ein betre kvalitet.

Fram mot hundreårsskiftet vart talet på dyr sterkt redusert. Rekna i kyrlag var det omlag 26% færre beitedyr i 1907 enn i 1865. Reduksjonen representerar små endringar i sjølve samansetjinga av dei ulike kategoriar av beitedyr. Oppgåvene viser likevel at andelen av kyr i høve til den totale mengda av storfe har auka. I 1875 var vel 54% av storfeet kyr. I 1907 skal talet ha vore omlag 68%, noko som kan tyde på at produksjon av mjølk vert viktigare. Oppgåvene over mjølkemengdene pr. ku kan også tyde på at mjølkeproduksjonen vert viktigare. Rundt hundreårsskiftet skal dei rett nok liggje noko under snittet for Sunnfjord, men gjennom det først tiåret av 1900-talet viser dei ein aukande tendens. I tillegg aukar slaktevektene på kyr i perioden, noko som også byggjer opp under dette biletet. Når ein ser bort frå oksar, viser slaktevektene for dei andre kategoriane av husdyr med unntak av geit, ein veksande tendens. Til liks med tala for foll og avling, er også desse basert på lensmennenes skjøn av ytelsane til "normalgaarde", og må difor tolkast med atterhald.

Jølster var av dei tidlegaste bygdene i Sunnfjord som kom i gong med utskiftingane. Mykje av grunnen må søkjast i eit svært pressa ressursgrunnlag, noko som bidrog til at brukarane ønskte endringar i dei eksisterande driftstilhøva. I tillegg gjorde utskiftingslova av 1857 det lettare for den einskilde å bryte ut av fellesskapet. Når tilhøva vart lagt betre til rette for det, var viljen til stades for å samle teigane i eitt stykke. Utskiftingane fekk stor innverknad både på bruksstruktur og produksjonstilhøva.

Rundt hundreårsskiftet vaks organisasjons- og foreiningsverksemda sterkt. Oppløysing av den tradisjonelle driftsstruktur, noko som også førte med seg ei endring i dei eksisterande sosiale relasjonar, må reknast som ei sentral drifkraft bak dette. At pengeøkonomien slo meir gjennom, og at det oppstod nye behov for formidling av kreditt og kontantar, gjorde også til at ulike typar av jordbruksøkonomiske organisasjonar og kredittinstiutusjonar vart meir naudsynte. Fellesnemnaren for ekspansjonen i organisasjons- og foreiningsverksemda var at initiativet no kom frå brukarane sjølve, og ikkje frå den lokale elite, slik som tidligare freistnadar på organsisasjonsverksemd i bygda hadde preg av.

Frå byrjinga av 1890-åra ekspanderte meierivesenet. Faste leveransar av mjølk, som måtte oppfylle visse minstekrav til kvalitet, stimulerte også til betre foring. Jølster var blant bygdene som i byrjinga av 1900-talet hadde flest meieri, og er kjent som "bygda med dei mange meieria". Som nemt tidlegare auka i denne perioden talet på kyr i høve til den totale buskapen av storfe, men vanskelege kommunikasjonar var nok avgjerande for at talet på meieri var så høgt. Så seint som i 1920-åra gjorde kommunikasjonane det vanskeleg å sentralisere meieridrifta, og i motsetnad til den generelle trenden, var produksjonen framleis basert på smørproduksjon.

Det er i endringar i utmarksbruket, som var den grunnleggjande driftsforma i Jølster, ein finn dei viktigaste indikatorane på om den gamle driftsforma i jordbruket var lagt om. Omleggjinga av utmarksbruket gjekk over eit lengre tidsrom enn oppgåva omhandlar, men ein kan slå fast at den tradisjonelle driftsforma var i ferd med å bli løyst opp. Innmarka si rolle i forproduksjonen er her vesentleg. Av lensmannsmeldingane går det fram at hundreårsskiftet må reknast som eit vendepunkt. Generelt har tiåret etter hundreårsskiftet preg av stor aktivitet i nydyrking og såing av kunsteng, noko som førte til ein betre forsituasjon. Dette gjorde at dyra kunne haldast lenger inne om våren og difor kunne sleppast på beite etter ein kortare beiteperiode på innmarka, noko som og fekk positive konsekvensar for kvaliteten på foret. Etter kvart oppstod det ein todeleing mellom slått på innmark og utmark. Også svelteforinga, som var ein konsekvens av utmarksbruket, vart redusert fram mot byrjinga av 1900-talet.

8.2 Avslutning

I kapittel to vart det sett nærare på ulike måtar å forstå det gamle bondesamfunnet på. Steen legg vekt på at det var prega av sjølvberging, og at handelen var avgrensa til å dekkje dei til ein kvar tid eksisterande behov. Ein tok ikkje sikte på å produsere for overskot som skulle setjast inn i ny produksjon. Dei enkelte produsentane var ikkje sjølv bevist dette forholdet, produksjonsmåten låg forankra i kultur og tradisjonar. Produksjonsauken fram mot midten av 1800-talet var ein konsekvens av folketilveksten og god tilgang på arbeidskraft, og ikkje eit resultat av kvalitative forbetringar i jordbruket. Tveite hevdar at bøndene hadde som mål å produsere det som til ei kvar tid var det mest lønsame, utan at tradisjonelle driftsformer var det avgjerande. Dette hadde som føresetnad ei omfattande arbeidsdeling, der bøndene spesialiserte seg for salsproduksjon ut frå dei tilhøve som var mest føremålstenlege for å oppnå størst mogeleg materiell velferd.

Korleis plasserar utviklinga i Jølster seg i høve til dette? Det var i hovudsak sjølvberging som prega det gamle driftssystemet i bygda, men dette var ikkje eit mål i seg sjølv. Organiseringa av samfunnet var gjort ut frå dei rammevilkår som ressursgrunnlaget gav. I Jølster var det lite rom for andre tilleggsnæringar ved sida av feavlen, og dei klimatiske tilhøva og vanskelege kommunikasjonar gav heller ikkje rom for åkerproduksjon utover eige hushald. Ut frå dette må det kunne slåast fast at sjølvberginga var eit resultat av ei organisering av næringsstrukturen som utfrå dei rådande tilhøve var mest føremålstenlege.

Ressursgrunnlaget var ved midten av førre hundreåret hardt pressa, men åkerproduksjonen klarte likevel å halde følgje med utviklinga i folketilveksten. Åkerbruket var i stor grad prega av handkraft. Sjølv om dette gjorde arbeidet tyngre enn ved bruk av hest, vart likevel arealet betre utnytta. I eit driftssystem som var hardt pressa må difor det "primitive" spadebruket reint produkitvt ha vore gunstig. Med tanke på folkepresset kan det heller ikkje ha vore problem med å skaffe arbeidskraft til eit slikt driftssystem. Ei utviding av åkerarealet hadde som føresetnad at det var nok tilgang til gjødsel, og den sterke auken i talet på beitedyr var såleis ein avgjerande faktor for at produksjonen i åkerbruket kunne halde følgje med folketilveksten. Også ekspansjonen i husmannsvesenet bidrog til utviding av åkerarealet. Sjølv om det i Sunnfjord på slutten av 1700-talet generelt var tendensar til betre handsaming av åkeren og oppbevaring av gjødsla, og at det ifølgje lensmannen også skal vere tendensar til nye impulsar i åkerbruket i 1860-åra, viser tala at ein løyste det etter kvart store problemet med folketilveksten reint kvantitativt.

Sjølvberging, og dermed mindre grad av pengeøkonomi, kvantitativ løysing på problemet med folketilveksten og ein driftsstruktur som gjorde at det blant anna var manglande føresetnader for organisasjonsverksemd, korresponderar med tanken om at produksjonen ikkje var retta mot reinvestering og yttleregare overskot. Produksjonsstrukturen var med andre ord ikkje isolert økonomisk, men orienterte seg mot dekkje å kortsiktige konsumbehov som hadde som mål at produksjonseininga, bondefamilien, skulle eksistere som sosiale einingar. Handelen vert ein suppplerande faktor som skulle tilfredsstille dei meir kortsiktige behov for kontantar, som til dømes skattar og avgifter. Dette passar inn i Steen sitt syn på den økonomiske tilpassinga.

Likevel må det også kunne seiast at næringsutøvinga var sterkt spesialisert. Dette viser den før omtala interregionale arbeidsdelinga som Jølster var ein del av, samt leveringstider og vekt på feet. Fordelinga av dei ulike kategoriar av husdyr viser at Jølster må ha vore blant dei mest spesialiserte storfebygdene i landet. Det vart også kjøpt opp oksar fra andre distrikt til framforing for sal. Feet trong god foring om dei skulle oppnå tilfredsstillande slaktevekter på bås. Med skort på fortilgangen i høve til talet på dyr måtte dette naturleg nok gå utover foringa til resten av buskapen. Såleis kan det kansje hevdast at svelteforinga var ein del av ei handelsverksemd som var sterkt spesialisert.

Jølster var kommunikasjonsmessig isolert, men tilhøva i bygda var likevel mykje avhengig av konjukturane i andre delar av landet. Den sosiale utviklinga fram til 1800-talet kan illustrere dette. Den omfattande handelen med fe og slakteprodukt som strekte seg over eit vidt område, viser også at utviklinga i andre regionar og delar av landet var viktig for situasjonen i Jølster. Prisane på storfe og storfeprodukt var til dømes gode i midten av 1860-åra då avlingane slo feil, noko som bidrog til å dempe dei økonomiske nedgangskonjukturane som då følgde.

I kapittel to vert motsetningane i argumentasjonen om den økonomiske tilpassinga moderert. Situasjonen i Jølster kan illustrere dette. Naturtilhøva og vanskelege kommunkiasjonar gjorde at det ikkje var grunnlag for overskotsproduksjon i åkerbruket. Det mest føremålstenlege var difor å produsere for eige hushald. Dei same forholda gjorde at feavlen var einerådande som alternativ til handelsverksemd i bygda. Denne var imidlertid sterkt spesialisert. Dette byggjer opp under forståinga av at ein ut frå dei eksisterande tilhøve tilpassa seg det som var mest lønsamt. Dette vert likevel eit spørsmål om kva ein legg i omgrepet "det som lønte seg best". Tidlegare er det peika på faren ved å føre over vår tids begrepsapparat på det gamle jordbrukssamfunnet. Spørsmålet om økonomisk tilpassing må i så stor grad som mogeleg vurderast utfrå det gamle jordbrukssamfunnet sine premissar. På grunn av at det er lite realistisk å gjere den mest optimale tilpassinga i tydinga av at ein har full oversikt over alle alternativ og konsekvensane av desse, vart det tatt til orde for at spørsmålet om rasjonalitet kan forståast som eit val mellom ulike rutiner. Leitinga etter den beste løysinga vert avslutta når det ligg føre eit alternativ som tilfredsstiller dei subjektive krav til rasjonalitet. Det oppstår behov for å undersøkje nye alternativ i ein situasjon der dei ulike rutinane ikkje lenger representerer tilfredsstillande løysingar.

Dette kan vere dekkjande for situasjonen i Jølster på midten av 1800-talet. Som vi har sett, skjedde det ei tilpassing til folketilveksten innanfor det gamle systemet, både sosialt og produktivt, men systemet var hardt pressa og gav lite rom for kvalitativ utvikling. Det var også kome til ei grense for kor langt ein reint kvantitativt kunne strekkje ressursane. Ressursgrunnlaget var alt før folkeauken hardt pressa, og ein folketilvekst på over 40% må ha vore svært dramatisk. I ein slik situasjon var det naudsynt å søkje etter nye alternativ. Utviklinga må sjåast i lys av om det var grunnlag for opningar i det gamle systemet og eventuelt når desse vart synlege. Utskiftingane var sentrale for endringane både i åkerbruket og feavlen. Desse gav rom for ei betre forvalting av innmarksarealet, noko som igjen står sentralt i omleggjinga av utmarksbruket. I tillegg kom det også til endringar i dei sosiale relasjonane. På mange måtar må utskiftingane difor reknast som avgjerande for at det vart skapt eit grunnlag for omstilling i det gamle jordbruket. Jølster var av dei tidlegaste bygdene i Sunnfjord som kom i gang med utskiftingsprosessen. I ein svært pressa situasjon stod stod dette i sterkare grad fram som eit alternativ når tilhøva vart lagt til rette for det.

Etableringa av jordbruksøkonomiske organisasjonar og foreiningar, bankverksemd, assuranseforeiningar, samt ekspansjonen i meierivesenet rundt hundreårsskiftet viser at pengeøkonomien er blitt viktigare. Matrikuleringa av husmannsbruk må også tolkast slik at sjølvbergingsøkonomien var mindre omfattande på grunn av at dette hadde som føresetnad ein sterkare grad av arbeidsdeling i bygda. Ein meir omfattande pengeøkonomi gjer ei slik utvikling lettare. I eit samfunn som i det store og heile var prega av sjølvberging var tilgang til jord jamt over det einaste grunnlaget for næringsutøving. Sjølv om dei fleste hadde ein åkerlapp og eit jordstykkje, vart det å yte tenester no ein viktigare del av næringsutøvinga. Dette gav grunnlag for økonomisk vekst og verka til å avlaste presset på ressursgrunnlaget. Tidlegare gjekk det meste av pengeinnkomet som vart brukt ut av bygda, anten i form av skattar og avgifter eller til kjøp av dei mest naudsynte artiklane, som til dømes korn og fe som skulle forast fram for sal. Som nemnt vart det aller meste av til dømes reiskapar og kleder tidlegare tilverka av brukarane sjølve. Sunnfjord skal også ha vore blant dei distrikt der leige av dyr, samt framforing av andre sine dyr var mest utbreidt, noko som var med på å forsterke presset på forressursane. Dette systemet var heller ikkje ukjent i Jølster. I eit samfunn med få alternativ til livsutkome kan dette stå som eksempel på korleis ein pressa ressursgrunnlaget i eit system med lite høve til økonomisk vekst. Ein kom inn i ein sirkel med uttapping av ressursane og dårlegare levekår som konsekvens.

Utskiftingane, aukande grad av arbeidsdeling og meir omfattande pengeøkonomi må difor vere sentrale faktorar for at det vart skapt opningar i det gamle driftssystemet slik at det vart eit betre grunnlag for driftsmessig utvikling.

Skal ein gjere seg eit bilete av i kor stor grad det kom til jordbruksøkonomiske omveltingar i eit jordbrukssamfunn, må ein ta utgangspunkt i det som kan sjåast på som det grunnleggjande i driftsstrukturen, og sjå i kor stor grad det kom til endringar i dette. I Jølster må jordbruket karakteriserast som eit utmarksbruk. Som det er vore inne på tidlegare, er dette kjenneteikna ved små areal av dyrka jord, men med god tilgang til haustingsareal og fjellbeite der mykje av foret vart hausta i utmarka. Utmarksbruket var også kjenneteikna ved at talet på dyr ikkje stod i høve til tilgangen på vinterfor. Som eit resultat av presset på ressursgrunnlaget kom det i Jølster til ein sterk auke i omfanget av svelteforinga fram mot midten av 1800-talet. I det første tiåret etter hundreårsskiftet ser ein klare teikn på at denne driftsforma er i ferd med å bli lagt om. Sentralt står ein sterkare vektleggjing på innmarka som forprodusent, og i tiåret etter hundreårsskiftet var det stor aktivitet med omsyn til nydyrking, det var tatt i bruk "tidsmæssige" reiskapar, og det vart lagt sterkare vekt på omleggjing til kunsteng. Dette, i kombinasjon med at talet på dyr vart sterkt redusert, gjorde at foringssituasjonen var blitt vesentleg betre. Utskiftingane, meieriverksemd og etableringa av jordbruksøkonomiske organisasjonar og foreiningar greip sterkt inn i den tradisjonelle driftsstrukturen. Likevel var omleggjinga i sjølve utmarksbruket berre i byrjingsfasen. Næringsstrukturen var framleis prega av den tradisjonelle handelen med fe og eit åkerbruk som baserte seg på produksjon av korn og poteter. Det kan såleis ikkje vere tale om at det har skjedd eit "hamskifte", om ein skal ta i bruk omgrepet som ofte vert brukt om utviklinga i jordbruket fram mot hundreårsskiftet.

Ein kan ikkje utan vidare tidfeste omstillingsprosessen i den forstand at det kom til ei omleggjing frå ein tilstand av stabilitet. Det er til dømes i tilhøva frå slutten av 1700-talet ein finn mykje av føresetnadane for dei jordbruksøkonomiske endringane som skjer i siste halvpart av 1800-talet og byrjinga av vårt hundreår. Som nemt ovanfor var prosessen på langt nær fullført på slutten av tidsrommet oppgåva omhandlar. Prosessen må såleis sjåast på bakgrunn av at samfunnet i mindre grad er prega av stabilitet enn av å vere i rørsle. Det er styrken i dette som aukar i andre halvdel av 1800-talet. Sjølv små lokalsamfunn vil i stor grad vere i kontinuerleg endring. Som denne framstillinga viser, vil faktorar som folketal, folkekonstellasjon og næringsgrunnlag vere bestemmande for korleis innbuarane må innrette seg. Endringane skjer imidlertid med ulik styrke. Tidsperiodar som ved første augekast kan sjå ut til å vere stabile, kan vise seg ved nærare undersøkingar å innehalde nye trekk i høve til tidligare periodar. Auke i folketal treng til dømes ikkje i første omgang å påverke den eksisterande samfunnsskipnad. Det som i samtida vert oppfatta som den normale driftsform, vil framleis stå ved lag. Kjem folketalet opp på eit vist nivå, vil dette likevel få konsekvensar for korleis ein må innrette seg. Det er på dette tidspunktet endringane kjem klarare til syne. Som tilfellet var i Jølster, har det kansje etablert seg fleire sosiale klassar på grunn av skort på ressursane i høve til folketalet, noko som etter kvart vil endre råmene for den opphavelege måte å drive på. Dei ulike komponentane som utgjer samfunnsmaskineriet vil såleis endre seg i høve til kvarandre. Det er ikkje alltid at desse er like lette å sjå. Når endringane vert påviselege, er ofte dei underliggjande straumane kome så langt at det gamle systemet skiftar karakter. Når det vert tala om endringsprosessen som fant stad i det norske bondesamfunnet frå midten av 1800-talet, er det styrken i endringane som skil seg ut. Ein kan ikkje påstå at det herska stabilitet før endringane vart påviselege, og at det på eit anna tidspunkt var kome til ein total omleggjing av samfunnsstrukturen, for at det så vert gjenoppretta stabilitet. Eit samfunn er i stor grad i kontinuerleg rørsle.

Det føregåande viser at ein må vere varsam med å tilleggje bondesamfunnet ein endring i mentalitet som følgje av endringsprosessen. Ein søkte å tilpasse seg dei eksisterande

forhold på ein best mogeleg måte. Den sterke spesialiseringa av fehandelen tyder på at bondesamfunnet i Jølster utnytta dei tilhøva som var til stades for å skaffe inntekter. Spørsmålet var i kor stor grad det var grunnlag for å bryte ut av det gamle driftssystemet. Det var ressursmessige, økonomiske og driftsmessige forhold, og ikkje i så stor grad spesielle haldningar eller mentalitet hos bøndene som låg til grunn for dette.