UiB : Universitetsbiblioteket : Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek 

Bibliotek for samfunnsvitskap

 
Innlån

Ny nettside:

uib.no/ub


Ny fagrelevant litteratur
Ein bør foreslå å kjøpe inn ny fagrelevant litteratur framfor å låne han inn.
I
nnkjøp av ny litteratur kan du foreslå her.

Studierelevant litteratur kan elles lånast inn til studentar og tilsette, både frå norske og utenlandske bibliotek.

Kor lang tid tar det?
Innlån frå norske og nordiske bibliotek kan ta frå ti til fjorten dagar. Litteratur frå verda elles kan ta opptil to månader.

Kor lenge kan boka lånast?
Vi garanterer minimum lånetid som eigarbiblioteket gir, vanlegvis fire veker.

Kva kan lånast inn? Og kva kan ikkje?
Når det gjeld bøker og tidsskriftartiklar, reiknar ein
Norden som ein lånemarknad, og det aller meste av litteratur som finst i nordiske basar kan lånast inn.
Fagrelevant litteratur fra resten av verda kan i dei fleste tilfella lånast inn.

Eldre bøker
Det er varierande praksis når det gjeld utlån av gamle bøker. Nokre bibliotek opererer med ei fast trykkeårsgrense, andre vurderer den fysiske tilstanden boka er i og kor sjeldan den er. Generelt gjeld: Vi kan prøve å låne inn gamle bøker, men kan ikkje love noko.

Tidsskrift låner vi vanlegvis ikkje inn. Her kan ein derimot bestille kopiar, som låntakaren sjølv må betale, 60,- per artikkel for. Institutta dekker kopiutgiftene til tilsette og stipendiatar.
Før bestilling av tidsskriftsartikkel bør ein undersøkje om tidsskriftet finst elektronisk.

Utanlandske doktorgradsavhandlingar kan vere vanskelege å få tak i, men vi prøver å skaffe dei. Doktogradsavhandlingar frå USA kan berre kjøpast inn, fordi University Microfilms (UMI) har einerett på å selje desse. Ønske om slike avhandlingar må leverast som vanlege bokforslag til UBBSV. Låntakaren kan elles kjøpe dei direkte frå UMI. Det går kjapt og kostar omkring 3-400 kroner. Meir informasjon og utdrag frå avhandlingar finst i Digital Dissertations.

Aviser
Norske og nordiske aviser kan lånast inn på mikrofilm. Det same gjeld for vekeblad, i dei tilfella kor vekebladet finst på mikrofilm.


Kart blir ikkje lånt ut frå noko bibliotek.