UiB : Universitetsbiblioteket : Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek

Bibliotek for samfunnsvitskap

 
Elektroniske ressursar

Ny nettside:

uib.no/ub


BIBSYS
Den elektroniske katalogen BIBSYS gir ei oversikt over bøker, tidsskrift, musikk m.m. ved alle universitetsbiblioteka og dei fleste høgskulebiblioteka, samt ein del fag- og forskingsbibliotek i Norge.

Bibliotekportalen

I Bibliotekportalen finst det eit stort antall elektroniske databasar og tidsskrift. Der finn ein også utvalde ressursar innan dei ulike fagfelta.

Bergen Open Research Archive (BORA)
BORA er eit institusjonelt arkiv som inneheld forskingspublikasjonar frå Universitetet i Bergen. Her finn du fulltekst av fagfellevurderte artiklar, avhandlingar, masteroppgåver og anna materiale.

Tilgang til fulltekst frå elektroniske tidsskrift
Studentar og tilsette på Universitetet i Bergen har tilgang til mange artiklar i fulltekst. Desse finn ein ved å søke i BIBSYS eller gjennom Bibliotekportalen.

Tilgang utanfor universitetsområdet
Det er mogeleg å få tilgang til elektroniske ressursar utanfor universitetsområdet.

Trøbbel med å lese e-bøker?
Her finn du tips til korleis du unngår problem ved bruk av e-bøker.

Referansehandteringsverktøy
Universitetsbiblioteket har på vegner av heile UiB teikna ei avtale som gir alle studentar og tilsette ved UiB tilgang til fleire referansehandteringsverktøy. Både EndNote, ReferenceManager og WriteNote kan nyttast både på universitetsområda og heime.