UiB : Universitetsbiblioteket : Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek

Bibliotek for samfunnsvitskap

 
Arbeidsplassar

Ny nettside:

uib.no/ub


Leseplass (hovudfags- og masteroppgåver, tidsskrift og referanselitteratur)
Under ombygginga av biblioteket kan vi dessverre ikkje tilby leseplassar til brukarane våre. I staden vil vi anbefale dykk å bruke leseplassar på dei andre fakultetsbiblioteka eller på institutta.

I og med at vi ikkje tilbyr arbeidsplassar låner vi i denne perioden ut tidsskrift i to veker og referanselitteratur i ei veke. Hovudfags- og masteroppgåver blir sendt til UBBHF og kan nyttast der i inntil ein månad. Denne typen litteratur må bestillast elektronisk på samme måte som den ordinære litteraturen.

Bruk av PC
Vi kan dessverre ikkje tilby PC-plassar under ombygginga. Det vil kun vere mogeleg å bruke pc'ar til søk i og bestilling frå databasane våre. Vi vil anbefale dykk å bruke pc'ar på dei andre fakultetsbiblioteka eller på institutta.