Sult i Frankrike

 

 
     

Nobelprisvinnaren André Gide om Sult:

 

”Sjølv har ikkje Knut Hamsun dikta opp noko som helst. Det er det som er det særeigne

ved dette meisterverket at det gjer seg gjeldande berre gjennom sin realisme. Inga historie,

ingen intrige: i løpet av boka blir vi ikkje presentert for anna enn det sørgjelege synet av ein

mann som utan stans held på å døy av svolt. Svolt er sjølve temaet i boka med all den

intellektuelle uro og det moralske forfallet som ei varig kraftløyse fører med seg. Det er

snarare eit klinisk tilfelle enn ein romanhelt. Skal eg våge å seie at det sjenerer meg litt, at

denne mannen ikkje er normal heilt frå starten?”
 

                                       Frå det nye forordet til Faim (1950), den franske utgåva av Sult

                                       som først blei utgitt i 1895 med tittelen La Faim (= Sulten).

 

 

Scenebilete frå Hamsuns La Faim (Sult) på Théâtre de l'Atelier i Paris i 1939 med to av

mellomkrigstidas største skodespelarar: f.v. Jean-Louis Barrault (dramatisering og regi) og Roger Blin.