Hamsuns dedikasjonar til sin venn i Bergen,
Johann Mandius Køhler Olsen

 
 
Tekstboks: Køhler Olsen (1869-1938) var teatermann, reklamemann og seinare forlagsdirektør i John Griegs Forlag. Køhler(en) var eit kjent og poulært ansikt i bybiletet, saman med dei yngre brødrene sine, kunstnaren og museumsmannen Christian Koren Wiberg og skodespelaren Stub Wiberg. Faren var Johan Wiberg Olsen.
                                                                   Til dedikasjonane

 

Jan Olav Gatland   

”Gamle Ven, hold Kjæften din!” Om Hamsuns venn i Bergen

 

Den 150-årsjubilerande Knut Hamsun (1859-1952) hadde fleire venner i Bergen. Ein av dei var den ti år yngre Johan Mandius Køhler Olsen, teatermann, reklamemann og seinare forlagsdirektør i John Griegs Forlag.

          I eit brev frå Hamsun i august 1910 framgår det at dei hadde ein svært så vennskapleg omgangstone: ”Gamle Ven, hold Kjæften din, jeg har ikke Tid til at skrive Breve, – er det kanskje ikke mig som er blit ”Fører” efter Bjørnson?” Spøken om returporto går igjen også her: ”Jeg lægger ind 20 Øre for Frmk, din Kjæltring.”

 

Kven var Køhler?

Køhler(en) var eit kjent og poulært ansikt i bybiletet, saman med dei yngre brødrene sine, kunstnaren og museumsmannen Christian Koren Wiberg og skodespelaren Stub Wiberg. Faren var Johan Wiberg Olsen. Køhler hadde ein omgangskrins som talde namn som Johan Ludvig Mowinckel, Christian Michelsen, Haakon Shetelig, August Wallendal, Harald Heide, David Knudsen og Edvard Munch. Han var ugift og inntok sine måltid ved sitt faste bord på Hotell Norge, medbringande sin eigen gammalost. Valspråket hans var om lag slik: ”Eg er ikkje rik, men eg har alltid pengar til å hjelpe mine venner når dei treng det.” Spørsmålet er om slike venner nokosinne trengte hjelp frå han.

Køhler blei kjend med Knut Hamsun i 1891 då den unge forfattaren var i byen på foredragsturné. Seinare var Hamsun i Bergen fleire gonger, mellom anna i 1898 og 1899 då Den Nationale Scene sette opp tre stykke av han. Nokre år seinare vil Køhler ha Hamsun til å halde nye foredrag i byen. Hamsun er interessert, men vil gjerne vite vilkåra: ”Betingelserne? Ja dem faar du selv bestemme. Men Død og Pine, giv mig en Masse penger for det…”  

Etter å ha møtt Marie i 1908, skriv Hamsun: ”Du kan sikkert se paa denne min Skønskrift at jeg netop er hjemvendt fra Byen, fordrukken, forhoret og – giv Akt! – forelsket. Fan søkke mig, jeg har aldri været ude for verre!”

 

Dedikasjonar

I 1909 sender Hamsun ei pakke med sine eigne bøker til Køhler og skriv nokre velvalde ord i alle. Dei åtte dedikasjonane er svært interessant lesing og gjev eit godt innblikk i Hamsuns tankar om eige forfattarskap så langt. Truleg skriv han dedikasjonane kronologisk. I den sjangersprengjande gjennombrotsromen Sult (1890) skriv han berre: "Til Köhler - uden et Ord! Din Knut Hamsun".

I Mysterier (1892) er han meir kryptisk. "Der blaaser en Vind i denne Bog", er alt han har å seie om romanen med den sjarmerande sjarlatanen Nagel. I romanen Redaktør Lynge (1893) noterer han: ”Dette arbejde er fra de Dage da jeg mente mig kaldet til at tryte andre." Her var det pressefolk han ville ha has på. I Ny Jord, der han kritiserer forfattarar og kunstnarar, skriver han: "Jeg mener nu som før at dette er min beste Bog. Men nu gjør jeg en som blir bedre! - Det mener man alltid".

Om den musikalske og suggererande stemninga i nordlandsromanen Pan (1894) får vi overaskande vite: "Denne Bog er tilblit under megen Vin i Gundersens Kælder i Kristiansand og skrevet i Ville d'Avray under forgjæves Karpefiskning." I Sværmere (1904) slår Hamsun derimot fast: "Dette er en Bog med en Præstefrue som mangler – mig." Medan sin første vandrarroman, Under Høststjærnen (1906), kommenterer han slik: ”Og kære Köhler, dette er en Bog om en Præstefrue som ikke har manglet mig. Er du saa tilfreds?”

            Den siste boka Hamsun sender i pakka er første bindet av Fortællinger og Skildringer (1908). Her kjem han med ei anbefaling: "Jeg anbefaler dig at læse den lille historie "Vagabonds Dage" i dette Bindet. Den er god. Fortællinger og Skildringer ja. Aaja alt er vel ikke videre godt. Men noget er godt, Köhler. Din Knut Hamsun. 4 Juli 1909. Kristiania.”

            Bøkene med desse heilt unike dedikasjonane gav Køhler vidare i 1925 i fødselsdaggåve til sin eitt år yngre venn, Johan Ludvig Mowinckel, og skreiv nederst på sida, under den sist nemnde dedikasjonen: "Til min gode gamle ven Johan Ludwig. Bergen, 55 aarsdagen, 22 Oktbr. 25. Köhler". Etter Mowinckels død i 1943 kom bøkene til Universitetsbiblioteket der dei no utgjer ein verdifull del av Spesialsamlingane.

 

Tigg bøker

Broren til Køhler, Christian Koren Wiberg, gav ut fleire bøker om Bergen som Hamsun hadde god lyst på. I 1912 nøler han derfor ikkje med å skrive: ”Er det ikke din Bror som har utgit Boken om By og Brygge eller lignende Titel? Vi faar vist snart begynde at bytte noget du og jeg igjen nu, og da vil jeg tuske til mig den Bok av din Bror. Svinagtig morsomt at læse slikt historisk.” I tillegg etterlyser han gamle årgangar av Bergens museums tidsskrift Naturen.

            Dette skriv han på Hamarøy i verste mørketida, men er i godt humør for ”det er Solhverv i Overmorgen, saa begynder de lyse Muligheter igjen. Ho, jeg har vist alt faat Vaaren i mig, jeg bruker min Quind som en galte, Fan steike mig, og æter langt bedre end paa længe.” 

            I 1921 sender Køhler han brorens flotte verk om Bergensk kulturhistorie, og Hamsun er storleg imponert: ”Tak og Pris for din Brors Pragtverk. Jeg svælget 2 ganger i Træk da jeg aapnet det. Ja dere Bergensere kan! Jeg tror ikke et slikt Verk kunde utkomme i Kristiania nu da Jobbetiden er omme.” Samtidig må Køhler komme innom ”Nørholmen” ein dag eller ei veke når han likevel skal ut å reise, aleine eller saman med andre. Hamsun har fleire ledige soverom, og nokon kan til og med få forfattarens eige rom, ”for jeg kan ogsaa ligge i en Seng jeg har hos Bøkerne”. Men Køhler må gje beskjed litt i førevegen ”saa den fete kalv kan være slagtet. […] Pokker saa fornøielig om du kom.”

 

Inkognito i Bergen

Då Hamsun kom til Bergen i februar 1925, ville han bu på Hotell Norge, men rommet var lite og dårleg og altfor dyrt, skriv han til kona Marie: ”Saa sa jeg til Køhler at det var ikke mig som var Rotschild.” Ettersom Køhler kjende hotelldirektøren, fekk han straks fiksa eit betre rom til ein pris Hamsun kunne godta. ”Og jeg fik et riktig utmerket Værelse hvor jeg nu bor. Jeg har Nr. 45, og jeg gaar under Navn av Dr. Hansen, som Køhler tok og gav op. Det er for at undgaa Bladhajerne.” Ifølgje Marie Hamsun i erindringsboka Regnbuen blei Dr. Hansen snart avslørt på si vandring rundt i byen. Hamsun likte også godt ”å sitte og prate med tykke, originale Køhler Olsen i ungkarsleiligheten hans”, i tredje etasje i Vaskerelven 8 over John Griegs boktrykkeri.

            Noko av det siste vi høyrer frå Hamsuns side er hans beundrande ord om ei flott dame han har møtt, men han er altfor gammal til slikt. Han er 72: ”Gid Fan hadde Alderdommen,” utbryt han: ”Men hun skal være min Hurie i Paradis.”

Breva frå Køhler skulle eg gjerne ha sett, men dei er visst borte. Det er tvilsamt om den vennskaplege tonen skulle vere einsidig. Kva svarer til dømes Køhler når Hamsun skriv: ”Kjære Køhler, du er en Tøvpotte…”

 

[Brevsitata er henta frå Knut Hamsuns brev ved Harald S. Næss.]