UiB : UB : Spesialsamlingene : Godbitarkivet
|
Månedens godbit for januar:Eit LærarbladAv Ragnar Kvamsås Første nummeret av Lærer-standens avis
kom ut 18. oktober 1871, i Risør.
Seminaristen heitte bladet den gongen, og
skulle kome ein gong for veka. Redaktøren var den 20 år
gamle Arne Garborg, som i 1870-71 var lærar i Søndeled.
Hausten 1871 sa han opp lærarposten, så han kunne få
ofre seg for det nye skulebladet sitt. Dei tre første nummera kom ut i Risør, men så
skifte bladet både namn og prentestad. Frå nå skulle
det heite "Lærerstandens avis". Det hadde vist
seg at mange lærarar mislika namnet
"Seminaristen". Ordet seminarist hadde av ymse
grunnar fått mindre god klang. Her måtte akademikarane
ta mykje av skulda meinte Garborg: "De har jo
skraalet og skreget aar ud og aar ind om seminaristisk
aands- umodenhed, halvdannelse, pedanteri, dumstoldhed
osv." Så hadde da lærarane begyndt at tvile om sig
selv og frygte for at skraalet havde ret." "Lærar-standens avis" var ikkje noko skuleblad i vanleg meining. Dei vi tidligare hadde hatt, hadde vore svært einsidige, gitt mest berre "turr skulemeistarlærdom" og referat frå lærarmøte. I Norsk Almueskoletidende" var det såleis "mest inkje annat enn skulemeistarlag heil vegen", skriv ein innsendar i "Lærar-standens avis". Garborg ville skape eit skuleblad som skulle gi allsidig orientering, og såleis "komme standens interesser nærmere end de tidligere skoleblade. "Sjølvsagt skulle viktige skulespørsmål bli drøfta, men læraren har ei ansvarsfull gjerning også utanom skulestova, skriv Garborg: "Han står mellem folket paa et stade, hvor han kan og skal være virksom til alle kanter. Folket har krav paa ham som vejleder og opplyser." Han må derfor orientere seg om spørsmål av mange og ulike slag, også slikt som litteratur, målsak og politikk. Litteraturen fekk serleg stor plass. Også landsmålslitteraturen kom med, og målsaka i det heile fekk ein god talsmann i "Lærer-standens avis". Garborg skreiv mange dikt og forteljingar i bladet, og lærarane blei oppmoda om å gi sitt tilskot slik og. "Dog - ikke for megen lyrik, ikke for mange vers! - Der skal godt humør til at fordøie dem." Dette programmet ble vel motteke av lærarane kring om i landet. Her var bladet dei trong om når dei skulle "følge Dagens Begivenheder, ikke blot paa Skolens Felt, men ogsaa paa Politikens og andre Felter," skriv ein lærar i nr. 1 for 1872. Det kunne vere vankeleg nok å finne ei høveleg avis, seier han. "Norsk Folkeblad" er i den senere Tid slaaet ind paa en Politik, som vistnok ikke finder Anklang hos alle lærere, da Kjævlerier vist altid maa ansees for usund Kost. "Almuevennen" er jo beregnet paa menigmand, og bygger som saadant vel lavt for Skolelærerstanden, der vel maa kunne fordøie en sterkere Kost." "Dagbladet" er for dyrt, skriv han for utførleg og einsidig politisk. "Det samme gjælder andre Dagblade, f.eks "Morgenbladet", der tillige oftere skal have et Indhold, der er mindre skikket til at løfte og forædle Læseren." Det var heller ikkje skort på tingarar som førde til
at "Lærars-standens avis" gjekk inn sommaren
1873. Men Garborg hadde blitt klår over at hans livskall
var eit anna enn å vere lærar, og så måtte han gi opp
arbeidet med "Lærar-standens avis" og. Men det
ville gle han mykje, seier han i siste nummeret, om nokon
annan ville ta opp og gjere røynd den tanken som hadde
skapt dette skulebladet.
(Artikkelen har tidligere stått på trykk i Bergens Tidende 5. mai 1962. Da i serien; Godbiter fra samlingene.) |
Sist oppdatert 19.03.01 av webmaster. Kommentarer til denne siden. |