Rapport om virksomheten i 1996

Det juridiske fakultetsbibliotek


3. Omtale av verksemda

A. Lokale

Ubbjur på Dragefjellet har etter to år i nye lokale vist seg å vere ein suksess. Vi har mangedobla besøk og utlån - utan å knekke heilt saman. Vi meiner dette mellom anna kjem av gode og oversiktlege lokale, at samlingane er oversiktleg stilt opp, at vi er fullautomatisert, at vi tar brukaropplæring alvorleg og at brukarane - særleg studentane - meir og meir ser verdien av aktiv bibliotekbruk og god bibliotekkunnskap for eigen del.
Vi har i 1996 opna European Documentation Centre på Høgteknologisentret (sjå punkt F).

Tilbake

B. Tenester, formidling, dokumentasjon

Etterspurnaden etter biblioteket sine tenester aukar kraftig. Dei siste fire åra før flyttinga, blei besøkstalet meir enn dobla frå 5.585 i 1991 til 12.808 i 1994. Også talet på lån (lån til fakultetet sine tilsette halde utanfor) blei dobla i same periode frå 9.210 til 18.723.
Etter flyttinga har tala gått rett opp. I 1995 hadde vi 71.622 besøk - fem-seks gonger så mykje som året før; i 1996 heile 90.473 - altså ein kraftig ny auke til ei sju-dobling samanlikna med 1994. Lån gjekk i 1995 opp til 45.907, i 1996 auka utlånet med snaut 10.000 til 55.209.
Vi har altså flytta til ein heilt ny kvardag. Det har gått tolleg bra, takka vere grunnar nemnde ovanfor under punkt A. Og ikkje minst takka vere ein stabil, entusiastisk og ansvarsfull stab - og eit godt miljø både lokalt på biblioteket og i høve til fakultet og studentar. Brukarane seier seg nøgde med våre samlingar, lokale og tenester - stimulerande positiv respons.
Talet på besøk har auka langt meir enn lån både i 1995 og 1996 (tom. 1994 var talet på lån høgare enn besøk, no er tilhøvet omvendt med talet på besøk i størst vekst). Dette er dagleg røynsle, noko som speglar særleg studentane, men også vitskapleg tilsette, sin langt meir aktive bruk av biblioteket, som ein stad å undersøkje og arbeide med biblioteket sitt materiale. Aktivitetsauken krev to tilsette fast i utlånet, mot tidligare ein. Referansetenestene aukar også kraftig. Vi får stadig fleire og tyngre referansespørsmål, også frå studentar og tilsette innan SV- og HF-faga.
Fast tilsette ved fakultetet kan etter særskild søknad få tilgang til biblioteket utanom opningstid, og låne bøker etter eigne reglar. Slike lån var det i 1996 (som tidligare år) særs få av.
Biblioteket har i 1996 utarbeidd informasjonsbrosjyrer - ma. i "Den gule serien", fire-siders brosjyrer som informerer om Ubbjur og tenester - og månedlege tilvekstlister (etter eit lite opphald på våren). Biblioteket har gitt ut "Juridiske kilder og tidsskrifter ved Det juridiske fakultetsbibliotek", informasjon for utanlandske brukarar og vidareutvikla sine web-sider. Fakultetsbibliotekaren har undervist nye studentar i praktisk rettskjeldelære og bibliotekbruk (vår og haust) og publisert bibliografiske arbeid (sjå punkt 4). Han har også undervist andre stader. Hovedbibliotekaren har undervist i Lovdata. Biblioteket gir støtt ad hoc opplæring i bibliotekbruk og kjeldesøk for brukarane. Revisjonarbeidet av "bergensk" versjon av L-katalogen og av fakultetsbibliografien har halde fram.
November opna fakultetsbiblioteket ei utstilling i samband med fakultetet si feiring av UiB sitt 50-årsjubileum. Utstillinga har fire emne, alle med lokalt tilsnitt og med utgangspunkt i dokument frå Ubbjur sine eigne samlingar: "1. Ludvig Holberg som jurist. - 2. Justismord; Hetlesaken og Lilandsaken. - 3. Juridiske doktoravhandlingar fra UiB. - 4. Strilekrigen i Bergen 1765". Utstillinga har fått stor og hyggeleg merksemd. Montrane vil bli brukt til andre utstillingar ved biblioteket i framtida.
Opningstida er som i 1995: kl. 09.00-18.00 mandag-fredag; redusert i feriane.

Tilbake

C. Personale

Totalt utførte vi 7,6 årsverk i 1996. Tidligare mellombels arbeidskraft - skrankevakt - er fom haustsemesteret fast tilsett etter endringar i arbeidsmiljøloven. Universitetsbibliotekaren hadde barselpermisjon dei åtte første månadene. Vi har frå 1. juli tilsett ein ny fast avdelingsbibliotekar ved EDCen (mellombels tilsetting første halvår). Utanom EDC har vi i 1996 redusert med 1,2 årsverk. Dette kjem mest av at miniregistreringsprosjektet er avslutta, men også av noko ekstrahjelp i samband med innflytting og etablering i nye lokale i 1995.
Vi har i 1996 hatt personalmøte annakvar månad. Fakultetsbibliotekaren har hatt medarbeidarsamtale med alle dei fast tilsette. Vi hadde i oktober/november HMS-møte og -runde med stor suksess. Dei fleste tiltaka blei gjennomførte alt i 1996.

Tilbake

D. Bøker, tidsskrift og katalogisering

Ubbjur tar inn all seriøs norsk jus og arbeider for solid dekning frå andre nordiske land, særleg Danmark og Sverige. Elles står anglo-amerikansk jus sentralt, forutan tysk jus og EU-jus. UBs løyvingar er ikkje tilstrekkelege til å halde ved like og byggje opp brukande samlingar. Derfor er løyvingane frå fakultetet heilt nødvendige. I 1996 passerte Ubbjur ein million kroner til bok-, tidsskrift- og innbindingsføremål. Endra kriterier for fordelinga av UB sine bokmiddel har ført til at vi får meir frå UB. Ubbjur fekk i 1996 frå "Tysk-norsk stipendprogram - Ruhrgas-stipend" etter søknad, kr 40.000 til kjøp av tyskspråkleg Europa-rettsleg litteratur. Løyvinga er ikkje disponert, vi arbeider med saka.
Biblioteket har gjennom Bibliotekutvalet eit framifrå samarbeide med fakultetet. Ved sirkulering av prospekt ol. mellom tilsette ved fakultetet, får biblioteket nødvendig fagleg støtte og oppfølging ved nyinnkjøp. Bibliotekutvalet har hatt to møte1) i 1996.
Boksamlinga ved Ubbjur er på omlag 75.000 bind; 53.000 står ope, 22.000 i lukka magasin. I tillegg kjem samlinga ved EDC (sjå punkt F). Tilveksten var på omlag 2.500 bind. Uaktuell litteratur er magasinert, anna kassert. Ei rekke uaktuelle juridiske seriar ved hovedUB er i 1996 sende til Nasjonalbibliotekavdelinga i Rana etter tiltak frå oss. Kjelde- og tidsskriftsamlinga er ommerka og katalogisert. Nær alle abonnementa er overførte til UBs Tilvekstavdeling; det vil frigjere arbeidskraft ved Ubbjur. Godt samarbeid mellom Ubbjur og Tilvekstavdelinga har gjort dette mogleg.
Katalogiseringa går greitt. Vi har auka radikalt antall katalogiserte dokument, men ingen store restansar ved årsskiftet. Frå 1997 tar Lønningen over hovedansvaret for dette, slik at Ruud får noko meir tid til andre nødvendige oppgåver.

Tilbake

E. Utstyr og EDB

Ubbjur har i 1996 blitt tilført noko edb-utstyr frå UB - i tillegg til nytt utstyr frå fakultetet. Utan hjelp frå fakultetet sine edb-konsulentar, og utan stor innsats frå hovedbibliotekaren si side (som har brukt svært mykje av si arbeidstid på edb-spørsmål), hadde arbeiet tidvis gått i stå.
UB si edb-avdeling har ytt større innsats i 1996 enn tidlegare.

Tilbake

F. European Documentation Centre (EDC)

Ubbjur fekk i 1995 det faglege og administrative ansvaret for drifta av det nyetablerte European Documentation Centre. Opninga 18. april 1996 skjedde med brask og bram. Glasser arbeidde som bibliotekar i halv stilling på vegne av Fylkesbiblioteket - som ledd i eit samarbeidsprosjekt mellom UiB og Hordaland fylke - ut juni. 1. juli blei ho tilsett i fast stilling som avdelingsbibliotekar ved UB, knytt til EDC. Fosnes arbeidde som konsulent ut juni, Einen tok over for Fylkesbiblioteket i september. Etableringa av EDC fører til at vi kan gi eit langt betre tilbod av tenester når det gjeld EU-dokument enn tidligare. Det nye senteret har teke i mot omlag 200 spørsmål om informasjon etter opninga. Spørsmåla har delt seg likeleg mellom forskarar og studentar frå dei juridiske og samfunnsvitskapelege fakulteta og frå EIC (Europeisk Informasjonssenter, Hordaland fylke). Spørsmåla via EIC kjem for det meste frå næringslivet i fylket. Elles har det vore førespurnader frå institusjonar som Christian Michelsens institutt og NHH, og frå einskilde personar og bedrifter. Spørsmåla kan vere omfattande, det kan ta tid å finne fram til stoffet. Ein god del av arbeidet har vore å leite fram og hente inn informasjon via datanettet.
Opningstida har vore kl. 10.00-14.00 måndag til fredag.
EDC har teke imot dokument frå EU frå sommaren 1995. Mykje tid har gått med til katalogisering og klassifikasjon. Vi er i dag ajour, med unnatak av tidsskrifta. Her er arbeidet i god gjenge, 2/3 av omlag 160 periodika er katalogisert. Utanom desse har EDC teke i bruk omlag 37 hyllemeter. Reknar ein 50 bøker pr. hyllemeter (dokumenta er ofte tynne), er boksamlinga på 1.815 band. Inkludert årgangar av tidsskrifta er samlinga totalt på omlag 2.000 band.
30.-31. mai arrangerte EDC saman med Fylkesbiblioteket eit EDC-seminar med elleve deltakarar i Høgteknologisenteret (HIB). 18. juni var det orientering om EDC for omlag tolv bibliotekarar frå Høgskolen i Bergen. 25. september heldt NFF møte på HIB. Orientering om EDC blei gitt til omlag 30 deltakarar. Det er laga to brosjyrar om EDC på engelsk og på norsk.
EDC er plassert ved HIB, men vi arbeider med å flytte det til Dragefjellet - noko som har fått støtte både frå styret for Det juridiske fakultet og frå rådet for Universitetsbiblioteket. Plasseringa i dag fører til lite rasjonell bruk av personale og til dobbeltinnkjøp av litteratur og utstyr.

Tilbake


Fotnoter

  1. Tidligare har Bibliotekutvalet hatt fire møte årleg, men grunna større delegering til fakultetsbiblioteket og i løpende samråd med utvalet sin leiar, har møtefrekvensen blitt redusert.
    Tilbake til D. Bøker, tidsskrift og katalogisering


Tilrettelagt av Finn.Solemdal@ub.uib.no - 8. mai 1997